Framleis medlemsrot i statskyrkja

Fleire tusen nordmenn står framleis oppført som medlemmer i statskyrkja utan å vere medlem.

Det sentrale kyrkjeregisteret vart innført for ti år sidan. Folkeregisteret vart brukt som grunnlag for medlemsregisteret i Den norske kyrkje fordi ein meinte det ville bli for dyrt å gå gjennom alle kyrkjebøker der dåp blir registrert manuelt, skriv Dagsavisen.

Dermed er alle som ikkje aktivt har meldt seg ut av statskyrkja etter 1998, framleis medlemmer, med unntak av dei som er registrert som medlemmer i eit anna tru- og livssynssamfunn.

I 2005 rydda Kultur- og kyrkjedepartementet opp i 75.000 ufrivillige medlemmer av statskyrkja ved å kryssjekke statskyrkjeregisteret mot medlemslistene i andre tru- og livssynssamfunn.

Kyrkjerådet har foreslått for departementet å skaffe ei oversikt via soknerådsvalet i 2009, der dei sender ut valkort til alle medlemmer i statskyrkja. På den måten kan dei som ikkje er klare over at dei er medlemmer, og som ikkje ønskjer å vere det, melde seg ut av statskyrkja.

NPK-NTB