Ola (22) vil bu heile studieåret i ei gamme

Studenten frå Larvik har valt ein bupæl utanom det vanlege når han studerer friluftsliv i Volda.

I skogen 200 meter over Volda har Ola Hellenes med god hjelp frå vener og familie sett opp ei gamme. Ein grunneigar i området syntest det var flott at han ville prøve dette og lånte han plass.

- Eg vart kjend med gammer då eg gjekk på Øytun folkehøgskole i Finnmark, fortel Hellenes.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sjå video frå gamma i videovindauget til høgre for artikkelteksten.

Ideen om å bu i ei slik over lenger tid, fekk han under eit opphald i Kenya. Der var han medan han gjekk på Hald Internasjonale Senter i Mandal.

- Det er gøy å sjå kor lite vi eigentleg treng. I Kenya oppdaga eg at nokre av tinga vi trur vi har behov for eller tek som sjølvsagde, kan vere overflødige, seier Ola.

I papirutgåva av Dagen torsdag kan du lese heile reportasjen frå gamma.

Er du ikkje abonnent? Kjøp enkeltutgåver av Dagen på BuyAndRead!

Les også
Ragnhilds store steg i tro