SYMBOLFIGURAR: Venene Ernie og
...
SYMBOLFIGURAR: Venene Ernie og Bert, som på norsk heiter Erling og Bernt, er blitt symbolfigurar for deler av homorørsla. Dei skulle pryde den omstridde kaka i Nord–Irland.
 Foto: Byline stor
Kristen bakar i trøbbel
 på grunn av homokake
Del
Grunnen er at dei nekta å bake ei kake med barne–tv–figurane som på norsk heiter Bernt og Erling, og slagordet «Støtt homofilt ekteskap».

Eit bakeri med kristne eigarar i Nord–Irland kan verte rettsforfølgd av styresmaktene, melder The Daily Telegraph.

Eigarane av Ashers Baking Co. i Newtownabbey kansellerte ordren fordi det bodskapen strir med den religiøse overtydinga deira. Dei meiner det å produsere kaka, med slagordet og logoen til homogruppa QueerSpace ville innebere å støtte kampen for kjønnsnøytral ekteskapslov i Nord–Irland. Resten av Storbritannia har allereie fått slik lovgiving.

Likestillingskommisjonen i Nord–Irland har imidlertid sendt brev til firmaet og hevda at dei bryt lova. Dette ombodet stadfestar at dei agerer på vegner av kunde og har skrive til bakeriet på hans vegner.

Kaka var bestilt til eit arrangement mot «homofobi og transfobi», melder BBC.

Betalte tilbake

Familieverksemda Ashers Baking Co., som vert eigd av familien McArthur, vart grunnlagd i 1992 og har i dag seks utsal og 62 tilsette. Den 24 år gamle daglege leiaren, Daniel McArthur, påpeikar at ekteskapet framleis er definert som ein union mellom éin mann og éi kvinne i Nord–Irland og at firmaet har teke eit standpunkt.

– Leiarane og eg såg på dette, vurderte det og fann ut at denne ordren var i strid med trua vår. Det var heilt klart i strid med det Bibelen lærer, og den følgjande måndagen ringde vi til kunden og sa at vi ikkje kunne ta denne ordren, seier McArthur i eit videoklipp som er lagt ut på Youtube.

Han legg til at firmaet tilbaud full refusjon til kunden, noko som vart henta ut kort etterpå.

– Vi trudde dette var slutten på det heile, men rundt seks veker seinare fekk vi eit brev frå Likestillingskommisjonen, seier han.

I brevet vart det opplyst at ein ville gå til rettslege skritt mot firmaet dersom dei ikkje responderte i løpet av sju dagar.

Stor overrasking

Utviklinga har overraska McArthur. Dersom dei ikkje markerer haldninga si i dette spørsmålet, er han uroleg for kva dei kan verte stilt overfor i framtida.

– Tidlegare har vi avvist fleire ordrar som ville ha innehalde pornografiske bilete eller støytande, stygt språk, seier McArthur.

Han meiner spørsmålet er om kristne kan ha rett til å praktisere prinsippa sine dersom dei driv ei kommersiell verksemd.

Ingen aksept

Ein representant for arrangøren som hadde bestilt kaka, meiner derimot at dette er uhaldbar argumentasjon.

– Verksemder skulle ikkje få plukke ut og velje kven dei vil stå til teneste for, seier Andrew Muir til BBC. Dermed støttar han fullt ut at styresmaktene tek grep i denne saka.

Han meiner det ville tilsvare at ein kunne nekte å bake ei kake som viste eit slagord mot rasisme eller mot diskriminering av eldre.

Fryktar presedens

Bakeriet har teke kontakt med organisasjonen The Christian Institute som mellom anna støttar kristne som meiner dei er blitt diskriminerte på grunn av trua si.

– Dette er eit teikn på at ting blir akkurat slik vi sa, seier Colin Hart. Han leiar instituttet og stod også i spissen for Coalition 4 Marriage, som kjempa mot ny ekteskapslov i Storbritannia fram til denne vart vedteken i fjor.

Hart meiner styresmaktene ikkje lytta til innvendingar for korleis ein kunne verne samvitet til dei som har eit tradisjonelt syn på ekteskapet, særleg dei som var tilsette i offentleg sektor. No er han uroleg for at presset gjer seg gjeldande også i privat sektor.

– Det etablerer ein farleg presedens for statens makt over individet, eller ei verksemd, til å tvinge dei til å gå imot si djupe overtyding, seier han ifølgje The Daily Telegraph.

nord-irland,homofili