Held dødshjelp-ja for seg sjølv

Dei fremste eutanasi-tilhengjarane er tause når Olaug Bollestad (KrF) i dag inviterer til aktiv dødshjelp-debatt i Stortinget.

Tidlegare Unge Venstre-leiar, Sveinung Rotevatn (V), er personleg for å innføre både eutanasi og legeassistert sjølvmord.

- Det har å gjere med synet mitt på individets sjølvråderett og eigen kropp. Eg meiner at vi burde kunne gi folk som går inn i terminalfasen den tryggleiken det er å ha kontroll over avslutninga av eige liv, seier Rotevatn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men som stortingspolitikar står han på Venstres program, som ikkje går inn for aktiv dødshjelp. Derfor vil han heller ikkje ta ordet når saka blir teke opp i Stortinget i dag.

- Det er veldig fint at vi reiser den type etisk vanskelege spørsmål i Stortinget, men det blir neppe nokon særleg debatt fordi det er knapt nokon som er usamd der inne, seier Rotevatn.

Ikkje gode nok

KrFs helsepolitiske talskvinne, Olaug V. Bollestad, utfordrar nemleg helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) på korleis vi skal førebyggje at aktiv dødshjelp «presser seg fram» i Noreg.

- Vi er ikkje gode nok til å hjelpe folk når livet går mot slutten. Dersom vi blir det, vil ikkje aktiv dødshjelp presse seg fram, seier Bollestad.

Ho ønskjer ikkje ein skyttargravsdebatt for eller mot aktiv dødshjelp, men ein refleksjonsdebatt om kva samfunn vi vil ha og kva vi kan gjere for dei som får alvorlege sjukdomar.

- Vi må tørre å diskutere breidda i dette no, så vi ikkje berre endrar lova når enkeltindivid står fram, seier ho.

Personleg hending

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Av partia har berre Framstegspartiet vedteke i sitt prinsipprogram å «i noen situasjonar tillate aktiv dødshjelp regulert av et strengt lovverk.»

Kari Kjønaas Kjos (Frp), leiar for helsekomiteen på Stortinget, er for både eutanasi og legeassistert sjølvmord (sjå faktaboks).

- Det er ei personleg hending som gjer at eg meiner dette. Eg greier ikkje å delta i debatten torsdag om korleis vi skal sørgje for at det ikkje vil vere ønske om aktiv dødshjelp i befolkninga, seier Kjos.

Statens oppgåve

Ho er kritisk til at folk ikkje får dø fredeleg og smertefritt, og ønskjer velkommen ein grundig og faktabasert utgreiing og diskusjon om aktiv dødshjelp.

- Mange hadde ønska å få lov til å sleppe fordi alternativet ikkje er godt.

- Er det statens oppgåve å sørgje for at alle får dø utan smerter?

- Når du sit der med din kjære, skjønner du at det er det. Vi må være så opne og ærlege og seie at det er menneske som forlét oss på ein ekstremt vond måte. Dei har bedt om hjelp, men ikkje fått det, seier Kjos.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Grundig debatt

Venstre er dominert av skepsis mot aktiv dødshjelp, ifølgje Rotevatn.

- Partiet fryktar ei utgliding der det kan oppstå press i situasjonar om å utvide kven som skal få tilbod om aktiv dødshjelp, seier Rotevatn.

Før jul sa overlege Morten Horn til Dagen at han frykta at aktiv dødshjelp blir innført i Noreg gjennom stor merksemd rundt enkeltskjebnar, og ikkje ein opplyst debatt.

- Han kan ta det heilt med ro. Dersom det blir tillate i framtida, vil det skje gjennom ein veldig grundig debatt, og sånn skal det vere, seier Rotevatn.

Strenge reglar

Han meiner at aktiv dødshjelp bør innførast under streng regulering, og då kun for «eldre» som har ein dødeleg sjukdom og skal dø innan kort tid.

- Desse bør kunne få høve til å avslutte livet kontrollert utan for store lidingar. Noko anna ser eg ikkje som ei aktuell problemstilling.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At barn skal få tilgang til aktiv dødshjelp, slik Nederland har foreslått, er Rotevatn negativ til.

Også Sivert Bjørnstad (Frp) er for aktiv dødshjelp, men ser ikkje at det skjer i Noreg på lenge. DAGEN

Aktiv dødshjelp

Aktiv dødshjelp: Eutanasi eller legeassistert selvmord. Også kalt barmhjertighetsdrap.

Eutanasi : Død ved injeksjon av helsepersonell.

Legeassistert selvmord: Legen skriver ut en dødelig dose som pasienten selv tar.

Passiv dødshjelp: Helsepersonell avslutter eller unnlater å sette i gang behandlingstiltak som vil forlenge pasientens dødsprosess.

Indirekte dødshjelp: Døende pasienter får medikamenter som skal lindre, selv om det kan medføre at pasienten dør noen timer før han/hun ville gjort uten.

Lindrende sedering: Når det ikke lykkes å gi døende pasienter god smerte- og symptomlindring, kan de på oppfordring få tilført medikamenter som gir dem en lindrende søvn fram til de dør av sykdommen.

Kilde: Stein Husebø, Verdighetssenteret

Les også
- Ei handling av høg etisk verdiLiberalisering av dødshjelp