TELEMARK: Eidsborg stavkirke i
...
TELEMARK: Eidsborg stavkirke i Telemark. Foto: jechstra/CC/Flickr
Omstridt heidensk ritual vert vist i Telemark
Del
Kristne leiarar i Telemark er svært skeptiske til planane om å vise fram eit gammalt heidensk og katolsk ritual i Eidsborg stavkyrkje på sankthansaften, fortel NRK.

– Vi ønskjer ikkje avgudsdyrking av noko slag. Det er trist at dette skal ha noko med ei kyrkje å gjere. Det blir dobbelt ille, seier Torstein Nisi, nestleiar i Partiet dei kristne i Telemark, til NRK.

Bygda Eidsborg var i 1.000 år åstad for eitt av Noregs raraste kult-ritual. Heidenske gudar blei frakta ned til eit tjern på midtsommaraftan. Der blei dei vaska, for å gi vern og fruktbare avlingar.

Ritualet

Då kristendommen kom til bygda på 1200-talet, klarte ikkje kyrkja å få slutt på dette ritualet. Det blei i staden vidareført som ein katolsk seremoni, med ein trefigur av helgenen Sankt Nikolas («Nikuls») i hovudrolla.

Frå 2003 til 2005 attskapte Vest-Telemark museum dette spesielle kult-ritualet, men så blei det stogga av kyrkja fordi enkelte meinte det var upassande.

Kyrkja teke initiativ

Likevel – for første gong sidan 2005 kan publikum igjen sjå Nikulsvandringa ved Eidsborg kyrkje på sankthansaften. No er det til og med kyrkja som har teke initiativ til å få spelet vist igjen.

Vest-Telemark museum og den lokale presten understrekar at det er snakk om ei prosesjonsvandringa og eit historisk spel, ikkje ei religiøs handling.

Biskopen i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, seier til NRK at han ikkje har fått saka på sitt bord.

paywall
telemark,hedning,avgud,religion,rituale,sermoni,sankthansaften,den norske kirke,ille,bygda eidsborg,kristendom,helgen,museum,publikum,presten,historie,biskop,stein reinertsen,partiet dei kristne