Klikk for å endre tekst

Gir rom for breidde i bibelsyn

Rektor Bjarne Kvam meiner det må vere rom for at teologiske lærarar ved NLA Høgskolen ser forskjellig på korleis historisk stoff i Det gamle testamentet er å forstå.

Komande tysdag inviterer NLA Høgskolen Bergen til fagdag om bibelsyn. Det skjer mellom anna på bakgrunn av ei rekkje debattinnlegg om temaet som har stått på trykk i Dagen dei siste vekene. Rektor Kvam forstår at spørsmålet engasjerer, men synest ein del av avisdebattantane opererer med problematiske føresetnader.

- I vår basis er det nedfelt at vi byggjer på Bibelen og den evangelisk-lutherske vedkjenninga. Ut frå dette driv vi verksemda vår og tilset personale. Men det har aldri vore nedfelt bestemte formuleringar om skriftsyn, seier Kvam.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Udefinert ramme

Sju lutherske organisasjonar eig NLA Høgskolen. Rektoren meiner det er naturleg at institusjonen reflekterer profilen til eigarane.

- Samstundes har det alltid vore ei spennvidde i skriftsynet ved NLA, men denne har ikkje vore utan grenser. Det har vore ei ramme, men denne har aldri vore definert, seier han.

For tida er ein i ferd med å «samskrive» basis og føremål i vedtektene til NLA Høgskolen, etter at Mediehøgskolen Gimlekollen og Høgskolen i Staffeldtsgate kom inn under NLA-paraplyen frå 1. januar i år. Kvam opplyser at forslaget til vedtekter vil gå ut på høyring til eigarorganisasjonane før det vert endeleg handsama på generalforsamlinga i mai.

- Når einskilde spør seg kvar eigarorganisasjonane er, får ein inntrykk av at dei er skyvde ut over sidelinja av NLA. Men dei legg premissar for arbeidet vårt, understrekar Kvam.

Gammal debatt

Ønske om tydelegare formuleringar om skriftsyn har Kvam ikkje registert. Det synest han heller ikkje ville vere naturleg.

- Skriftsynet er noko vi forskar på, som er i utvikling og som vi drøftar. Her er det breidde mellom dei tilsette, og det må det vere, seier rektoren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Forskjellig syn på historisitet i Det gamle testamente har det vore sidan NLA begynte. Vi har hatt bølgjer tidlegare som liknar på dei vi ser no, legg han til.

Han viser til at det også mellom og i eigarorganisasjonane er usemje om slike spørsmål. Hovudsaka er at tilsette sluttar seg til at Bibelen er øvste norm i spørsmål som har med lære og liv å gjere. Det gjeld generelt for tilsette, men det vert stilt større krav om refleksjon rundt læremessige spørsmål hos dei som underviser i teologiske fag.

Avviser biblisisme

I kritikken som har kome frå studenthald, oppfattar Kvam ei forventning om at institusjonen bør ha eit bibelsyn som knapt har vore representert der nokon gong.

- Tenkjer ein på amerikanskinspirert fundamentalisme eller biblisisme, har dette aldri vore NLAs skriftsyn. Det har vore variasjon, men som kollegium har kristendomslærarane plassert seg i midtsjiktet av det ein kan kalle eit konservativt bibelsyn, oppsummerer Kvam.

Han reagerer også på ei framstilling som tyder på at studentane vert ståande åleine med tankevanskar som måtte melde seg under studiet.

- Vi har jo eit stort apparat med studentprestteneste og andaktsliv. Finn ein ikkje nokon å snakke med her om det ein måtte oppleve vanskeleg, finn ein det knapt innanfor eigarorganisasjonane heller, seier Kvam.

Han påpeikar at dei fleste av lærarane sjølve har bakgrunn og engasjement i slike miljø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forskingsbasert

- Ein del ser ut til å vente at vi skal styre forskinga til den einskilde tilsette, men her er det fridom - til val av emne, metode og publisering, understrekar han.

Det er også eit prinsipp at undervisninga og pensumet skal vere forskingsbasert. Kvam poengterer at det må vere skilnad på ein akkreditert høgskule og ein bibelskule. Men han meiner desse skuleslaga kan utfylle kvarandre.

- Eg ser at einskilde kritiserer pensumlitteraturen for framstillingar som dei ikkje er samde i. Men det er slike innvendingar ein skal lære seg å møte. Det er ikkje alt på pensum som NLA som institusjon er samd i heller. Men det er i møte med andre syn du skjerpar ditt eige, seier han.

Avgrensa utval

Dermed er det ikkje utelukka at pensumlitteraturen til dels kan vere den same som ved Teologisk Fakultet ved Universitetet i Oslo, som er kjent for ein liberal profil.

- Noko kan vere likt, anna kan vere forskjellig. Utvalet er til dels styrt av at studentane ønskjer litteratur på nordiske språk, og det avgrensar utvalet. All litteratur skal også reflektere den såkalle forskingsfronten og vise kva som vert diskutert i teologiske miljø, både nasjonalt og internasjonalt, påpeikar han.

Motførestillingar

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit anna viktig prinsipp er at førelesingar ikkje er forkynning. Kvam legg vekt på at også studentar med anna overtyding enn den NLA bygger på, skal vere velkomne og kan oppleve at dei vert tekne på alvor. På same måten ønskjer han rom for at studentar med eit meir konservativt bibelsyn enn førelesaren, får kome med sine innvendingar.

- Undervisninga vår byggjer på at Bibelen er både historisk tekst og Guds inspirerte ord, men teologane må få arbeide med svara på kva dette betyr, understrekar han. Dagen

NLA Høgskolen

Privat høgskole som frå 1. januar 2013 tilbyr studiar innanfor ei rekkje fagfelt i Bergen, Kristiansand og Oslo

Har rundt 2.000 studentar og 200 tilsette

Eigd av Det Norske Misjonsselskap, Indremisjonsforbundet, Normisjon, Norsk Luthersk Misjonssamband, Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag, Søndagsskolen Norge og Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja

Nettsider: nla.no

Les også
Engasjert debatt om bibelsynTarjei Gilje
Les også
Om akademi og bibelsynPeder K. Solberg
Les også
- To grunnleggende problemer med NLAKlikk for å endre tekst