Rumensk-norsk par fekk baby heim igjen

Det rumensk-norske ekteparet som i november vart fråteke fem born ved akuttvedtak, fekk denne veka tilbake det yngste. Babyen vart fødd i august i fjor. Dei fem borna vart henta etter mistanke om oppdragarvald.

Foreldra, som er busette i Naustdal i Sunnfjord, gjekk til sak for å få omgjort vedtaket. Denne veka fall domen i Fjordane tingrett.

– Eg kan stadfeste at det yngste av borna er attende hos foreldra. Når det gjeld dei fire andre borna, vil det bli gitt meir samvær for dei to yngste, seier advokaten til foreldra, Ragnhild Torgersen, til Bergens Tidende.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Foreldra er pinsevener. Saka har utløyst store protestar i Romania og i rumenske kristne miljø i USA og ei rekkje andre land.

Barnevernet er blitt skulda for å ha gripe inn fordi ein meiner foreldra har drive «kristen indoktrinering».

Psykolog Einar C. Salvesen har hatt kontakt med foreldra. Han har overfor Dagen avvist at akuttvedtaket handla om tru, men er sterkt kritisk til barnevernets handtering.

Politiet er enno ikkje ferdig med etterforskinga si. Barnevernssaka skal etter planen opp i fylkesnemnda i løpet av våren.

NB: Dagen bruker ikke navn på familien i den omtalte saken. Vi ber om at det heller ikke gjøres i kommentarfeltet / debatten. Red.anm.