Ny styreleiar i Mediehuset Dagen
Samuel Skrunes (39) tek over som styreleiar for Mediehuset Dagen etter Nils Arnt Lines (74).
NYVAVALD: Samuel Skrunes (39) frå Bergen er ny styreleiar i Mediehuset Dagen. Foto: Bjørn Olav Hammerstad
NYVAVALD: Samuel Skrunes (39)
...
NYVAVALD: Samuel Skrunes (39) frå Bergen er ny styreleiar i Mediehuset Dagen. Foto: Bjørn Olav Hammerstad
Del

Det er klart etter generalforsamlinga i mediehuset på torsdag.

Skrunes er partnar i Advokatfirmaet Kluge i Bergen. Han er gift og har tre born. Tidlegare har han vore ungdomsleiar i Bergens Indremisjon. I dag går han i Centralkirken i Bergen, som tilhøyrer Metodistkyrkja. Skrunes har site i Dagen-styret sidan 2012. Han har vore nestleiar i styret det siste året.

Ny nestleiar er Svein Ludvigsen frå Bergen.

Nytt styremedlem

Åshild Anette Reitan frå Ålesund og Endre Stene frå Namsos er attvalde som styremedlemer for to år.

Nytt styremedlem er Kari Anne Johansen. Ho arbeider som inspektør ved Danielsen videregående skole i Bergen og er medlem i frikyrkjelyden Kristkirken.

Nils Arnt Lines har vore styreleiar i Mediehuset Dagen sidan januar 1995. Dermed har han samarbeidd med tre av dei seks sjefredaktørane som har vore i Dagen sidan 1919: Finn Jarle Sæle, Odd Sverre Hove og Vebjørn Selbekk.

Overskot og oppgang

Resultatrekneskapen for Mediehuset Dagen viser eit overskot på 341.166 for 2018. Driftsinntektene er på 54,3 millionar kroner.

Avisa Dagen hadde i 2018 eit godkjent opplag på 9.895. Det er ein oppgong frå 476 frå 2017.

mediehuset dagen,mediehuset dagen as,nils arnt lines,samuel skrunes,centralkirken i bergen,metodistkirken,svein ludvigsen,dagen,odd sverre hove,kari anne johansen,vebjørn selbekk,finn jarle sæle