Krigsdagane blir gjenskapt i ein ny norsk storfilm. No har «Den største forbrytelsen» fått trailer og premieretid. Foto: Nordisk Film Distribusjon / Fantefilm Fiksjon

«Den største forbrytelsen» får premiere i desember 2020

Filmen «Den største forbrytelsen», som tek oss med til krigens dagar og lèt bli kjende med familien Braude, får vinterpremiere.

I ei pressemeldinga kjem fram det at filmen, med Jakob Oftebro i hovudrolla, får premiere i desember. I same pressemelding blir det også meldt attraileren er klar. Filmen skildrar jødeforfølginga i Noreg, der 773 jødar vart deporterte. Berre 35 kom tilbake.

Jakob Oftebro speler Charles Braude, og denne veka vart dei siste scenene til filmen spelt inn på Grünerløkka i Oslo.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Charles Braude budde på Grünerløkka med familien sin. Dei var ein heilt vanleg familie, med draumar og ønskjer for framtida. Charles var noregsmeister i boksing. Holocaust er ein viktig del av verdshistoria – og av noregshistoria. Det skjedde her. Det må vi aldri gløyme, seier skodespelaren.

Se traileren her:

Manuset er skrive av Harald Rosenløw Eeg og Lars Gudmestad, med utgangspunkt i Marte Michelets bok. Regien er ved Eirik Svensson, og ved innspelingsstart uttalte han til NTB:

– Håpet er at nye generasjonar kan ta del i historiene frå krigen – slik at vi ikkje gløymer.

Filmen blir produsert av Fantefilm Fiksjon ved Martin Sundland, Therese Bøhn og Catrin Gundersen.