KrF-leder Knut Arild Hareide.
...
KrF-leder Knut Arild Hareide. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
25-4 til Hareide
Del
25 av 29 lokallag i Hordaland KrF vil ha partileiar Knut Arild Hareide på topp på stortingslista til neste år.

Det viser resultatet av første høyringsrunde i Hordaland KrF.

To lokallag vil ha Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås, på topp i staden for Hareide.

Eitt lokallag, Bergen Vest, har foreslått Bjarte Ystebø på topp og eitt har foreslått NHH-professor Ola Honningdal Grytten på topp.

Høyringsrunden viser at Astrid Aarhus Byrknes, ordførar i Lindås, befester andreplassen på lista, same plassen som ho hadde ved sist val. 22 av lokallaga vil ha henne på andreplass på lista.

KrF Hordaland har i dag eitt mandat på Stortinget.

Les også: Samler seg om Hareide etter turbulent sommer

Helsebyråd på tredjeplass

På tredjeplass har lokallaga plassert Rebekka Ljosland, helsebyråd i Bergen . På fjerdeplass er Beate Husa.

– Nominasjonskomiteen merker seg at dei to øvste kandidatane har god støtte frå lokallag i heile fylket. Dette er også dei to same personane som var øvst på stortingslista i 2013. Det fortel at lokallaga er svært nøgde med den innsatsen Hareide og Byrknes har lagt ned for Hordaland KrF, seier Laila Dåvøy, leiar av nominasjonskomiteen i ei pressemelding.

Les også: Nå kutter Ljosland morgenpilsen på Flesland også

No skal lokallaga kome med forslag med ei prioritert liste med ti namn. Nominasjonskomiteen vil kome med si innstilling i oktober før nominasjonsmøtet i november.

astrid aarhus byrknes,beate husa,bjarte ystebø,hordaland krf,innenriks,laila dåvøy,ola grytten,politikk,rebekka ljosland,stortinget,krf