GUNSTIG: Hordaland KrF får truleg ikkje to på tinget, men sentralstyremedlem Karl Johan Hallaråker gler seg over at partiet har fått ein «gunstig posisjon». (Foto: Astrid Dalehaug Norheim)

Hordaland KrF vil ikkje ha fireparti-regjering

- Det er betre med ein forpliktande avtale med Høgre og Framstegspartiet enn firepartiregjering, seier Pål Kårbø, fylkesleiar i Hordaland KrF.

Kårbø er kjent for å vere mellom dei meir positive i KrF til eit regjeringssamarbeid med Framstegspartiet, men før klokka 23 måndag kveld var han atterhalden med ville gå i regjering med partiet.

- Då er det betre med ein forpliktande avtale med Høgre og Frp der vi kan støtte dei sakene vi vil, eller ei rein Høgre-regjering, seier Kårbø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han er klar på at KrF må halde saman med Venstre og ikkje gå åleine med Høgre og Frp i ei regjering, sjølv om dei tre partia kan få fleirtal saman.

- Då vert vi lillebror, seier Kårbø.

Landsstyret skal ha telefonmøte tysdag føremiddag.

Held korta tett

Sentralstyremedlem Karl Johan Hallaråker var allereie måndag kveld i telefonmøte med styret.

Eg er veldig nødt med å få eit skifte der ein vert avhengig av sentrum og med KrF som det største sentrumspartiet, seier han i det Venstre har ni mandat og KrF ti mandat inne.

Han tolkar det som eit klart signal om at veljarane vil ha KrF-verdiar når partiet går fram og Frp går tilbake samanlikna med for fire år sidan.

- Vi har fått ein gunstig posisjon, seier han.

Kva råd vil du gje sentralstyret?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg gjev råda direkte til styret, smiler han.

Ikkje to på tinget

Hordaland KrF gjekk til val med slagordet «To på tinget».

Andrekandidat Astrid Aarhus Byrknes vippa inn på Stortinget som utjamningsmandat på einskilde prognosar utover kvelden til stor jubel på valvaka til fylkespartiet i bedehuset Betlehem i Bergen sentrum.

Men samtidig vart det snakka mellom borda om at det er mest sannsynleg at kun listetopp Knut Arild Hareide kjem inn frå fylket.

Det blir stor jubel inne i salen når Frp-leiar Siv Jensen går på talarstolen og seier «Morn´a Jens».

Dommar

Filip Rygg er byråd i Bergen og tredjekandidat på stortingslista. Han har hyppig vorte nemnt som mogeleg statssekretær i ei ny regjering med KrF.

Han er begeistra over at tida i opposisjon med fleirtalsregjering er over.

- Vi har ikkje site på sidelinja i åtte år, men på tribuna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- No luktar du regjering?

- Enten det, eller så ein sentral posisjon som dommar. Uansett vil Knut Arild få ein sentral person, seier Rygg.

Dagen

Les også
- En seier for KrF, en seier for Norge