DEMONSTRAJONAR: Naustdal-saka
...
DEMONSTRAJONAR: Naustdal-saka har utløyst ei internasjonal protestbølgje mot norsk barnevern. 20. april var det annonsert over 60 demonstrasjonar i 20 land. Biletet er frå demonstrasjonen i Oslo. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix
Avviser at Solberg kunne gripe inn i barnevernssak
Del
Barne- og likestillingsdepartementet aksepterer ikkje påstandar i internasjonalt juristopprop om religiøs diskriminering i barnevernssak. Initiativtakar slaktar svaret.

Over 100 juristar frå USA, Romania og fleire andre land signerte oppropet som vart sendt til statsminister Erna Solberg i mai. Dei bad henne gripe inn i barnevernssaka i Naustdal som har fått stor internasjonal merksemd og utløyst massive protestar det siste halvåret.

Les også: Ber Solberg gripe inn i barnevernssak

Framhevar sjølvstende

Statsministerens kontor sende brevet frå juristane vidare til Barne- og likestillingsdepartementet som ansvarleg departemenet. I svaret frå departementet, som vart sendt sist veke, vert det påpeika at saka no er løyst.

Ekspedisjonssjef Kjetil Moen og seniorrådgivar Eli Ferradi de Carli, som har signert brevet, nyttar likevel høvet til å kommentere nokre av påstandane frå juristane.

«Verken statsministeren eller nokon annan politikar kan gripe inn i ei barnevernssak» , skriv departementet, som reknar med at dei internasjonale juristane «fullt ut vil verdsetje» slikt sjølvstende.

Leiinga i departementet understrekar at barnevernssaker er underlagde teieplikt, men at lova sikrar fri rettshjelp, rettferdig handsaming og nødvendig rettleiing for foreldre.

«Med tanke på spørsmålet om tru, vil vi understreke at Noreg er eit svært liberalt land, og styresmaktene ville aldri diskriminere nokon basert på tru. Tvert imot gir styresmaktene økonomisk støtte til eit breitt spekter av trussamfunn, inkludert kristne, muslimske, hinduistiske og buddhistiske grupperingar» , heiter det i brevet.

Det vert også vist til ei pressemelding frå leiarrådet i Pinserørsla i Noreg frå januar i år. Der skreiv leiar Sigmund Kristoffersen og pressetalsmann Andreas Hegertrun at dei meiner norske styresmakter, inkludert barnevernet, handsamar religiøse fellesskap på ein rettferdig og god måte.

Samstundes understreka pinseleiarane at «vi finner ingen holdbar teologisk begrunnelse for å bruke fysisk vold som straff når barn gjør noe galt».

Nå: Heile Naustdal-familien er saman igjen  

Forsvarer standard

Departementsleiinga påpeikar at alle born ideelt sett skulle vekse opp hos foreldra sine, men at det nokre gonger er nødvendig å plassere eit barn utanfor heimen på grunn av «vanskjøtsel, mishandling, vald eller misbruk».

I svarbrevet vert det understreka at «norsk lov seier veldig klart at det er nulltoleranse for fysisk avstraffing», men at det alltid er siste utveg å fjerne born frå foreldra utan samtykke.

Ei av innvendingane til juristane som signerte brevet, var at Nastudal-borna vart plasserte i fosterheimar som ikkje var kristne. Departementet forsikrar at dei tek alvorleg det barnevernlova seier om at styresmaktene skal tilstrebe kontinuitet i barnets religiøse, kulturelle og språklege bakgrunn ved omplassering.

«Men dessverre er det ikkje alltid mogeleg å finne fosterheimar med same bakgrunn som barnet».

Departementsleiinga skriv at dei er overraksa over at nokon skulle konkludere med at «Noregs svært høge standard for rettsstaten brått ikkje skulle gjelde for barnevernssaker». Dei viser til at FNs barnekonvensjon og Den europeiske menneskerettskonvensjonen er inkorporert i norsk lov og at omsynet til barnets beste er grunnlovsfesta.

Barna som var borte har kommet hjem  

Ikkje overtydd

Svaret frå Barne- og likestillingsdepartementet overtyder ikkje den rumensk-amerikanske juristen Peter Costea, som har gått i bresjen for juristbrevet. Han synest det er symptomatisk at ordet «familie» ikkje er med i namnet til departementet.

«Sjølv om eg set pris på responsen, må eg med respekt kalle det kva det faktisk er - tåkeprat. Det er er ein agendadriven, uansvarleg tirade som forsvarer dei mest ulovlege barnevernstenestene eg nokon gong har kjent til», skriv han på Facebook-sida si.

«Dessverre er ikkje Noreg eit land med fridom», skriv han.

Les også:

barne- og likestillingsdepartementet,barnevern,erna solberg,naustdal-saken,peter costea,naustdal,kjetil moen,eli ferradi de carli,sigmund kristoffersen,andreas hegertun