EIN TIME: Medlemene i Voss Ind
...
EIN TIME: Medlemene i Voss Indremisjon byter på å lese Bibelen frå morgon til kveld, ein time i slengen. Berit Hauge Våle las då Dagen var innom. Foto: Tore Hjalmar Sævik
På dette bedehuset les dei heile Bibelen – høgt
Del
Både gamle og nye landsmenn følgjer med når Bibelen vert lesen frå start til slutt i bedehuset Nain på Voss.

«For neste slektsledd vil vi lovprisa Herren, hans velde og det underfulle han har gjort», les Berit Hauge Kvåle i mikrofonen på podiet. På bordet framfor seg har ho Bibelen, ein blomeoppsats og eit levande lys. Dei eldgamle orda frå læresalmen til Asaf i Det gamle testamente går ut over høgtalarane i lokalet.

Det er seinsommarstille i bygda som er kjend for folkemusikk og jazzfestival, Ekstremsportveko og flott turterreng. Men no er det ferieslutt og skulestart. Dei fleste er innandørs. Den grå himmelen over Vangvatnet er svanger med ei regnbyge.

Heile veka

Kronprinsesse Mette Marit og tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik var mellom dei medverkande på bibelmaraton i Oslo i mai. Det fann stad utanfor Oslo domkirke under bibelfestivalen som vart arrangert for å markere 200-årsjubileet til Det norske bibelselskap .

LES: Lar Ordet lyde i Oslo sentrum

No skjer det same på Vossevangen. Utanfor døra til bedehuset, som ligg i ein liten bakke ovanfor sentrum, står det eit skilt som informerer om bibelmaratonen som pågår den inne denne veka.

Lyttar stille

Orda frå Den heilage skrifta fyller det særprega åttekanta bedehuset frå morgon til kveld. Dei fleste stolane i salen er tomme, men tre kvinner lyttar. Ei av dei les parallelt bibelteksten på engelsk på mobiltelefonen sin for å vere sikker på at ho får med seg innhaldet.

– Det er så bra at vi gjer dette som forsamling, seier Tigist Tekele. Ho kjem frå Etiopia.

– Alt vert halde oppe ved Guds ord, heile universet. Ordet er lys og liv for oss. Vi ser oss sjølve gjennom Ordet, og Gud leier oss ved Ordet. Det er dagleg brød for oss, seier ho.

LEVANDE: Tigist Tekele frå Etiopia forkynner av og til i Nain. Ho meiner det har stor verdi at heile Bibelen vert lesen i bedehuset denne veka. Foto: Tore Hjalmar Sævik
 

Fargerikt fellesskap

På bakarste benk tek ein iranar plass. Også han følgjer lesinga på mobiltelefonen sin. Forsamlingsleiar Knut Kvamme gler seg over det internasjonale innslaget i fellesskapet, som er blitt stadig sterkare.

– Det har opna forsamlinga, seier han.

I FOKUS: Jenta som spurte etter Bibelen

Også folk frå Nigeria, Eritrea og Syria har funne seg til rette i det tradisjonsrike bedehuset frå 1888, der ein dei siste åra har satsa målretta på forsamlingsbygging.

Tolv timar

Denne hausten er «Bibelen i mitt liv» tema i forsamlinga. Det er bakgrunnen for at ein etter søndagsmøtet sist helg begynte å lese høgt frå første vers i 1. Mosebok. Veka igjennom er det sett opp liste over folk som les frå ni om morgonen til ni om kvelden.

– Vi var inne på tanken om å lese på forskjellige språk, men i samråd med innvandrarane sjølve kom vi fram til at det var greitt at vi berre les på norsk og at dei heller kan følgje med i sine eigne biblar, fortel Kvamme.

LES OGSÅ: Bibelmangfold på multietnisk grunn

Les med hjarta

Planen er å lese det siste verset i Johannes´ Openberring laurdag kveld.

– Éin ting er å ha Bibelen i hovudet, men det er viktig at vi byggjer bru inn i livet slik at vi lever Bibelen, seier Kvamme.

I sommar vart han gripen av vitnemålet til ein av dei nye landsmennene som vart kristen for nokre år sidan.

– Han fortalte at her hadde han lært å lese Bibelen med hjarta. Det er det vi ønskjer, seier Kvamme.

FORSAMLINGSLEIAR: Knut Kvamme kombinerer stillinga som forsamlingsleiar i Voss indremisjon med å vere bonde. Foto: Tore Hjalmar Sævik
 

Ein iranar som vart døypt i forsamlinga i juni, viste til Jesu ord om at den som trur på han, skal lære sanninga å kjenne og at sanninga skal setje fri.

– Han fortalte at han hadde erfart dette i livet sitt. Bibelen set menneske i fridom, seier Kvamme.

Kjem innom

Ved mikrofonen i Nain har det vore vaktskifte. Irene Skjervheim held fram ferda gjennom Den heilage skrifta. «Velsign Herren, mi sjel! Gløym ikkje alt det gode han gjer. Han tilgjev all di skuld og lækjer alle dine sjukdomar», les ho frå Salme 103 - ein av dei mange Davids-salmane.

– Det er ikkje mange som sit her for å høyre på, men det er heile tida nokon, seier Kvamme.

LES MER: Gjennom Bibelen på 85 timer

Får merksemd

Bibelmaratonen har vorte omtala i ein reportasje i avisa Hordaland.

Forsamlingsleiaren fortel at det har vore folk innom som ikkje går i forsamlinga.

– Når vi les Bibelen høgt, er han tilgjengeleg og høyrbar. Berre erfaringa med å lese han høgt gjer noko med den som les, seier Kvamme.

På eit bord i salen står det kaffi, kjeks og diverse ressursar for bibellesing. Der står det også ei krukke der ein kan trekkje seg eit bibelord.

– Når vi les Bibelen høgt på denne måten, er det lettare å invitere folk til å kome inn og lytte, ta ein kopp kaffi og slappe av, seier Kvamme.

– Dessutan trur eg det gjer noko med bygda vår at Guds ord vert lese opp høgt, seier han.

Lyfter Ordet

Den trua deler Tigist Tekele.

– Guds ord har kraft i seg, poengterer ho.

Dersom merksemda rundt bibelmaratonen også kan vekkje appetitt på Bibelen også utanfor forsamlinga, synest Knut Kvamme det er positivt.

– Gjennom forsamlingsarbeidet vårt har vi fått ein fornya tillit til Guds ord som er mektig og forandrar liv. Det har gitt oss eit nytt frimod til å lyfte Guds ord høgt i eit tid då det er under press, seier han.

INSPIRASJON: På eit bord ligg det forskjellige bibelutgåver og ressursar for bibellesing - samt ei krukke med bibelord. Foto: Tore Hjalmar Sævik
 

Halvmaraton

I fjor haust sende Det norske bibelselskap ut den gratis pakken «Bruk bibelen» til rundt 2.500 kyrkjelydar og forsamlingar over heile landet. Siktemålet var å gi idear til å markere bibeljubileet i år. Eit av ti konkrete forslag var å arrangere bibelmaraton.

Bibelkonsulent Hans Johan Sagrusten fortel at han også har gitt ein del tips til dette.

– Eit av råda mine er at ein bør finne ein lokal vri og justere etter ressursane ein har, seier Sagrusten.

Han opplyser at det tek rundt 80 timar å lese gjennom heile Bibelen høgt. Somme vel å gjere dette natt og dag i 3,5 døgn. Andre gjer som i bedehuset Nain og tek det over ei veke på dagtid.

– Det kan vere meir matnyttig, meiner Sagrusten.

Han påpeikar at det for nokre er vel ambisiøst å arrangere bibelmaraton. Då kan det vere eit alternativ med «halvmaraton», som inneber at ein berre les gjennom Det nye testamente.

Får oversikt

Fleire forsamlingar og kyrkjelydar har informert Det norske bibelselskap om at dei vil arrangere bibelmaraton i løpet av august og september.

– Dei siste åra har fleire forsamlingar i Normisjon gjort dette, seier Sagrusten.

Han opplyser at mange erfarer at dette gir oversikt over samanhengane i Bibelen. Fleire ønskjer å halde fram med å lese Bibelen høgt saman.

– Eg reiser ein del og møter kristne i andre land. Dei er ofte flinkare enn vi er til å lese Bibelen høgt saman, seier Sagrusten.

Det synest han norske kristne kan la seg inspirere av.