NORD–KOREA: Enkelte seere spur
...
NORD–KOREA: Enkelte seere spurte om det var det nordkoreanske flagget de kunne se på NRK1 17. mai. Foto: Skjermdump Facebook
NRK nektar for fjerning av kross
Del
Symbolet NRK 1 brukte under sendinga si på grunnlovsdagen, vekte reaksjonar. NRK: – Ikke flagg, men grafisk element.

I kommentarfeltet til ei sak på dagen.no om at NRK kan nekte programleiarar å bere religiøse symbol , var det fleire som kom med kritiske kommentarar.

«I dag på selveste nasjonaldagen, presterer NRK TV å fjerne korset i flagget vårt, ved å bare ha et glatt banner oppe i venstre hjørnet av skjermen», skreiv éin lesar.

«Ikkje heilt bra at NRK bruker det nordkoreanske flagget», skreiv ein annan.

Aldri flagg

I sosiale media var det fleire som merka seg det same.

«Hvorfor bruker NRK flagget til Nord-Korea under 17. mai-sendingen? #respektløst», lydde ein tweet.

« Vittig at NRK gjennomgående bruker Nord-Koreas flagg i 17.maisendingen. Skøyere.», heitte det i ein annan.

Sidsel Linden i kommunikasjonsavdelinga til NRK avviser imidlertid at det er snakk om eit forsøk på å skjule eller endre det norske flagget, eller å ta bort krossen.

– Overhovudet ikkje. Det var ikkje eit flagg, men eit grafisk element der vi har brukt dei norske fargane, seier Linden til Dagen.

Ho påpeikar at elementet vart brukt som bakgrunn for namna på stadene der NRK 1 sende frå på 17. mai.

– Som ein slik bakgrunn ville vi aldri brukt eit flagg, og det har vi heller aldri gjort tidlegare på 17. mai–sendingane. Men reporterane våre har flagg eller norske sløyfer, og vi viste frå flaggheisinga på Skaugum, så vi viser absolutt flagget på 17. mai, seier Linden.

Ho opplyser at det grafiske elementet vart utvikla til grunnlovsjubileet i fjor, basert på Stortingets handbok for denne markeringa. Fargepaletten er inspirert av Stortingets eigen logo til jubileet.

– Den vart brukt i fjor til NRKs sendingar i samband med 200–årsmarkeringa, opplyser Linden.

Fridomsfargar

Vaktsjefen for NRKs 17. mai–sending, Arild Andersen, kosta på seg ein liten latter då Dagbladet fortalte han om Twitter–brukarar som spurde om Nord–Korea hadde teke over sendinga.

– Når du seier det, ser eg at han liknar litt på det nordkoreanske flagget. Han liknar veldig faktisk, sa Andersen til avisa.

Fargekombinasjonen i det norske flagget var det stortingsmann Fredrik Meltzer som hadde ideen til, basert på flagga til Frankrike, USA, Storbritannia og Nederland.

– Meltzer meinte dette var fridomens fargar, seier Jan Oskar Engene til TV2 . Han er førsteamanuensis i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og har forska på flagg.

Engene påpeikar at når flaggmønsteret ikkje er brukt, kan dei norske fargane lett minne om andre flagg som har dei same fargane.

64 land

Noreg er eitt av 64 land i verda som har eit religiøst symbol i flagget sitt, ifølgje ein oversikt frå Pew Research Center. Totalt er det 196 land med i denne oversikten. Det betyr at rundt ein tredel prydar flagga sine med religiøse symbol. Blant desse har 31 land, det vil seie 48 prosent, eit kristent symbol. 21 land, eller 33 prosent, har islamske symbol.

Buddhistiske og hinduistiske religiøse symbol er å finne på fem nasjonalflagg. I tre av tilfella kan symbola representere begge religionane. Israel er det einaste landet med jødiske symbol. Det er davidsstjerna og på kvit bakgrunn med blå striper, som representerer eit tradisjonelt jødisk bønesjal.

Les også:

NRK kan nekte programledere å bære religiøse symboler

Skal forske på NRK-anker Sællmanns korsnekt

En takkens dag  

Mer debatt: Her er de siste 100 publiserte meningsinnleggene i Dagen

17. mai,flagg,kors,nrk,religiøse symboler