Utsikt: Ved vindauget i stova har Lillian laga seg ein god sjeselong med mange puter. Her tek ho med seg blokka og pennen til dikt, 
eller ho kan kvile blikket på fjorden. Foto: Astrid Dalehaug Norheim

Lillian set 
ord på livets 
fargespel

Etter fleire år med alvorleg sjukdom er Lillian Ueland oppteken av å gripe dagane og setje livsmot i andre.

Lillian (46) står på kjøkenet heime i skogkanten over Høylandsbygd på Halsnøy. I starten av veka har ho nokre gode dagar etter førre cellegiftkur. Dei nyttar ho til å invitere på ein prat om det prosjektet som har vorte så viktig for henne i denne perioden: Ei ny diktbok om gleder og sorger i kvardagen. Ærleg og jordnær vil ho vere.

Vil gripe dagane

Onsdag skal ho igjen nordover til Haukeland Universitetssjukehus. Då får ho vite om dei siste cellegiftkurane har hatt effekt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sidan ho fekk diagnosen kreft i bukspyttkjertelen for snart fem år sidan, har ho vorte velkjent med operasjonar, cellegiftkurar, sjukehusbesøk og blytunge dagar heime. Men også ei forsterka evne til å leggje merke til dei små tinga ho tidlegare ikkje var så merksam på. Vipene som kjem om våren. Bekken som vekslar mellom stille vatn og klukkane sprang.

Her i Sunnhordland har Vårherre vore raus med naturen. Frå huset kan Lillian og ektemannen Knut Arne sjå fjorden som ligg gråblå etter mange regnversdagar og markene som er grøne i november. Inne er bordet i stova dekka med levande lys og ein engel som strekkjer seg opp mot ein vase med roser. På hylla står barnebilete av dei to sønene som no har blitt 20 og 24 år og har flytta ut.

Heng opp påminningar

For to år sidan gav ho ut den første diktboka «Mot nye horisonter» på Sambåndet forlag der faren Tarald Ueland var forlagssjef.

Dei nye horisontane skulle også innehalde sjukdom. Spreiing. Dagar på sjukehus. Turar til Sverige som reduserte talet på svulstar og gav henne nokre gode månader og nytt håp.

Men i august i år mørkna det att. Kreften hadde breidd seg på nytt.

Over vifta på komfyren på kjøkenet heng det eit kvitt ark. Det er skriven med svart tusj: «Tro på helbredelse». Gjennom sjukdomsperioden hadde ho hengt opp nye påminningar til seg sjølv på kjøleskåpdøra om kva ho skulle konsentrere seg om. Om å glede seg over det som er godt.

Trengde ny start

Men då ho kom heim frå sjukehuset i august, reiv ho ned alle lappane på kjøleskåpet.

– Eg trengte ein ny start.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men éin let ho hengje: Tro på helbredelse. Ho vil la han hengje for å formidle håp også til dei to sønene og til ektemannen.

Lapp i taket

Så hengde ho opp nye. I taket på soverommet hengde ho ein ho skulle sjå då ho vakna om morgonen: «Denne dagen skal bli god uansett».

Huset osar av optimisme og varme ord. Overalt kvar ein snur seg, vert ein møtt av små skilt om venskap, glede og omsorg. Telysa brenn varmt på bordet. Tre bukettar med roser fyller vasar.

Lillian strekkjer hals og ser etter katten på verandaen. Så smiler ho lurt.

– Han har fanga ei mus. Så då har han litt å halde på med, smiler ho og dreg den solide lenestolen nærare bordet. Stolen vert ståande delvis på teppet og vippar litt.

Ho småler.

– Det lever eg godt med. Eg har alltid ynskt meg ein gyngestol.

Ho har eit lyst sinn. Leitar etter ekte gleder, gode samtalar og opplevingar som betyr noko.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sorg over jobben

På veg til Høylandsbygd passerer ein ungdomsskulen på venstre side. Her var Lillian spesialpedagog og koordinator i årevis. Håp om helbreding eller ikkje, i sommar konstaterte ho uansett for seg sjølv at ho ikkje kom tilbake til jobb fordi cellegifta hadde tært så hardt på kroppen. Det var ein sorgprosess.

– Det er tøft å setje ord på det. Å innsjå at ein ikkje kjem tilbake i jobb er ei tapsoppleving det er sett lite ord på i det offentlege rom. Men det er eit tap å ikkje ha dei kjente rammene for dagen, å ikkje kome med nistepakka di til ein stad der nokon forventar noko av deg.

Ny draum

Ho fekk ein ny draum: Å kunne bety noko for andre. Gjerne halde kurs for å motivere sjuke og deprimerte ved å bruke si eiga erfaring.

Med nedturen i august forsvann også realismen i å kunne bruke seg sjølv på den måten.

– Eg fann ut at eg kunne ikkje sitje her og sjå på utsikten med tekoppen i handa og parykken på snei. Eg måtte leve! seier Lillian med ettertrykk.

Diktbok

Det var då ho bestemte seg for å ho kunne gje ut nok ei diktbok. Forma varierer, men dikta kan ho skrive når forma tillet det.

Ho hadde allereie mange dikt som var skrivne dei to siste åra. Dei hadde kome til i solveggen ved huset, om natta når ho ikkje fekk sove og ved kjøkenbordet med utsikt over fjorden og verftet. Heilt opp til deadline for diktboka fortsette ho å skrive.

– Kva vil du formidle?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho svarar med å telje på fingrane medan ho ramsar opp kva ho ikkje blir.

– Ikkje blir eg gamal. Ikkje blir eg pensjonist. Eg har ei tidsavgrensing. Den tida eg har vil eg bruke til å setje positive spor i andre menneske. Og leve det gode liv saman med menneske som betyr mykje i livet mitt.

Som å setje blomsterløk

Ho samanliknar det med å setje ned løkar i jorda om hausten. Ingen har garanti for kor mange av løkane som spirer og blir blomster til våren.

– Det gjeld også menneske. Eg har ikkje rett til å seie at eg skal setje spor. Men eg kan seie at eg ynskjer å setje spor. At andre kvardagsmenneske kan vakne opp og få meir ut av eigne liv. Det er nesten som eit kall. Eg ynskjer at Jesus kan bruke meg på denne måten.

Suppe på primus

– Kva ynskjer du å inspirere til?

– Høgare livskvalitet i kvardagen.

– Kva er det?

– Eg har møtt menneske i det siste. Sola har skine ute. Då har eg sagt: Ikkje gå inn på kjøkkenet. Gå ut i hagen. Spidd pølser eller lag suppe på primus slik at de skaper minner for borna. Ta den turen i skogen med borna i dag. Du treng ikkje vente til søndag mellom klokka to og tre. Gjer det heller på ein kvardag. Ver meir til stades og opne meir opp for gledene.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For henne sjølv har bålkos i skumringstimen med mann og søner vore noko av det flottaste ho kunne tenkje seg utandørs. Ikkje treng ho å gå langt, heller. Det er bålkosen og ikkje lengda på turen som tel.

– Ville du levd annleis viss du kunne levd livet ditt om att?

– Ja. Eg hadde reist meir. For to år sidan var eg i Syden for første gong. Eg hadde ikkje oppdaga det før. For eit eldorado!

Ho ville også brukt meir tid saman med folk som byggjer henne opp. Dei siste åra har ho fundert over korleis nokre menneske ein møter trekkjer ein ned med klaging og syting utan vilje eller evne til å sjå lyspunkt i kvardagen.

Lad opp på gode dagar

– Viss du hadde møtt ei kvinne og mor på 40 år som nettopp hadde fått kreft, kva ville du sagt til henne?

Lillian blir heilt alvorleg og stille. Lener seg tilbake i den mjuke stolen og konsentrerer seg.

– Bruk tid til å finne glede i kvardagen. Dei tinga du veit har gledd deg før blir gull verd å ta vare på. Det handlar om å finne styrke. Lad opp ved å gjere kjekke ting når ein er i stand til det. Då kan du betre takle dei vonde dagane når dei kjem.

Ho ville rådd kvinna til å vere positiv til medisinsk behandling og våge å stole på lækjarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er ein veldig viktig mestringsknagg å bestemme seg for at «dette skal eg takle best mogeleg». Ta ein dag om gongen og lev her og no. Det gjer det lettare å kome gjennom dagane. Snakk om det som er vondt, enten det er med familie, vener eller helsepersonell. Ikkje ber på alle spørsmåla, frustrasjonen og utryggleiken åleine. Ein må våge å opne opp. Det gjer det lettare for deg og dei rundt deg å snakke om det, sjølv om det er vonde tema, seier ho.

Håp

«Livets fargespill» er tittelen på diktboka som går i trykken i desse dagar på farens eige forlag Ueland historiske forlag. Her er både lyse og mørke fargar i eit liv som har svinga frå optimisme til fortviling dei siste to åra. Medan ho har gått på cellegiftkur, har ektemannen og faren jobba intenst med det praktiske arbeidet rundt boka.

For eit par år sidan omtalte ho håpet som «luftig, kraftfullt og sterkt».

– Kva seier du om håp no?

– Det personlege forholdet mitt til håp er vesentleg endra. Det har vore ein arbeidsprosess. Før hadde eg eit håp om å bli frisk. Etter august har eg omarbeidd håpet. Håpet om å bli frisk er lite. Nyleg vart eg salva og bedt for igjen. Eg har sagt til Gud at viss han har tenkt å gjere meg frisk, får han skunde seg. For no hastar det.

– Håpet om å bli frisk er delvis erstatta av håp om gode dagar. Mange gode dagar. Og kvalitet på dei gode dagane slik at ho kan samle styrke til dei vonde dagane.

Det gode liv

Ho rettar seg opp.

– Eg lever det gode liv. Ja, eg gjer det. Enno kjenner eg at eg er på plussida. Det er behandlinga eg får som gjer meg sjuk, ikkje sjukdomen.

No ser ho fram til å stå med den nye diktboka i hendene om ei vekes tid.

I både dei krevjande og dei gode dagane har Lillian ein himmel over livet.

– Gud har ein plan med liva våre. Han har lova å vere med både i gode og vonde dagar, seier ho.

På dårlege dagar har ho støtta seg til bibelversa «Som dine dagar er, skal din styrke vera» og «Han gjev den trøytte kraft, og den som ikkje har krefter, gjev han stor styrke».

– Eg kjenner meg rik som menneske og evnar å leve det gode livet mitt i ein turbulent kvarda med skiftande dagsform. Eg har aldri kjent meg så sterk som no, seier ho.

---

Denne saka vart først publisert i Dagen onsdag 5. november.

Den dagen var Ueland på Haukeland Universitetssjukehus for å få svar på om dei siste cellegiftkurane hadde virka.

Svaret var gledeleg: Kurane hadde hatt effekt, og ho får no nye kurar før jul.

Rett før helga fekk ho si eiga diktbok «Livets fargespill» i hende.

– Då kjente eg at gledestårene kom, seier Ueland.

No er boka ferdig og har kome i sal.

Ho håper at ho får nokre gode dagar slik at ho kan sjølv møte lesarar og signere bøker.

- Det blir ein stor dag den dagen eg kan sitje der og vere til stades for andre. Det opnar dører når nokon våger å setje ord på ting. Ein kan få ein opnare dialog om livet.

Takkar

Samstundes ynskjer ho å rette ein takk for forbøn.

– Eg veit at det er mange som har bedt for meg og mine. Eg ynskjer å takke alle som har stått med oss i bøn.

Boka er trykt opp i 1000 eksemplar og er illustrert med naturbilete av den prisvinnande naturfotografen Atle Helland.

Jeg står

Jeg vil

Ikke lenger leve på vent

Og se at den friske «meg» 
blir glemt

Mellom kamper

Som krever

Vil jeg kjenne at jeg lever.

Jeg vil

Stå opp for andre

Ekte og hel

Og være meg selv

Fra morgen til kveld

Kom ta min hånd

Så går vi sammen

Og livsrammen fyller vi

Godt over randen!

Lillian Ueland