STORE DEMONSTRASJONER: Naustda
...
STORE DEMONSTRASJONER: Naustdal-saken har utløyst omfattende protester i en rekke land. 16. april var det «D-dag» mot barnevernet med demonstrasjoner i 20 land. Bildet er fra demonstrasjonen i Oslo. Foto: OLE BERG-RUSTEN, NTB Scanpix
Psykolog ser ikkje poenget med rettssak
Del
Psykolog Einar C. Salvesen, som har hatt tett kontakt med foreldra i den omstridde barnevernssaka i Naustdal, fattar ikkje kva det skal tene til å føre dei for retten.

Onsdag ettermiddag vart det kjent at både den rumenske mannen og den norske kona hans, som vart fråtekne fem barn ved akuttvedtak i november, blir tiltalte for oppdragarvald.

Advokat Ingrid Breistein representerer mora.

– Er det som forventa at det vert reist tiltale?

– Klienten min hadde håpa at saka kunne løysast på ein enklare måte enn gjennom full hovudforhandling, all den tid ho har erkjent lette klaps mot borna i oppsedinga, seier Breistein til Dagen.

Straffesaker kan også avgjerast på sterkt forenkla måte med såkalla tilståingsdom etter avtale mellom sikta og påtalamakta, dersom sikta tilstår utan atterhald.

Les også:

Foreldre tiltalt for voldsbruk i barnevernssak fra Naustdal  

Nå er hele Naustdal-familien samlet igjen

På BBC

Familien er pinsevener. Saka har utløyst stor merksemd internasjonalt som følgje av omfattande protestar med utgangspunkt i rumenske kristne miljø i fleire land.

BBC World News sende ein dokumentar om norsk barnevern i april der Naustdal-foreldra var intervjua. Dei fortalte om sjokket då barnevernet uventa kom i to svarte bilar og henta borna. Både her og på rumensk tv har foreldra vedgått at dei har brukt milde former for fysisk avstraffing.

– Men ikkje kvar gong dei gjorde noko gale, heller ved einskilde tilfelle, sa ho og la til at medisinske undersøkingar ikkje hadde avdekka merke eller liknande.

– Men lova i Noreg er veldig klar til minste detalj at det ikkje er tillate å bruka noka form for fysisk tilrettevising, og vi har ikkje vore klare over at det har vore så strengt, sa mora.

Stor påkjenning

Advokat Breistein understrekar at mora har hatt same forklaring sidan første politiavhøyr og står fast ved denne. Dermed erkjenner ho delvis straffeskuld etter tiltalen.

I samband med at barnevernet i Naustdal henta dei fem borna til det norsk-rumenske ekteparet, vart dei også sikta for det politiet har kalla oppdragarvald. Foreldra fekk tilbake babyen som vart fødd i august i fjor, etter ein dom i Fjordane tingrett. I juni fekk dei tilbake dei fire andre borna etter ein avtale med kommunen i samband med at saka vart handsama i fylkesnemnda. Men politietterforskinga har pågått uavhengig av prosessen i barnevernet.

– Både foreldra og heile familien har vore gjennom ei påkjenning med både barnevernssaka og straffesaka, påpeikar Breistein.

– Ut frå det klienten min har erkjent, er det ganske misvisande å sjå på strafferamma på opp til seks års fengsel i ei slik sak som denne. I praksis kan vere snakk om betinga fengsel, seier advokaten.

LES: Global D-dag mot norsk barnevern

Rettssak i haust

Advokaten til faren, Ragnhild Torgersen sier ho hadde trudd at ein skulle få ei tilståingssak.

– Det er litt uklart for meg kvifor det er teke ut ein tiltale og kvifor ein ikkje berre har laga ei sikting for ei tilståingssak, seier ho til Dagen.

Torgersen karakteriserer også det faren er sikta for som lett oppdragarvald.

– Har politietterforskinga tilført moment som er nye ut frå det som har vore erkjent tidlegare?

– Det er ikkje noka utvikling der, nei, seier Torgersen.

Det er venta at saka vil kome opp i rettssystemet i løpet av hausten.

Saknar omsyn

Psykologspesialist Einar C. Salvesen har hatt kontakt med foreldra i fleire månader, har lese alle sakspapira og vore sakkunnig vitne for dei. Han har vore svært kritisk til korleis barnevernet har handtert saka.

I eit intervju med Dagen i februar karakteriserte han framgangsmåten som hjarteskjerande.

– Eg har opplevd tidlegare i andre saker at det blir reist tiltale etter at borna er tilbakeførte til foreldra. Då følgjer ein lova til punkt og prikke, utan å ta omsyn til dei faktiske forholda. Det verkar heilt unødvendig i ei sak som denne, seier Salvesen til Dagen.

– Vondt verre

Psykologen tok initiativet til ei «bekymringsmelding» om barnevernet som vart send til barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) i fjor sommar. Over 200 fagfolk har signert oppropet som hevdar at ei rekke barn vert utsette for grov uforstand og overgrep i dagens barnevern.

– Ein må reise rettssaker der foreldre har gjort alvorlege overgrep, men ein burde skilje alvorleg vald som skadar borna, frå at foreldre brukar fysiske tilnærmingsmåtar for å setje grenser for borna, seier Salvesen.

Han meiner det var grunn for barnevernet å gripe inn i Naustdal-saka, men at det ville vere nok med ei åtvaring.

– Desse foreldra har god omsorgsevne og samarbeidsvilje. Med ei rettssak gjer ein berre vondt verre. Dette vitnar om kva byråkrati vi har fått i Noreg. Det byråkratiske systemet tek ikkje omsyn til kva som er fornuftig, men er veldig lydig overfor eit lovverk som ikkje alltid eignar seg i møte med det verkelege liv, seier Salvesen.

LES: Avviser at Solberg kunne gripe inn i barnevernssak

barnevern,demonstrasjoner,einar salvesen,ingrid breistein,naustdal,ragnhild torgersen,solveig horne