KrF-ar vegrar seg mot kors

Innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) møter motbør fordi ho nyttar eit stort, godt synleg korssmykke i valkampen. Tidlegare KrF-ordførar Trude Brosvik vil tenkje seg nøye om før ho gjer det same.

Brosvik har stor age forkrossen. Difor vil ho ikkje utan vidare bere den – slikSylvi Listhaug (Frp) gjer i møte med velgjarane.

Krass kritikk

Den tidlegare Stavanger Aftenblad-redaktørenSven Egil Omdal skreiv nyleg om korsbruken til Listhaug på Facebook-side si. Han slo fast at smykkebruken hennar var lekk i ein plan for å trekke til seg kristne velgjarar – mellom anna i skarp konkurranse med KrF.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Påstår jeg at hun bruker korset som en politisk rekvisitt for å fri til den underlige gruppen som tror at fremmedfrykt er en kristelig dyd? Ja, det er i grunnen det jeg gjør.», skriv Omdal mellom anna.

VG har slått fast at Listhaug i fleire år har gått med kors i halsgropa og på bringa, men det har ikkje fått Omdal til å endre meining. Han skriv vidare: «Dessuten skaper korset et inntrykk av at den menneskefiendtlige retorikken hennes kan begrunnes i kristen tenkning» – med tanke på korleis Listhaug ordla seg på Oslo Symposium i helga.

«Hennes politikk er ekskluderende og hard, og korset er et politisk signal «in your face!», skriv Omdal, som likevel har teke sjølvkritkk på noko av metoden han nytta i freistnaden på å underbygge påstanden.

 

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.

Til hjelp

Trude Brosvik kommenterte under Omdal sitt innlegg om korleis ho ser på saka. Ho er meir dempa i ordbruken enn Omdal, men seier til Dagen at ho er blitt meir varsam med å nytte korset som smykke fordi Listhaug etter hennar meining så tydeleg koplar saman kristen tru og kontroversielle politiske standpunkt.

– Eg likar å gå med kors, og eg har gjort det sjølv, særleg i periodar der eg har hatt det skikkeleg tøft. Eg gjorde det også medan eg var ordførar. Det var som ei hjelp til meg sjølv, så eg kan forstå at andre også gjer det. Men når ein brukar korset som ei politisk markering og til stemmefiske, slik ein kan mistenke at nokre gjer, tek det vekkmitt frimot til å bruke det, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Brosvik tenkjer på sin eigen integritet og korleis korset vert oppfatta av andre i politisk samanheng.

– Korset er viktig for meg, men det blir litt tilsøla om du brukar det for å lokke folk til stemme på deg. Eg er spesielt øm på dette sidan eg er i KrF som er så tydeleg i namnevalget sitt. Dette kan skremme folk, og vi er eit parti med ein heilskapleg politikk bygd på kristne verdiar, ikkje ei kristen sekt.

– Meiner du Listhaug nyttar korset eintydig taktisk?

– Det er ikkje gitt meg å granske andre sine motiv, men eg klarar ikkje å fri meg frå å tenkje at det er ein litt taktisk bruk av korset. Folk må vere frie til å gå med dei smykka dei vil, men det må vere samsvar mellom dei orda som kjem ut av munnen og det vi legg i å bere eit korssmykke. Særleg må offentlege personar tenkje på det. I Listhaug sitt tilfelle synes eg det blir litt vanskeleg, seier Brosvik som meiner statsråden har kome med «ein del harde utsegner», særleg retta mot flyktningar.

– Det handlar også om å sette eit veldig skille mellom «dei og oss». Det er eit slag gruppetenkning som ikkje høyrer heime i kristen tru. Det kolliderer for meg, seier Brosvik.

Varsam

Ho ser ikkje fram til å lese store avisoverskrifter om at ho legg vekk korset fordi Listhaug nyttar det – og ho legg heller ikke korset vekk.

– Men eg blir litt meir varsam med korleis bruken av korset kan bli oppfatta. Korset er viktig for meg, og korset og Jesus er viktigare og større enn ei politisk markering. Eg har ikkje lyst til at mitt politiske syn skal legge beslag på korset eller gjere det vanskelegare for dei med andre politiske meiningar enn meg å finne fram til Jesus. Då kan eit korssmykke bli eit stengsel. Skal ein bruke korset i politikken, skal ein vere svært forsiktig. For Jesus er større enn dei politiske partia, understrekar Brosvik.

Innvandringsminister Listhaug har akkurat gått ut i svangerskapspermisjon og ønskjer ikkje å kommentere saken.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den politisjke rådgjevaren hennar,Espen Teigen, kommenterer imidlertid som selvoppnevnt «korspolitisk talsmann». I ein e-poset til Dagen skriv han:

«Om Brosvik eller andre vil bruke kors eller ikke, spiller for meg ingen rolle. Vi har ikke tenkt å ta del i smykkepolitiet. Grunnen til at Listhaug bruker korset, er at hun arvet det fra sin farmor, et kors som nå er nesten 100 år gammelt. Listhaug bruker det når det er ekstra tøft. At Omdal eller andre som nå er blitt totalt diskreditert, skal mene noe som helst om når og hvorfor noen bruker et kors, virker mest for meg som at man sliter med å finne verdifull tidtrøyte, sier han og uttrykker glede over KrF-leder Knut Arild Hareides støtte til Listhaugs korsbruk.»