POPPRØR: å grunn av dramatisk vekst i matvareprisane har det vore opprør fleire stader i verda den siste tida.

Mat i magen – avfall på tanken

Klimaproblemet og fattigdomsproblemet heng nøye saman. Me må ikkje stilla oss slik at satsing på det eine går ut over det andre.

Mengda mais som skal til for å fylle ein SUV-tank med biodrivstoff kan fø ein person i eit år. Amerikanske biler forbrenn no nok mais til å dekka heile importbehovet til dei 82 fattige landa som FNs matvareprogram seier er truga av matmangel. Dette går ikkje. Mat skal på tallerkenen, ikkje på tanken.

Det har vore matopprør fleire stader i verda den siste tida. Årsaka er ein dramatisk vekst i matvareprisane. Den positive utviklinga me har sett dei seinare åra med reduksjon i talet på absolutt fattige i verda er i ferd med å snu. Verdsbanken opplyser at auka matprisar kan senda 100 millionar menneskje ut i absolutt fattigdom. Andre må ta borna ut av skulen for at familien skal klara seg. For dei mest sårbare kan dette innebera svolt og død.

Bølga av auka matprisar kan samanliknast med «ein stille tsunami». FN, Verdsbanken, OECD og Oxfam er alle einige om at noko må gjerast. Prisauken har mange årsaker: Økonomisk framgang i land som Kina og India, høge oljeprisar og dermed auka transpostkostnadar, dårlige avlingar på grunn av klimaendringar, liten produksjon i mange utviklingsland og historisk låge kornlager. Men noko av skulda ligg også på auka biodrivstoffsatsing.

Noreg har eit særlig ansvar for å medverka til å løysa den globale matkrisa. Me tener store pengar på ein av dei sterkaste drivarane bak matkrisa, nemlig dei auka oljeprisane. Yara sitt rekordresultat viser at me tener godt på auka gjødselprisar til bønder i fattige land. Samstundes planlegg me stor import av biodrivstoff gjennom innføring av et omsetningspåbod. Påbodet er tenkt sett i verk i 2008.

I klimaforliket vart me einige om at arbeidet med biodrivstoff skulle vurderast på bakgrunn av høyringa knytta til den planlagde innføring av omsetningspåbod for biodrivstoff.

Vidare var det enighet om at bærekraftig produksjon og import skulle vera ein føresetnad for innfasing av biodrivstoff, og at Noreg skulle øva påtrykk internasjonalt for å få på plass ordningar som kan sikra dette. Desse føresetnadene er dessverre ikkje tilstades i dag. Satsing på biodrivstoff må sjåast saman med med målsetningar på andre politikkområde.

Eit norsk omsetningspåbod vil i dag berre kunne realiserast ved hjelp av storstilt import av biodrivstoff framstilt av mellom anna soya, raps, mais, sukker eller palmeolje. Noko av dette biodrivstoffet fortrenger annen matproduksjon, og har i tillegg liten klimaeffekt. KrF meiner at me må etablera ei pålitelig sertifiserings- og rapporterings ordning. Når det er på plass kan me innføra omsetningspåbodet.

Me må sikra at biodrivstoff som vert omsett i Noreg har dokumentert klimanytte, at det ikkje gjev tap av biologisk mangfald, ikkje gjev auka matvareprisar, og ikkje fører til tap av regnskog, våtmarksområde eller verna område. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim uttrykte noko av den same holdninga i ein debatt om biodrivstoff i Stortinget nyleg.

KrF meiner at det går an å ha to tankar i hovudet samstundes: Det finnst bærekraftig og ikkje-bærekraftig biodrivstoff.

Regjeringa må no satsa maksimalt på oppfølging av ein annan del av klimaforliket, nemlig auka forsking og utvikling på andregenerasjon biodrivstoff, basert på matavfall og skogsavfall. Potensialet for dette er stort i Noreg. Utnytting av matavfall til biodrivstoff vil aleine kunne forsyna Noreg med 5 prosent av årlig forbruk av drivstoff til vegtrafikk.

KrF meiner regjeringa må ta initiativ til ein «New Deal» for dei som nå er truga av underernæring og fattigdom. Det må settast av vesentlig meir ressursar til å styrka matvaretryggleiken. Noreg må også ta initiativ til å reformera FNs matvareprogram. Landbruksbistanden til fattige land må aukast, og biodrivstoffpolitikken må vera bærekraftig.

Ingebrigt S Sørfonn (KrF)

Stortingsrepresentant