AVGJERANDE: For erkebiskop Justin Welby er det svært viktig å få eit vedtak som opnar for kvinneleg bispeteneste i Church of England.

Spent framfor avgjerd om kvinnelege biskopar

For tredje gong skal Church of England i dag røyste over om kvinner kan bli ordinerte til bispeteneste. Politikarar følgjer avrøystinga med skarpt blikk.

Med svært knapp margin sa generalsynoden i Churh of England nei til å opne det øvste kyrkjelege tilsynsembetet for kvinner for eitt og eit halvt år sidan. Ei endring krev to tredels fleirtal i alle dei tre avdelingane av generalsynoden – biskopane, valde geistlege og valde lekfolk. I dei to første avdelingane gjekk forslaget gjennom, men det mangla seks røyster blant lekfolket.

For den då ferske erkebiskopen av Canterbury, Justin Welby, var dette eit stort nederlag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ein vond dag, sa Welby då resultatet var eit faktum.

Politisk press

I dag kjem saka opp på nytt, etter eit grundig arbeid med å lage eit forslag som fleire kan slutte seg til.

Paul Bickley i den kristne tankesmia Theos forklarer at Church of England vert pressa politisk i spørsmål som har med kjønn å gjere.

– Det er høg grad av offentlege forventningar, og særleg i Underhuset. Det erkebiskopane og biskopane vil unngå, er at Parlamentet presser lover igjennom. Det vil også vere sterkt ironisk dersom det sekulære samfunnet blandar seg i interne kyrkjeforhold, sjølv om det er ei statskyrkje, seier Bickley ifølgje Kristeligt Dagblad.

Meir positive

Den anglikanske avisa Church Times melder at dei få avgjerande delegatane som stoppa forslaget i november 2012, no har skifta side. Ei handfull personar røysta nemleg imot avgjerda sjølv om dei eigentleg var for. Grunnen er at dei var urolege for at forslaget som vart lagt fram den gongen, ikkje sikra godt nok rom i kyrkja for dei som vil fasthalde den kyrkjelege avvisinga av kvinneleg preste– og bispeteneste.

No stadfestar fem delegatar overfor at dei planlegg å røyste ja fordi dei meiner det nye forslaget er langt betre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg er ganske trygg på at det vil gå gjennom, seier Mary Judkin til avisa.

Framleis motstand

Sjølv om dei som har det tradisjonelle synet meiner forslaget er langt betre, vil mange røyste imot av prinsipp. Andre tenkjer meir pragmatisk.

– Eg trur ikkje vi vil få noko betre på bordet igjen. Vi ville vere dumme om vi ikkje helsa dette velkome, seier David Houlding i den anglokatolske grupperinga.

I den lågkyrkjelege evangelikale grupperinga Reform er det også framleis motstand.

– Reform meiner dette er eit feilgrep for kyrkja, seier styreleiar Rod Thomas. Men han rosar forsøket som er gjort på å finne ein veg vidare.

Raslar med sablane

Finn kyrkja ikkje vegen sjølv, har erkebiskopen planar om å presse gjennom endring på andre måtar, ifølgje The Guardian. Eit alternativ skal vere å oppløyse generalsynoden. Ved nyval kan ein få eit nytt fleirtal til det neste møtet i november. Eit anna alternativ skal vere at dei 26 biskopane i Overhuset i Parlamentet introduserer ny lovgiving utan godkjenning frå generalsynoden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette dramatiske grepet skal verte vurdert for å hindre mogelege forsøk frå parlamentet på å fråta kyrkja unntaket for likestillingslovgivinga i Storbritannia. Somme politikarar har truga med dette, ifølgje avisa.

Langvarig debatt

Meiningsmålingar og avrøystingar i bispedøma viser at eit overveldande fleirtal i Church of England støttar ei ordning med kvinnelege biskopar. Dersom generalsynoden vedtek endringa, vil parlamentet venteleg straks godkjenne dette. Då kan den første kvinnelege biskopen verte innsett i før jul. Tautrekkinga om denne saka har pågått i over 20 år, sidan Church of England opna for kvinneleg presteteneste.

Bispestrid

Først i 1992 vedtok generalsynoden i Church of England at kvinner kunne gjere presteteneste

Dei første 32 kvinnene vart ordinerte i mars 1994

Striden om kvinneleg bispeteneste har halde fram

Motstanden kjem frå både evangelikalt og og anglokatolsk hald

Striden om kvinneleg bispeteneste har halde fram

Les også
«Den katolske kirke har ikke en eneste kvinnelig prest. Gud, skje lov for det.»
Les også
Usikker på om «Det myndige lekfolk» har bevart sin myndighetBedehussang