STRID: Debatten kring juleguds
...
STRID: Debatten kring julegudstenester har etter kvart vorte rutine. No skal elevane på Voss delta på ei «julesamling», utan preike og aktiv deltaking. Foto: Bjørn Olav Hammerstad
Refleksjon og Fadervår på julesamling
Del
På Voss vert julegudsteneste til julesamling, etter inspirasjon frå Sverige. 
– Dette er ikkje ei ordning som kan erstatte skulegudstenesta, seier biskop Halvor Nordhaug.

Kyrkja og rektorgruppa på Voss har stått steilt mot kvarandre etter at det vart klart at rektorane ikkje ville sende elevane sine på den tradisjonelle skulegudstenesta.

LES: Syv av ti ber rektorer si ja til skolegudstjenester

Som Dagen skreiv i gårsdagens avis, vart kyrkja og rektorgruppa på Voss samde om nyvinninga «Jolesamling» torsdag. Sokneprest i Voss, Kjersti Brakestad Boge , meiner ein har kome relativt godt ut av det med denne løysinga.

– No får vi nesten alle barna på Voss inn i kyrkjene før jul. Vi får synge julesangar, lese juleevangeliet, og dei får høyre Fadervår og truvedkjenninga. Eg trur vi skal få til gode samlingar. Det viktigaste er denne kontakten med barna. Det er vi glad for at vi får til.

INGEN ERSTATNING: Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin bispedøme er avventande til den nye ordninga. – Den kan ikkje vere ei erstatning for skulegudstenesta, presiserar han. Foto: Astrid Dalehaug Norheim

Langt frå kvarandre

Boge understrekar at dei kyrkjeleg tilsette er leie for at dei ikkje lenger får tilby ei skulegudsteneste, slik tradisjonen har vore.

– Vi har vore skuffa over at rektorane har valt å setje foten ned for ein tradisjon som har vart omtrent så lenge som det har vore skule.

– Korleis har samarbeidsklimaet vore?

– Vi har jo prata saman, men vi sto langt frå kvarandre. Det vart viktig å finna ut kor vi kunne møtast, seier sognepresten.

Ut med liturgi

Julesamlinga hentar sin inspirasjon frå Sverige , der elevar gjerne er innom kyrkja både før jul og før sommarferien. Det er altså rom for høgtlesning av både Fadervår, juleevangelium og truvedkjenning, sjølv om elevane ikkje deltek aktivt. Nokre liturgiske ledd, tilsvar frå kyrkjelyden og anna som krev aktiv deltaking er teken bort.

– Faktisk var det slik før at det heitte høgtlesing av Fadervår, fortel Boge.

Grunnen til at ein kan gjere dette, er at elevane ifølge læreplanen skal lære om både Fadervår, juleevangeliet og truvedkjenninga.

LES OGSÅ: Solberg: – En unnlatelsessynd å ikke tilby skolegudstjenester

Preika er byta ut med det ein kallar «refleksjon», som er eit sentralt tema i læreplanen. Refleksjonen skal ikkje være forkynnande, men den kan dreie seg om sentrale tema innan filosofi og etikk, og bibelsk historie. I ei julesamling kan refleksjonen derfor til dømes handle om juleevangeliets historie, forklarar Boge.

Ikkje optimalt

Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug , har vore orientert om dialogen mellom kyrkja og skulen i Voss. Dialogen har vore god, men han ville ikkje sjølv foreslått ei slik løysing.

– Det er jo ikkje ei gudsteneste, i hvert fall ikkje i navnet. Men ein gjer ting som ein gjer på ei gudsteneste. Og så skal det vere ei nøytral formidling, men ikkje forkynnelse. Ein slik grenseoppgang er vanskeleg ellers også, men den vært svært krevjande i kyrkjehuset.

 

Ingen erstatning

Julesamlinga vert obligatorisk for alle elevane. Nordhaug trur ein del kan kome til å seie i etterkant at julesamlinga var så lik ei gudsteneste at det burde vore fritaksrett.

– Eg vil vere svært tydeleg på at eg ikkje ønskjer at dette skal bli ei erstatning for julegudstenesta. Det er noko heilt anna. Eg synest det er fint at skulen kjem til kyrkja, men at det skal erstatte skulegudstenesta er eg i utgangspunktet ikkje glad for.

– Er denne julesamlinga noko som du har tilsyn med som biskop?

– Det som skjer i kyrkjehuset har eg tilsyn med. Og det som kyrkjeleg tilsette gjer, har eg tilsyn med. Eg har sagt at no gjer vi det slik dette året, fordi situasjonen var så spesiell. Så skal det evaluerast i etterkant, seier Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug.

SYNSPUNKT: Berikende for alle parter

kristendom,kristentro,religion,kristenliv,gudstjenester,skolegudstjenester,skolegudstjeneste,julegudstjeneste,elever,skole,skolegang,skoleungdom,utdanning,halvor nordhaug,biskop,voss,fadervår,hordaland,den norske kirke,dnk,kirken,kjersti brakestad boge,sverige,tradisjoner,kultur,verdier