SKREIV RESOLUSJON: Ingvald Austrått Kristensen (15) frå Odda skal sjølv på kristen internatskule til hausten.

Ingvald (15) stiller på KrF-årsmøte med egen resolusjon

Fredag reiser ungdomsskuleeleven Ingvald Austrått Kristensen (15) til fylkesårsmøte i KrF med forslag til ein resolusjon i bagen. Han er opprådd over at vidaregåande skular med internat har fått millionrekning frå skatteetaten.

Millionrekninga råkar einskilde kristne friskular hardt.

«Elevane ved internatskulane må komma til å betala mykje meir for å gå der og ikkje minst bu der. Dette vil føre til eit lite klasseskilje mellom dei foreldra som har råd til å betala skulane for elevane sine og dei som ikkje har råd til det», heiter det i forslaget til resolusjon 15-åringen har skrive og som er sendt inn av Odda KrF.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Partilaget i industristaden Odda er nystarta.

– Eg skreiv resolusjonen fordi det er ei sak eg meiner det er viktig å ta opp og saka er relevant no, seier Kristensen til Dagen torsdag, rett etter at han er ferdig med norsktentamen i 10. klasse på ungdomsskulen.

Les også: Foreldrenes lommebok skal ikke avgjøre

Til internatskule

Til hausten blir han sjølv å finne på ein kristen vidaregåande skule med internat, truleg på Framnes vidaregåande skule i Norheimsund i Hardanger.

KrF har prioritert internatsaka og finanspolitisk talsperson Hans Olav Syversen uttalte til Dagen i februar at han har tru på ei løysing i revidert nasjonalbudsjett.

– Kvifor vil du engasjere deg i saka når det er grunn til å tru at ho likevel blir løyst?

– Eg vil leggje eit ekstra trykk på saka for å vise Frp at dette er noko KrF verkeleg vil, seier Kristensen.

– Korleis vart du med i KrF?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg reiste på mitt første UL, og der var KrF på stand. Eg vart heilt riven med. No sit eg i styret i Odda KrF, seier Kristensen. UL er Misjonssambandets store ungdomstreff.

Til val om nokre år

– Hadde ikkje Odda KrF trengt deg i Odda framfor at du skal reise på ein kristen internatskule?

– Eg har tenkt å stille til val her i Odda når eg vert gamal nok. Då er eg også ferdig på vidaregåande, seier Kristensen.

KrF Hordaland har fylkesårsmøte i Bergen fredag og laurdag. Ei rekkje resolusjonsforslag er sendt inn om samferdsle, skulepolitikk, kasting av mat, lokalsjukehus og skifte av juridisk kjønn. Partileiar og stortingsrepresentant frå Hordaland, Knut Arild Hareide, skal tale.

Engasjér deg!

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: Engasjér deg!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Følg gjerne Dagen på Facebook

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

UKENTLIG NYHETSBREV: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!


Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Dagen er Norges eldste kristne dagsavis. På papir siden 1919. Vi gir ut avis seks dager i uken og har abonnenter over hele landet. Vi har også en eavis som kan leses hvor som helst - og når som helst.

DEBATT: dagensdebatt.no kan du selv skrive egne innlegg og publisere dem direkte på nett. Og kanskje bruker vi også innlegget ditt i avisen Dagen.

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

ANDAKT: Følg gjerne vår andakts- og inspirasjonsside

MENIGHET: Les vår faste spalte Menighetsdoktoren

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

TWITTER: Dagen og DagensDebatt

Les også
Internatelever ber Siv Jensen på intimkonsert
Les også
Borgerlig sykehusplan uten KrFEngasjér deg!
Les også
«Hvis alle foreldre hadde sagt nei...»
Les også
Her er KrF og Venstres krav til de blå-blåEngasjér deg!
Les også
KrF ved et veiskille