KONFIRMANTAR: Han vil gjere eit forsøk på å ta konfirmantane med til Taizé i kyrkjerommet eit steinkast unna prestegarden i Klokkarvik. Foto: Anne Marie Aarøebn Vangsnes

Eit under i det sekulariserte Europa

I Taizé har Helge Unneland blitt fornya i si Gudstru. Han har ei von om at andre også vil bli det.

E-posten er underteikna med "pax et bonum". Fred og alt godt. Soknepresten i Sund kan sin latin.
- Taizé har vore godt for meg. Det har styrka min relasjon til Jesus. Ikkje minst har bibeltimane sett djupe spor. Biletet av ein Far som speidar etter sine fortapte søner og døtre er blitt måla så inderleg for mitt indre.
Det kviler ei kunstnarhand over prestegarden på Klokkarvik. Handlaga puter og dukar med tekstiltrykk. Ikon. Altarkrusifiks. Måleri. Emaljerte keramikkskåler. Ikkje rart når to av borna er utøvande kunstnarar. Den tredje lege. Beskjedne Unneland skuldar det på kona. Ho er den estetiske, i fylgje presten som også har hovudfag i kunsthistorie. Oppgåva vart skriven under vegleiing av professor Gunnar Danbolt. Men det er ei anna historie.
- Taizé representerer ein motkultur inn i ei tid med stadig høgare volum og sterke visuelle uttrykk.
Det er ikkje vanskeleg å skjøne metaforen frå ein mann som nett har vore frivillig vakt på A-ha-konsert på Brann stadion. Men no skrur han ned lyden. Unneland vil nemleg å prøve å ta konfirmantane med i kyrkjerommet på Klokkarvik. Be Taizé-bøner og synge Taizé-songar. Ikkje minst la ungdomane vere heilt stille. Kanskje lenge.
- Og det trur du vil fungere?
- Ja, eg har alt sett at det gjer det, seier Unneland med stø overtyding. Han er intenst fascinert av den franske kommuniteten som vart tufta på ein visjon om fellesskap og einskap på eit krigsherja kontinent.
- Taizé er ikkje mindre enn eit under i det sekulariserte Europa.

Det passar bra at vi drikk kaffi av Taizé-produserte keramikkrus. For å livberge seg må nemleg kommunitetsbrørne syte for eige underhald. Gåver er ikkje tillatt. Men med 5-6000 betalande gjester kvar veke i sommarsesongen, litt færre ellers, går visst hjula rundt.
- Er Taizé karismatisk?
- Dersom du med karismatisk tenker på Den Heilage Andens gjerningar så ja, absolutt. Men det er lite tungetale og slikt. Like fullt vert bøna «Veni Sancte Spiritus», Kom Heilage Ande, beden oftare enn noko anna bøn.
- Og så blir alle på like fot i Taizé, uansett kva gullhattar og titlar ein måtte smykke seg med til vanleg. Unneland teiknar eit bilete av ei økumenisk rørsle som dreg til seg både tidlegare og noverande erkebiskopar av Canterbury, ortodokse patriarkar og til og med paven. Samtlege norske biskopar har også vitja den sørfranske landsbyen ti mil nord for Lyon.
- Men når Taizé er så attraktivt også for kristne som forfektar eit liberalt bibelsyn, viser ikkje det at dogmatikken blir nedtona til fordel for økumenikken. At Taizé rett og slett er tannlaust?
- Kva skal eg svare på det? Han vert stille. Lenge.
- Taizé har ikkje profilert ein katalog over gjeldande standpunkt. Men det er mi overtyding at møtet med bibeltekstane og bøna vil utfordre og forme den enkelte si gudstru. Det var Herrens praksis å vinne vener gjennom relasjonar. Og relasjonen til Kristus manar oss til omvending.
Om ei veke vert det arrangert Taizé-konferanse i Oslo. Menighetsfakultetet og Teologisk Fakultet samarbeidar om arrangementet. Og trass i at merkelappar er forenklande, så er sistnemnde kjend som ein eksponent for eit historisk-kritisk bibelsyn.
-Når sjølv Teologisk Fakultet omfamnar Taizé, tyder ikkje det på at eit konservativt bibelsyn trass alt ikkje vinn fram?
- Eg vert svar skuldig der. Og det gjer meg bedrøva at kyrkja ikkje vågar å vere kyrkje, men mistolkar folkekyrkjebegrepet dithen at ein nærmar seg gallupkristendom. Men mi von er at vi søker attende til apostoliteten. Til kyrkjefedrene. Og det er også mi von at kristenleiarar som eg er djupt og inderleg usamd med, også i møte med Taizé kunne la seg korrigere av Åndens gjerning, seier Unneland.

Liturgi og tidebøner. Ikon og lystenning. Symbolikkmetning. Taizé appellerar til alle sansar og heile mennesket. Her kan ein føle Gud og oppleve Gud. Men alt skjer innanfor fastlagde former, ikkje som i ei fri karismatisk forsamling der "alt kan skje".
- Har Taizé ein karismatikk som appellerer til meir liberale kristne?
- Om så er, så har i alle fall det dei møter i Taizé vore godt. Det er i alle fall mi meining. Brødresamfunnet består av solide folk. Og bibelforkynnarane har i forkant både studert, bedt og meisla ut poeng. Dei trur at det levande ordet i seg sjølv er spirekraftig og tek det slik det står.
Trass dominansen av anglikanarar, reformerte, protestantar og katolikkar, har Taizé også ein apell til meir karismatiske frikyrkjer.
- Ja, det har nok vore eit kjærkome kvileskjær for mange utbrende karismatikarar, seier Unneland.
- Sjølv nådens gåver kan bli stress dersom ein strevar for å halde opp eit kjenslemessig trykk. Då er det godt å finne kvile i formene. Det er det nok mange som har erfart velsigning i.
Sjølv set han pris på den rause haldninga. Og han set si lit til den indre fornyinga som skjer i møte med denne. At denne har si virkningshistorie også blant menneska vi møter.
- Noko av det flotte med Taizé er å kome utanfor vår vesle andedam og sjå at vi er meir enn Vestlandet og Norge. Vi er faktisk ein del av ei verdsvid kyrkje og har åndelege sysken i både katolikkar og ortodokse. Det set eg stor pris på.
Ikkje overraskande er Unneland glad i Peter Halldorf sitt litterære virke og hans vektlegging av kyrkjelege røter. Han ser også klare linjer frå Taizé til retreat-rørsla. I alt ligg ekkoet frå kyrkjefedrene.
- Alle som søker å lækje spliden i den vestlege kyrkja, må søke bak skismaet som fyrste gongen sprengde kyrkja. Det tek oss attende til apostlane si lære, apostoliteten. Det opprinnelege.DM