ORDFØRAR: Astrid Aarhus Byrkne
...
ORDFØRAR: Astrid Aarhus Byrknes vil prioritere lokalpolitikk og familie framfor stortingslivet.
Droppar plass på Stortinget
Del
Den populære Lindås-ordførarar Astrid Aarhus Byrknes i Hordaland har sagt nei til å stå på liste framfor stortingsvalet neste år.

Astrid Aarhus Byrknes   er vararepresentant for partileiar Knut Arild Hareide og har møtt i tre periodar medan han har vore i permisjon.

Ho fekk stor oppslutnad frå lokallaga i KrF i nominasjonsprosessen. 22 av 29 lokallag hadde plassert henne på plassen bak Hareide. To ville også erstatte Hareide med henne på topplassen på lista.

Les også: 25-4 til Hareide

Sakna familien

Men no blir andreplassen ledig når Aarhus Byrknes takkar nei. Ho prioriterer ordførargjerninga i ein periode der Lindås og nabokommunane Meland og Radøy har vedteke å slå seg saman.

– Eg er meir ein lokalpolitikar enn ein stortingspolitikar. Ein skal vera ærleg overfor seg sjølv. Og hybellivet er bra for nokon, krevjande for andre. Det er krevjande for meg, seier Byrknes til NRK.

Familien har vore eit sakn under opphalda i Oslo, innrømmer ho.

– Det viktigaste for meg er å ta meg av mine i huset. Dei har heia på meg, det er ikkje dei som seier nei, seier ho til NRK.

Les også: Samlar seg om Hareide etter turbulent sommar

Opnar andreplassen

Dermed blir det meir ope kven som skal vere på andreplass på lista - ein plass som blir fast dersom KrF og partileiar Hareide går i regjering etter valet neste år.

I den første høyringsrunden plasserte lokallaga helsebyråd i Bergen, Rebekka Ljosland , på tredjeplass og Beate Husa på fjerdeplass.

No er det andre høyringsrunde i lokallaga. Nominasjonskomiteen vil kome med si innstilling i oktober før nominasjonsmøtet i november.

Mer om KrF :

KrF og veien videre 25-4 til Hareide

Ny meningsmåling: Flertallet vil ha Støre

Krisemåling for KrF

Hareide utfordrer Ap og Høyre på skole og familie

Dagrun Eriksen stiller for Nordland KrF

Hareide er førstevalg i hjemfylket  

astrid aarhus byrknes,knut arild hareide,krf,krf hordaland,lindås,meland,radøy,stortinget