Kvitsund vil skifte ut omdiskutert hefte

Rektor ved Kvitsund Gymnas varslar at ein vil finne «anna egna materiale» til etikkundervisninga enn heftet som har utløyst heftig debatt.

Tys­dag føre­mid­dag gjekk rek­tor Tor­leif Belck- Olsen ut med ei presse­mel­ding om etikk­un­der­vis­nin­ga ved Kvit­sund Gym­nas.

- Kvit­sund Gym­nas er ein kris­ten fri­sku­le som har god­kjend al­ter­na­tiv un­der­vis­ning i kris­ten­dom. Det bør vere ei sjølv­føl­gje at vi kan stå for klas­sisk kris­ten etikk utan å bli truga med å miste stats­støt­ta, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

AUF-leiar Es­kild Pe­der­sen tok til orde for å kutte of­fent­leg fi­nan­sie­ring av sku­lar som Kvit­sund etter at det fre­dag vart kjent at ein elev hadde klaga sku­len inn for Fyl­kes­man­nen i Tele­mark. Også kunn­skaps­mi­nis­ter Kris­tin Halv­or­sen (SV) har rasla med sab­la­ne. Ele­ven hevda ein vart un­der­vist at abort er mord, også ved vald­tekt, og at ho­mo­fi­li kjem av ein skade i to-tre-års­al­de­ren.

LES OGSÅ: Sav­ner ny­an­ser om ho­mo­ut­vik­ling

Ulike teori­ar

Merk­sem­da har sær­leg gått på eit hefte som er ut­ar­beidd av Ei­vind Gjer­de, teo­log og til­sett som lek­tor ved Kvit­sund Gym­nas.

Dagen har fått til­gang til hef­tet, som om­hand­lar ei rek­kje etis­ke emne og er på 54 sider, og pre­sen­ter­te dei om­dis­ku­ter­te av­snit­ta i tys­dags­avi­sa.

- Når det gjeld spørs­må­let om ho­mo­filt sam­liv, held Kvit­sund fast ved at ramma for det sek­su­el­le sam­li­vet er ek­te­ska­pet mel­lom mann og kvin­ne. Vi vil også halde fram at eit lite fos­ter har men­neske­verd og rett til liv. Det er ikkje slik at Kvit­sund lærer ele­va­ne noko spe­si­elt om kva som er år­sa­ka til ein ho­mo­fil leg­ning. I hef­tet som blir nemnd i bre­vet vert det der­imot pre­sen­tert ulike teori­ar om dette, seier rek­tor Belck-Olsen.

Trek­kjer hef­tet

Ved Kvit­sund er faget kris­ten­dom eit pro­gram­fag med fem veke­ti­mar over to år. Faget har ein lære­plan som er god­kjend av Un­der­vis­nings­di­rek­to­ra­tet.

- I ti­ma­ne vil ele­va­ne møta ei til­rette­leg­ging som byg­gjer på ved­tek­te­ne og klas­sisk bi­belsk kris­ten­dom, slik som trua har vore og vert ved­kjent av den verds­vi­de kyr­kja. Det leg­gjast opp til sam­ta­le og dis­ku­sjon med ele­va­ne, og det er vik­tig for oss å møte inn­ven­din­gar på ein re­spekt­full måte, seier Belck-Olsen.

Han lovar å svare på Ut­dan­nings­di­rek­to­ra­tets brev med spørs­mål om det om­dis­ku­ter­te hef­tet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Hef­tet er ikkje på bok­lis­ta i kris­ten­dom, men har vorte nytta av læ­ra­ren då det ikkje fin­nest god­kjend lære­verk i faget. Kvit­sund vil difor finne anna egna ma­te­ria­le, seier Belck-Olsen.

(Dagen)

Les også
Savner nyanser om homoutviklingKvitsund-saken
Les også
LEDER:
Les også
Savner nyanser om homoutviklingKvitsund-saken
Les også
LEDER: