Dropper å reservere seg

Karen Rebbestad er abortmotstandar, men vil ikkje bruke reservasjonsretten. - Eg ynskjer å ha samtaler med abortsøkjande kvinner, seier turnuslækjaren.

Rebbe­stad er i tur­nus­te­nes­te på all­menn­lege­kon­tor i Fos­na­våg på Sunn­mø­re. Dei siste må­na­da­ne har ho følgd de­bat­ten om fast­læk­ja­rar som yns­kjer å re­ser­ve­re seg mot å hen­vi­se til abort. Ho har lytta til dei pro­fi­ler­te for­kjem­pa­ra­ne for sam­vits­fri­dom, Eilif Haa­land og Gun­hild Felde.

Ho støt­tar kam­pen deira til re­ser­va­sjon fullt ut og har sig­nert opp­rop for re­ser­va­sjons­rett. Men sjølv har ho kome til ein kon­klu­sjon om ikkje å re­ser­ve­re seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg har føre­budd meg men­talt på å få ei hen­vi­sing. Det er ikkje noko eg ser på med glede, men eg har be­stemt meg for å gjere det, seier Rebbe­stad til Dagen.

- Kvin­na sitt val

Ho tek dok­tor­grad innan in­fek­sjons­me­di­sin ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen, men har no per­mi­sjon for å ha tur­nus­te­nes­te. Der er ho både på all­menn­lege­kon­tor og helse­sta­sjon for unge på Sunn­mø­re. Til no har ho ikkje kome i ein si­tua­sjon der ho har hen­vist gra­vi­de kvin­ner til abort, men ho har tenkt nøye gjen­nom at ho ikkje vil re­ser­ve­re seg.

- Der­som ei kvin­ne kjem til meg og har be­stemt seg for å ta abort, vil det ikkje vere eg som til­rår henne å gjere det. Det er noko ho sjølv har be­stemt. Fordi kvin­na kjem til meg med eit val ho sjølv har teke, er det hen­nar pro­sess. Ja, eg kjem til å sig­ne­re pa­pira, men eg ser ikkje på meg sjølv om eit ledd i døds­pro­ses­sen, seier Rebbe­stad.

- Kva med dei til­fel­la der kvin­na ikkje har be­stemt seg før ho kjem til deg?

- Då eg er glad for at eg skal få ha sam­ta­len med henne. Då vil eg i størst mo­ge­leg grad vere ein nøy­tral part, men eg vil prøve å få henne til å re­flek­te­re over for­de­ler og ulem­per ved abort. Eg vil aldri seie at «no til­rår eg abort». Men eg kan seie at «ut frå det du seier, ser eg at du yns­kjer abort».

Drøf­te og ten­kje

- Vil det vere vans­ke­leg for deg å sig­ne­re hen­vi­sin­ga?

- Nei. Men til sju­an­de og sist må det vere eit val ho har teke sjølv. Andre læk­ja­rar eg har snak­ka med, for­tel at dei går gjen­nom ar­gu­ment for og mot med pa­si­en­ten. Der­et­ter set dei opp ein ny time etter ei veke slik at ho kan få ten­kje over det.

Ikkje dår­leg sam­vit

Den frems­te for­kjem­pa­ren for fast­le­gars re­ser­va­sjons­rett, Eilif Haa­land, vekt­legg at ein læk­jar som hen­vi­ser ei kvin­ne til abort, deler in­ten­sjo­nen hen­nar. Slik opp­le­ver ikkje Rebbe­stad det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg kan ikkje seie at han ikkje ville ha dår­leg sam­vit for å sig­ne­re ei hen­vi­sing, for det har han. Men eg sy­nest ikkje læk­ja­ren har an­svar for det kvin­na be­stem­mer seg for.

Ho er opp­gitt over ar­gu­ment om at mot­stan­da­rar mot re­ser­va­sjons­rett er uro­le­ge for at ret­ten skal ut­ar­te. Blant anna er blog­gar og re­ser­va­sjons­mot­stan­dar Su­san­ne Kaluza uro­leg for at læk­ja­rar kan re­ser­ve­re seg mot å hand­helse på kvin­ne­le­ge pa­si­en­tar.

- Ret­ten til å re­ser­ve­re seg må dreie seg om liv og død, seier ho.

DAGEN

Reservasjonsrett

I oktober 2011 slo Helsedepartementet fast i et rundskriv at fastleger ikke kan reservere seg mot å henvise til behandling som strider mot legens samvittighet. De beholdt retten til å reservere seg mot å delta i abortinngrep.

KrF inngikk et eget punkt med Høyre og Frp i samarbeidsavtalen hvor det heter at fastleger gis reservasjonsmuligheter etter dialog med Den norske legeforening.

Helseminister Bent Høie (H) vil trolig sende et forslag om reservasjonsrett på høring over nyttår. Der får leger mulighet til å reservere seg hvis kommunen ser at kvinners pasientrettigheter ikke blir skadelidende. Legen må også skaffe time for kvinnen hos en annen lege innen et døgn.

Les også
Fikk tilbake reservasjonsretten
Les også
Vil presse Høyre til å bryte reservasjonsavtale