TO DØDE: Med blomar og lys mintest folk dei to som mista livet då ein 27 år gammal høgreekstremist prøvde å trengje seg inn i synagogen i Halle i oktober i fjor.

Dobling av vald mot jødar i Tyskland

«Aldri igjen», har tyskarane sagt etter det nazistiske folkemordet. Men jødane er under aukande press frå tre forskjellige hald.

Radikal islam, dei mest ytterleggåande på venstresida og ikkje minst høgreekstremistar utgjer eit veksande trugsmål mot jødane i Tyskland, konkluderer ein fersk rapport frå etterretningstenestene i landet.

– Antisemittisme er forbløffande utbreidd mellom vidt forskjellige fiendar av demokratiet, seier Thomas Haldenwang til Süddeutsche Zeitung, ifølgje Kristeligt Dagblad. Han er sjef for innanriksetterretninga, Bundesamt für Verfassungsschutz.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire tyske medium har skrive om rapporten på over 100 sider. Der kjem det fram at talet på valdelege åtak mot jødar har auka frå 37 til 73 tilfelle i tidsrommet 2017 til 2019. Talet på hatefulle handlingra har også auka.

Dramatisk åtak

Det mest dramatiske åtaket kom i oktober i fjor. På yom kippur, den store forsoningsdagen i jødedommen, prøvde ein 27 år gammal høgreekstremist å kome seg inn i synagogen i Halle for å drepe flest mogeleg. Han kom seg ikkje inn og skaut i staden to forbipasserande. Rettssaka mot han starta i juli i år.

– Når jødiske borgarar seier at dei spør seg sjølve når tida er inne for å forlate Tyskland - når dei allereie har nådd dette punktet - er situasjonen dårleg, seier Haldenwang. Han kallar utviklinga skremmande.

Det bur rundt 100.000 jødar i Tyskland, ifølgje World Jewish Congress.

Lova innsats

Forbundskanslar Angela Merkel har understreka at regjeringa hennar prioriterer kampen mot antisemittisme. I desember i fjor besøkte ho den nazistiske konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen for første gong. Der gav ho løfte om løyvingar på 60 millionar euro til stiftinga som har ansvaret for denne leiren og Birkenau, som ligg like i nærleiken, ifølgje Times of Israel.

Berre tre tre tyske forbundskanslarar har besøkt leirane som vart frigjorde av sovjetiske styrkar i januar 1944.

Merkel har tidlegare besøkt fleire konsentrasjonsleiarar i Tyskland fleire gonger og vore ved minnesenteret Yad Vashem i Israel fem gonger.

Europeisk tendens

Veksande jødehat er ikkje eit problem berre i Tyskland. Ni av ti europeiske jødar meiner antisemittismen har auka dei siste fem åra, ifølgje ein EU-rapport frå 2018. Denne var basert på svar frå over 16.000 jødar i tolv EU-land. I 2015 drap ein franskmann med røter i Mali fire jødar på ein jødisk supermarknad i Paris.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

USA vart i 2018 rysta av åtaket på Tree of Life-synagogen i Pittsburg, der elleve jødar vart drepne.

Dei tyske etterretningstenestene meiner særleg internett medverkar til spreiing av antisemittisk tankegods.

– Det gamle hatet vert stadig meir stovereint, seier Haldenwang.

I 2018 åtvara leiaren for Det tyske lærarforbundet om at skular med ein stor del elevar med innvandrarbakgrunn, i aukande grad hadde problem med trugsmål mot jødiske elevar.

På ytste venstrefløy finn ein antiisraelske haldningar som kan bikke over i trugsmål om å myrde sionistar, ifølgje rapporten.

Jødehat i Tyskland

Talet på hatbrotsverk mot jødar har auka frå 1.504 i 2017 til 2.032 i 2019, ifølgje den ferske rapporten frå tyske etterretningstenester.

Les også
Multikrasj på motorvei i Berlin etterforskes som et islamistisk angrep
Les også
Blir Bruno (93) den siste?
Les også
Fryktar at ein katolsk president ikkje vil lytta til pavenJoe Biden