Barack Obama er den tolvte presidenten på rad som har møtt Billy Graham, men den første som har gjort det i heimen til verdsevangelisten.

Obama møtte Billy Graham

Barack Obama er den tolvte presidenten på rad som har møtt Billy Graham, men den første som har gjort det i heimen til verdsevangelisten.

«Alle presidentane trengde bøna. Men dei ville også ha biletet,» skriv Time Magazine. Det vart tid til både forbøn og fotografering då Obama og Graham (91) møttest i det særprega huset som ligg på ein fjelltopp i Montreat, Nord-Carolina. Det er sett saman av restar av tømmerhytter som kona Ruth berga for 50 år sidan. Ekteparet budde der saman til ho gjekk bort i 2007.Hjarteleg tone Forholdet til konene var eitt av emna Obama og Graham hadde oppe då dei samtalte ein god halvtime over ein kaffikopp. Grahams son Franklin var også til stades. Presidenten og veteranevangelisten snakka om si felles interesse for golf og om erfaringar frå Chicago, som har vore ein viktig by for begge. Graham studerte ved Weaton College og har hatt fleire store evangeliseringskampanjar i denne byen. Obama begynte karrieren som advokat og politikar der. - Samtalen var svært hjarteleg og svært hyggeleg, seier Franklin Graham til nyheitsbyrået AP. Obama var på si side «ekstraordinært takknemleg for at han tok tid til å møte han», ifølgje ein talsmann for Det kvite huset. Krevjande og einsam Som tidlegare presidentar fortalde Obama til Graham om kor einsam, krevjande og audmjukande jobben kan vere.  - Den einaste måten ein kan gjere jobben skikkeleg, er å trekke å bruke åndelege ressursar, seier ein talsmann for Billy Graham. Verdsevangelisten overrekte to biblar til Obama, ein til presidenten sjølv og ein til presidentfrua. Seansen vart avslutta med at dei bad for kvarandre, først Obama for Graham. Franklin Graham opplyser at faren bad for nasjonen og om at Gud må gi visdom til Obama i avgjerdene han må ta. Presidenten takka Gud for livet til Billy Graham. Lang tradisjon Billy Grahams relasjon til amerikanske presidentar begynte allereie medan Harry S. Truman var president, rett etter krigen. Truman var den første som bad med Graham på Det ovale kontoret, men forholdet skar seg då han hissa seg opp over ei avisframside neste dag der Graham var fotografert knelande på plenen framfor Det kvite huset. Det skulle ta mange år før vegane deira kryssa kvarandre igjen.  Etter dette vart Graham mykje meir diskret rundt møta i presidentkontoret, og posisjonen hans vart stadig sterkare. Dwight Eisenhower vurderte å bruke han som taleskribent og katolikken John F. Kennedy vart fotografert medan han spelte golf med Graham. Lyndon B. Johnson forlenga eit møte med Graham som skulle vare eit kvarter til å vare i timesvis, og Graham budde i Det kvite huset i overgangen mellom Johnsons og Richard Nixons styre. Også Gerald Ford spelte golf med Graham, og evangelisten besøkte Jimmy Carter då han var president. Ronald Reagan hadde eit venskap med Graham som varte i over 50 år. Familien til George W. H. Bush reiste meir enn eit halvt dusin gonger på ferie med familien Graham, og sonen George W. Bush har sagt at Graham hadde ei viktig rolle då han vart omvend som 40-åring. Hillary og Bill Clinton brukte Graham som rådgjevar etter Monica Lewinsky-skandalen. @Kreditering:DM