MEM: Stein Erik Hauge (f.v.),
...
MEM: Stein Erik Hauge (f.v.), Hans Jakob Stava, Daniel Brautaset og Tormod Vistnes har alle bidrege med mem til «bildoymemez». Foto: Karl Almedal
– Alle 
brukar 
«mem»
Del
Frå å vere eit effektivt våpen for russisk etterretning, har «mem» utvikla seg til å bli eit språk for kristne ungdomar.

– Den der er jo berre heilt legendarisk, seier ein av gutane i peisestova medan han held fram mobilen.

Det har blitt mange slike utbrot på Bildøy bibelskule utanfor Bergen dette skuleåret. Bildøy er ein av fleire skular som har fått ein såkalla «memkonto» på skulen.

Det betyr at elevane sjølve har oppretta ein konto på biletdelingstenesta Instagram kor dei publiserer eigenproduserte humoristiske bileter - såkalla «mem» - om skulekvardagen.

Fellesskap

Det var KRIK-elev Stein Erik Hauge som tok initiativ til å drive kontoen, noko han hadde bestemt seg for allereie før han begynte på skulen.

– Eg er interessert i mem og føler at det spreier glede. Eg er veldig open for at andre skal sende inn mem til kontoen og trur det gjer at kontoen blir vår, og ikkje berre min. Dette er vårt prosjekt i lag.

Hauge overtok kontoen frå ein elev som gjekk på skulen året før han.

Stipendiat Daniel Brautaset meiner at «bildoymemez» har prega skuleåret, og at det har vore positivt for elevane.

– Kontoen vart starta på slutten av skuleåret i fjor. Det at kontoen har vore aktiv frå starten av dette skuleåret gjer at alle har blitt ein del av den.

Rektor Gunnar Ferstad hadde ikkje hørt om kontoen før Dagen tok kontakt. Han er likevel positiv til den nye «mem-kulturen» på skulen.

– Eg meiner at det er ei bra greie og ein liten smaksingrediens i det totale bibelskulelivet. I tillegg ser eg på kontoen som ein humoristisk og politisk kommentar.

Starta med Trump

Medieforskar ved UiO og Sintef, Petter Bae Brandtzæg, fortel at fenomenet mem fekk sitt gjennombrot under valkampen til Donald Trump i 2015 og 2016. Dei russiske hackarane som blanda seg inn i valet, brukte mem for å spreie falske nyhender om Hillary Clinton.

I følgje Brandtzæg er mem ein genial måte å få ut ein bodskap.

– Mem er ein veldig effektiv måte å nå ut med bodskapen sin på. Dei vert brukt av alle moglege grupper, men ungdom har meir kommunikasjon i løpet av ein dag, og dette er ein måte å nå ut til fleire.

– Kvifor har det blitt så populært no?

– Vi veit frå forsking at denne typen kommunikasjon er ein enkel måte å spreie ein bodskap raskt og til mange. Det har også kome verktøy som gjer at ein kan lage mem på veldig enkel måte.

«kristnememes»

Eit søk på Instagram viser at det er mange kristne skular i landet som har fått slike kontoar. Dei fleste har mellom 100 og 300 følgjarar og er ein intern arena for elevane.

I tillegg finst det kontoar som lagar mem om større kristne miljø og teologi.

Den største av dei er «kristnememes» med 4000 følgjarar og dagleg aktivitet. Personen bak profilen har vore hemmeleg sidan starten, noko som har ført til store spekulasjonar om kven som står bak.

– Det er cirka ti personar som veit kven eg er. Det er sjukt løye for gjengen, seier mannen i 20-åra som står bak brukaren, og held fram:

– Eg meiner at det er bra at folk kan le av mema uavhengig av kyrkjebakgrunn, og at folk som ikkje trur kan sjå at kristne ikkje er så kjedelige som nokon diverre trur.

Den anonyme mannen starta kontoen saman med ein kompis fordi dei sakna kristne mem på norsk. Han er stolt over å ha inspirert ungdom til å lage mem, men er ikkje redd for konkurransen frå dei mindre kontoane.

– Eg har merka at det har kome ein del nye kristne membrukarar, og det er berre herlig. Det er bra at vi vert fleire kristne memkontoar, men eg bryr meg ikkje så mykje.

Inspirasjon

Tilbake på Bildøy seier Hauge at «kristnememes» har vore ein av inspirasjonane til «bildoymemez».

– Når vi lagar mem er det viktigaste at dei handlar om tilværet her, og ikkje om sjølve kristnelivet. Vi har meir intern humor, slik at kontoane er litt forskjellige, men han er ein inspirasjon.

– Har du også planar om å gje kontoen vidare når skuleåret er ferdig?

– Ja. Eg håpar verkeleg at nokon vil føre «bildoymemez» vidare til hausten, seier Hauge.