Kristenhumorist fryktar islam

Rogalands kjende visesongar og kristenhumorist rykker ut med sterke åtvaringar mot «systemet islam» og fryktar motreaksjonar frå «ytterste høgre.»

To­rolf Nord­bø er van med å få folk til å le, men denne gon­gen er det ikkje så mange som dreg på smile­ban­det av bod­ska­pen hans.

- Nei, eg ang­rar ikkje, sjølv om eg kom litt skeivt ut på min nye iPad. Eg skreiv først «mus­lim-frykt» i sta­den for «islam-frykt.» Eg fryk­tar ikkje mus­li­mar, men eg har ikkje tenkt å teia om den fryk­ta eg har for at islamsk un­der­tryk­king også skal få fot­fes­te på våre kan­tar, seier Nord­bø til Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Søn­dag skreiv han på Face­bo­ok:

«Til dei som lurer på om eg har islam-angst: Eg har ikkje islam-angst, eg har islam-frykt. Ikkje for en­kel­te mus­li­mar, dei kjen­ner eg mange av, dei fles­te er tri­ve­le­ge men­nes­ke.

Men eg ser kva slags sam­funn sys­te­met islam lagar i dei aller fles­te land. Eit sys­tem der først og fremst krist­ne blir for­følg­de, un­der­tryk­te og drep­ne.

Dette skjer også med dei få in­tel­lek­tu­el­le, andre re­li­gio­nar og kvin­ner som står opp og kjem­par for sin sjølv­sag­te rett til like­verd og like­stil­ling.

Mob­bing, tra­kas­se­ring av folk med litt anna syn på ting, spe­si­elt kvin­ner er også ein ho­ved­re­gel i dei mus­lims­ke mil­jøa i Norge.

Dette lærer kul­tur­re­la­ti­vis­ta­ne på lære­sta­de­ne våre oss at me ikkje skal snak­ke om. Vi skal leve i ei drøyme­verd, heilt til snil­lis­men har gått så langt at vi får ein uhyg­ge­leg mot­re­ak­sjon frå yt­ters­te høgre med vold, ra­sis­tisk grums og to­ta­li­tæ­re po­li­tis­ke løy­sin­gar

Ang­rar ikkje

Der­et­ter hagla det inn hundre­vis av «likes» og kom­men­ta­rar. Mange var glade for at kjen­di­sen tok bladet frå mun­nen, medan andre mein­te han lefla med får­le­ge kref­ter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Seks timar sei­na­re opp­sum­mer­te Nord­bø at han ab­so­lutt ikkje er ra­sist sjølv om han «mei­ner at store delar av islam er un­der­tryk­kjan­de.»

Til Dagen seier Nord­bø at han ikkje ang­rar på ut­spe­let.

- Eg hadde fått iPad, og der­for blei det litt kluss til å byrja med. Det var litt pin­leg at eg skreiv «mus­lim-frykt» og ikkje «islam-frykt». Eg fekk retta det og står sjølv­sagt inne for åt­va­rin­ga­ne mot islam.

- Kva tyk­kjer du om re­ak­sjo­na­ne på Face­bo­ok-veg­gen din?

- Dei fles­te er vener, så dette går bra. Men eg mer­ker meg at ingen har svart på det eg skriv om for­føl­gjing av krist­ne og kvinne­un­der­tryk­king i mus­lims­ke land.

Lov­løy­se

To­rolf Nord­bø rek­nar seg som ein verdi­kon­se­va­tiv KrF-ar, til­høy­rer venstre­sida i par­ti­et i for­de­ling- og u-lands­po­li­tik­ken. Han vil ha ei dob­ling eller tre­dob­ling av u-hjelps­bud­sjet­tet, sym­pa­ti­se­rer med LO, er sterk til­hen­gjar av vel­ferds­ssta­ten og ihuga mot­stan­dar av so­si­al dum­ping. Som inn­bitt EU-mot­stan­dar og EØS-mot­stan­dar er han kri­tisk til Schen­gen-av­ta­len, «som har opna gren­se­ne for om­fat­tan­de lov­løy­se også på våre kan­tar.»

Ytste høgre

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nord­bø sier norsk inn­vand­rings­po­li­tikk er i ferd med å gå av hengs­le­ne.

- Vi må senda ut flei­re tusen iden­ti­tets­lau­se. Det er ikkje vår jobb å ta inn øko­no­mis­ke flyk­tin­gar. Dei fles­te asyl­sø­ka­rar er øko­no­mis­ke flykt­nin­gar. Dei skal me hjel­pa i landa dei kjem frå. Vår jobb er å hjel­pa og ta imot po­li­tis­ke og re­li­giø­se flykt­nin­gar - sær­leg dei som har kon­ver­tert til kris­ten­dom.

- Kva har dette med islam-frykt å gjera?

- Av dei anti-de­mo­kra­tis­ke og to­ta­li­tæ­re straum­dra­ga er den islams­ke straum­dra­ga dei ster­kas­te. Dei islams­ke landa er dei minst un­der­tryk­kan­de landa i verda i dag.

- På sikt er eg redd for at islamsk tanke­gods re­pre­sen­te­rer ein fåre for norsk retts­med­vit og de­mo­kra­ti. Og dem­mer me ikkje opp for desse straum­dra­ga, kjem me til å få ein gru­som mot­re­ak­sjon på yt­ters­te høgre fløy med na­sjo­na­lis­me og ra­sis­me. Dette ser me ty­de­le­ge tenden­sar til i Sve­ri­ge, Dan­mark og andre euro­pe­is­ke land. His­to­ria har vist at dette fort blir re­sul­ta­tet når snil­lis­men blir for stor, seier To­rolf Nord­bø.

DAGEN

Torolf Nordbø

Torolf Nordbø (57) er oppvaksen på Finnøy, busett i Stavanger og kjend under artistnamn som «Han Innante» og Brakkvald Tolvstøkkje fra Indre Erfjord.

Har turnert med flere revyar og gitt ut cd-ar og to dvd-ar. På 80-tallet var han frontfigur i den kristne rockegruppa Notlaget.

I 2003 fikk «Han Innante» humorprisen i Rogaland. To år seinare fekk han målprisen av Rogaland Mållag.

Har gitt ut fleire bøker, den siste ei handbok om sunt bondevett og CD-en Spor av år.

Aktuell med møte i Verdiforum Stavanger onsdag i neste veke og med fem forestillingar med «Misjonæren og hedningen» saman med Per Inge Torkildsen i Sandnes i mars. Humor med underliggande alvor om livssyn.

Også aktuell i TV2 og NRK1 denne våren.

Les også
Fri debatt i Dagen