POLITISK HØGTRYKK: Åtte augo i
...
POLITISK HØGTRYKK: Åtte augo i kvarandre. Far Geir Magnus Nyborg (medierådgjevar og KrF-ar), eldstemann Jone Nyborg på skjermen (Venstre), mor Torill Selsvold Nyborg (KrF) og yngstemann Benjamin Nyborg (Frp).  (Foto: Dypedal foto)
Gult, blått og grønt rundt bordet
Del
I den profilerte kristenfamilien Nyborg spriker dei politiske fargane rundt frukostbordet. Mora er profilert KrF-politikar. Sønene hiv seg inn i valkampen for Venstre og Framstegspartiet.

- Slik er det med Frp-po­li­tik­ken. Den viser ikkje noko, kjem det kon­tant frå eldste­so­nen Jone Ny­borg, som er med rundt fru­kost­bor­det via skjerm.

Han er lærar på vi­dare­gå­an­de skule i Song­da­len og skal vere med på ein po­li­tisk fru­kost heime hjå mor og far på Bild­øy i Fjell kom­mu­ne frå kon­to­ret på sku­len.

Pro­ble­met er berre at han ikkje får fram bi­le­tet av fru­kost­bor­det heime på sin skjerm.

Det kjem ein rask kom­men­tar frå vesle­bro­ren Ben­ja­min:

- Sa du noko?

Skjer­men vert løfta opp over røyke­lak­sen og dei ny­kok­te egga på bor­det, og for­eld­ra lei­tar etter eit un­der­lag. På nytt kjem det eit råd frå Sør­lan­det:

- Bruk Venst­res prin­sippro­gram som un­der­lag. Det er botn­so­lid.

Det er låg ters­kel for kjap­pe re­plik­kar og høg dør for po­li­tisk ak­ti­vi­tet i den pro­fi­ler­te Sels­vold Ny­borg-fa­mi­li­en utan­for Ber­gen. Dei har vore mi­sjo­næ­rar for Mi­sjons­sam­ban­det i Peru, far Geir Mag­nus har vore leiar i Fa­mi­lie og Medi­er og er ein pro­fi­lert sam­funns­de­bat­tant, medan mor To­rill Selv­old Ny­borg har eit langt liv i po­li­tik­ken i KrF på lands­plan og har vore fyl­kes­ord­fø­rar i Horda­land. To av dei fire borna har også kasta seg inn i po­li­tik­ken som kom­mune­po­li­ti­kar, Jone for Venst­re i Song­da­len og Ben­ja­min for Frp i Fjell.

Kvi­for vel tre rundt same kjø­ken­bor­det og med same bak­grunn så ulike parti?

Det var abort­saka som tende To­rill då ho var 33-årig små­barns­mor og kom til­ba­ke til Norge frå fat­tig­do­men i Sør-Ame­ri­ka.

- Det var ret­ten til liv, seier ho kon­tant. Og det er fak­tisk tema også i dag, seier ho.

Ein an­non­se i avisa Sotra­nytt om at alle var vel­kom­ne til møte med kom­mune­styre­grup­pa i Fjell kom­mu­ne, vippa henne inn. Ho stil­te - som den ein­as­te gjes­ten.

Men då to av dei fire borna også mar­sjer­te inn i po­li­tik­ken, valde dei andre parti enn mora. Eldste­so­nen Jone såg opp­gitt at Venst­re hamna under sperre­gren­sa ved stor­tings­va­let i 2009 og parti­lei­ar Lars Spon­heim vars­la av­gong val­nat­ta. Tid­le­ga­re hadde Jone vore jour­na­list utan rom til å en­ga­sje­re seg po­li­tisk. No var han blitt lærar og ne­der­la­get til det tra­di­sjons­rike, li­be­ra­le par­ti­et kveik­te po­li­ti­ka­ren i han.

- Eg ville trø til for å gjere ein inn­sats.

- Men kvi­for vart det Venst­re?

- Venst­re er eit per­fekt parti for store vest­len­din­gar som er glade i seg sjøl­ve, ler han godt.

Bak­grun­nen har lagt grunn­la­get, men dik­ter­te ikkje parti­va­let.

- Eg har vore så hel­dig å vekse opp i ein heim der vi har fått teke eigne val, sam­ti­dig som mamma og pappa har vore ty­de­le­ge på kva dei står for. Å ha for­eld­re som tek stand­punkt gjer at ein let­ta­re tek stand­punkt sjølv.

- Men Venst­re?

- Eg har vel­dig sans for li­be­ra­le prin­sipp om fri­dom for den ein­skil­de og at vi har an­svar for andre. Eg ser i det Euro­pa og sam­fun­net vi er i no, vert dei li­be­ra­le prin­sip­pa trua, seier Jone.

- For meg var det eit ideo­lo­gisk val. Skal du ten­kje ky­nisk og få mest mo­ge­leg makt, vel du heilt andre parti.

Det blir litt lat­ter rundt bor­det, og Jone er rask med å for­sik­re at det denne gon­gen fak­tisk ikkje var eit stikk i sida til vesle­bror.

For på yt­ters­te høgre kant ved bor­det sit Ben­ja­min som ved førre val vart ku­mu­lert frå liste­fyll til fast plass i kom­mune­sty­ret i Fjell. Minste­mann vart fødd i USA på veg heim frå fa­mi­li­ens mi­sjo­nær­te­nes­te. På ar­beids­plas­sen i Nord­sjø­en er han om­gje­ven av parti­fel­ler som er opp­tek­ne av bil, båt, rei­ser og veg, som han opp­sum­me­rer det.

- Det er Frp eg har vore mest samd med.

- Du kjem frå ein pro­fi­lert kris­ten fa­mi­lie med ster­ke ver­di­ar. I kva grad har det på­ver­ka parti­va­let ditt?

- Eg har fått med meg ver­di­ane heime­frå, så har eg teke mine val ut frå det.

- Kva ver­di­ar finn du i Frp som sam­sva­rar med ver­di­ane dine heime­frå?

Det blir først litt stil­le og der­etter lat­ter rundt bor­det.

- Eg ser du ler der nede i Kris­tian­sand, seier Ben­ja­min til skjer­men ved enden av bor­det.

- Eg prø­ver å sitje heilt stil­le, kjem det frå skjer­men.

Ben­ja­min dreg opp his­to­ria.

- His­to­risk er Frp bygd opp på gamle, krist­ne kjerne­ver­di­ar. Der kan hende det er noko der som heng ved. Eg føler de har den rette po­li­tik­ken til å få Noreg til å ut­vik­le seg endå meir. Skul­le eg be­gynt i po­li­tik­ken etter kri­gen, hadde eg nok vorte ar­bei­der­parti­mann, eg også. Dei har nok ein betre po­li­tikk til å byg­gje opp noko som ligg nede, medan vår po­li­tikk gjer­ne er betre til å ut­vik­le noko som er oppe, seier Ben­ja­min og tek seg ein slurk kaffi.

- Det var godt sagt, kjem det frå den andre sida av bor­det. Der sit far og ekte­mann Geir Mag­nus Ny­borg, som sjølv sat i kom­mune­sty­ret for KrF i Fjell i ein pe­rio­de for ti år sidan, men som er mest kjent som medie­lei­ar i Kris­ten-Nor­ge, sam­funns­de­bat­tant og no er første­ama­nu­en­sis ved NLA Høg­sko­len. Han har or­ga­ni­sert møtet med kone og søner rundt fru­kost­bor­det, laga fak­ta­ark om bak­grun­nen og verva deira og veks­lar no mel­lom å lytte til sam­ta­len rundt bor­det og sitje med barne­bar­net Le­and­ra (5 år) i arm­kro­ken i skinn­so­fa­en i bak­grun­nen.

Medie­kunn­ska­pen sin deler han med alle parti­far­ga­ne i huset. Han har bi­dre­ge til å lage kraft­ful­le tit­lar på le­sar­inn­legg om lo­kal­po­li­tikk der han sjølv er sterkt usamd i inn­hal­det og til å plan­leg­gje kor­leis ut­spel kan få merk­semd i media. Den ut­øvan­de po­li­tik­ken over­let han til dei tre po­li­ti­ka­ra­ne i fa­mi­li­en.

Tre po­li­ti­ka­rar frå tre ulike parti er ikkje kvar­dags­kost. Hadde dette skjedd på slut­ten av fem­ti­ta­let, hadde det vore svært opp­sikts­vek­kjan­de, iføl­gje Jacob Aars. Han er pro­fes­sor II ved UNI Rok­kan­sen­te­ret, eit fors­kings­sen­ter for sam­funns- og kul­tur­stu­di­er eigd av Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen. Den kjen­de val­fors­ka­ren Henry Valen synte på slut­ten av fem­ti­ta­let kor­leis parti­val gjekk i arv.

- Borna i fa­mi­li­en røys­ta som far, ikkje som mor. Røyste­gje­vin­ga var mykje meir klasse­ba­sert. Klas­sen du til­hør­de var de­fi­nert ut frå yrket og par­tia var vel­dig klasse­distink­te. Det var ty­de­le­gast for Ap, men tenden­sen gjaldt også for Høgre.

På slut­ten av 70-ta­let såg val­fors­ka­rar eit brot i møns­te­ret. Då be­gyn­te folk å røys­te ulikt frå val til val, slik at sa­ke­ne og po­li­tik­ken fekk stør­re inn­verk­nad. Vel­ja­rar på vand­ring var ei stor over­ras­king for par­tia som opp­fat­ta vel­ja­ra­ne som tru­lau­se.

Eitt trekk ved fa­mi­li­en Ny­borg har støt­te i fors­kin­ga. Born av ak­ti­ve for­eld­re vert sjølv po­li­tisk ak­ti­ve.

- Det er vel­dig ty­pisk. Eg vil tru det er ei form for so­sia­li­se­ring. Po­li­tikk vert dis­ku­tert rundt kjø­ken­bor­det heime slik at ein vert dre­gen inn i po­li­tisk tenke­måte og vert po­li­tisk in­ter­es­sert. Det andre kan vere ei form for for­vent­ning frå for­eld­ra. Fordi dei for­mid­lar at det er ein verdi å drive med po­li­tikk, vil det fram­stå som ei for­vent­ning for borna, seier Aars.

Borna i fa­mi­li­en vil også få kunn­skap og til­gong til for­eld­ra sitt nett­verk.

- Kor van­leg er det at borna vel andre parti?

- Eg vil tru denne fa­mi­li­en er litt uvan­leg. Det er nok mest van­leg at ein går i for­eld­ra sine fot­spor.

Fel­les for dei tre rundt kjø­ken­bor­det er at dei ikkje har valt dei to par­tia som er su­ve­rent størst på mei­nings­må­lin­ga­ne. Anar vi ein fa­mi­lie der det iall­fall er ein fel­les­nem­nar at dei er mot­straums?

- Eg veit ikkje det, men vi er vel litt idea­lis­tar, seier To­rill.

- Når ein får vere med å på­ver­ke, gjev det vel­dig ener­gi. Vi hadde mi­sjo­nær­bak­grunn, og KrFs syn på ut­vik­lings­hjelp og kamp mot fat­tig­dom heime og ute, miljø, eg sy­nest KrF har ein god for­val­tar­po­li­tikk. Det er mange slike ting som klaf­far.

Sø­ne­ne med grøn og mørke­blå parti­far­ge har li­ke­vel lo­jalt valt gul så lenge mora har stått på KrFs liste. Difor har dei røys­ta på KrF ved ein rek­kje val.

Vart ho li­ke­vel litt skuf­fa når sø­ne­ne valde anna parti?

- Nei, dei er sjølv­sten­di­ge in­di­vid og må få lov å velje, seier ho.

Det gjor­de ho sjølv som ung. Ho kjem frå in­du­stri­byg­da Ålvik i Har­dan­ger med for­eld­re som var ar­bei­dar­parti­folk. Det var ikkje sær­leg po­pu­lært den gong at dot­te­ra en­ga­sjer­te seg i KrF.

- Det er ein rett vi har i eit de­mo­kra­ti.

- Stikk det ikkje litt, li­ke­vel?

- Nei, det gjer ikkje det. Vi har gjort det vi har kunne i høve til å for­mid­le dei krist­ne ver­di­ane i fa­mi­li­en. Så må dei ut på havet sjølv. Det er ikkje mo­ge­leg å seie at eitt parti har alt rett.

Det fall ikkje Jone inn at han skul­le ha skuf­fa mora ved å velje eit anna parti.

- Ho har vore så lenge i po­li­tik­ken at ho har tjukk hud. Det er klart at ho hadde sik­kert vorte glad viss eg hadde en­ga­sjert meg i KrF. Men så hadde eg vorte glad viss ho vart med i Venst­re.

Hel­ler ikkje Ben­ja­min gjekk med ban­kan­de hjar­te for mora sin re­ak­sjon då han melde seg inn i Frp for fire år sidan.

- Det har aldri vorte lagt opp til at KrF var det ein­as­te rette. Eg trur ho er glad for at vi vart med i po­li­tik­ken, for det viser at vi bryr oss.

I TV2s valg­omat før kom­mune­va­let for to år sidan, opp­gav han mora som po­li­tisk føre­bi­le­te.

- Mamma har vore kjempe­flink. Alle skry­ter av mi mor, ho er vel­dig godt likt her i Horda­land, ikkje minst av parti­kol­le­ga­er i Frp som sam­ar­bei­der med henne.

Det har­das­te po­li­tis­ke sla­get i hei­men Ny­borg ut­spann seg haus­ten 1994. Det var folke­av­stem­ning om norsk med­lem­skap i EU her i lan­det og fron­ta­ne i fa­mi­li­en Ny­borg var harde. Ja-far Geir Mag­nus ut­styr­te ti­årin­gen Ben­ja­min med ja-jakke­mer­ke. Nei-mora To­rill var ålei­ne mot­stands­men­nes­ke i fa­mi­li­en. Om kvel­den benka dei seg rundt tv-en i kjel­lar­sto­va, men ja-fron­ten fall både na­sjo­nalt og i fa­mi­li­en den kvel­den.

- Til slutt vart eg sitjan­de att ålei­ne, smi­ler To­rill.

Elles er det vans­ke­leg for dei å finne sa­ke­ne som får opp de­batt-tem­pe­ra­tu­ren.

- Det er ikkje slik at vi er grunn­leg­gjan­de usam­de, seier Jone.

- Men du og Ben­ja­min kan umoge­leg vere heilt samde om asyl­po­li­tik­ken?

- Det er vi ikkje, men spørs­må­let er så av­klart, seier Jone, medan mor skjen­kar nok ein runde med ny­trekt kaffi og skjer opp flei­re ny­steik­te rund­styk­ke.

Etter opp­veks­ten i det krist­ne mil­jø­et og nokre år på den krist­ne Da­ni­el­sen vi­dare­gå­an­de skule opp­lev­de eldste­mann at spørs­mål som abort og Is­rael mista de­batt­kraf­ta si.

- Dei er så ut­de­bat­ter­te, seier Jone.

- Men det er vik­tig, pa­re­rer mor som har funne plas­sen sin rundt bor­det igjen.

- Det går an å bli drit­lei også, sva­rar Jone.

No er Frp heilt på linje med Venst­re.

- Ja, det er lov, kjem det frå yt­tars­te høgre kant.

- Har de opp­levd til­løp til kon­flik­tar i fa­mi­li­en på grunn av ulik po­li­tisk stå­stad?

- Nei, det har eg ikkje opp­levd. Det er høg tak­høgd her, veit du, seier Ben­ja­min og får for­kla­ring frå far:

- Po­li­tikk er berre po­li­tikk.

Ulikt parti­val ska­per van­leg­vis ikkje høge kon­flik­tar i andre fa­mi­li­ar, hel­ler. Det har iall­fall ikkje Bente Bar­stad, leiar for Sen­ter for fa­mi­lie og sam­liv på Modum Bad, merka noko til.

- Kva som helst av usem­je eller ulik­skap kan skape kon­flik­tar - eller ikkje. I nokre for­hold ska­per både tru og po­li­tikk kon­flikt, men det er andre un­der­lig­gjan­de for­hold som er av­gje­ran­de, seier Bar­stad.

- Po­li­tikk i seg sjølv er ikkje nok. Ein kan vere vel­dig glade i kvar­and­re og ha sterk sak­leg usem­je, seier ho.

Lite tyder på at det er djupt­pløy­an­de kon­flik­tar rundt det po­li­tisk farge­rike fru­kost­bor­det, men lo­ka­le saker en­ga­sje­rer ofte. Ned­leg­ging av sku­lar og ir­ri­ta­sjon over at den plan­lag­de ut­vi­din­ga av E39 vest­over frå Kris­tian­sand først be­gyn­ner etter ei mil med kø til Søgne. Og lang vente­tid på ny bru til Sotra.

- Når vi skal ut til Sotra, står vi berre i kø. Det er heilt unød­ven­dig. Ein er dår­leg til å plan­leg­gje, og då blir gjer­ne løy­sin­ga­ne dob­belt så dyre når dei først kjem, seier Jone.

Ved bor­det sit mora som har vore an­svar­leg for sam­ferds­le i Horda­land fyl­kes­kom­mu­ne.

- Jada, vi har gjort vel­dig mykje, men det går seint. Tenk, vi skal be­gyn­ne å med plan­leg­ging av re­gu­le­ring av Sotra­brua i 2017. Så tek det tre-fire år før dei skal be­gyn­ne å byg­gje. Då er vi langt utpå 20-ta­let. Då er fi­nan­sie­rin­ga klar, for det er bom­pen­gar...

- Ey! kjem det kjapt frå Frp-po­li­ti­ka­ren.

- ...traséen er klar, det er kjent tek­no­lo­gi med henge­bru. Det er berre heilt ufat­te­leg kor mykje tid dei kan bruke, seier To­rill.

Fru­kos­ten er over. Ne­dan­for dei store kjø­ken­vin­dau­ga ror ein mann i osel­var gjen­nom Bil­d­øy­pol­len.

Jone skal i møte på sku­len og skal delta i val­kamp­de­bat­tar for Venst­re. To­rill og Jone skal ut på stands for KrF og Frp same etter­mid­da­gen. Tida er knapp fram til val­da­gen.

Dei to andre søs­ke­na har ikkje po­li­tis­ke verv, men bro­ren Sind­re vert om­talt som den som likar best å fyre opp under dis­ku­sjo­na­ne i fa­mi­li­en.

Mora set si håp til dot­te­ra, som er sjuke­plei­ar som ho sjølv.

- Kva mei­ner ho? Eg trur ho er KrF-ar. Seier ho noko til dykk som eg ikkje veit? spør To­rill.

- Du får leve i håpet, kjem det frå Song­da­len.

Til­ba­ke på kon­to­ret rin­gjer vi dot­te­ra Car­men for å høyre om ho opp­fyl­ler mora sitt håp.

- Eg kjem til å stem­me KrF, men det er ikkje sjølv­sagt, seier Car­men (34).