SEIER KANSKJE JA: Hovudstyreformann Lars Gaute Jøssang går inn for at NLM skal danne trudomssamfunn.

– Som motorsykkel med sidevogn

Hovudstyreformann Lars Gaute Jøssang ser eit trudomssamfunn som ei «sidevogn» på Misjonssambandet dersom eit vedtak om å opprette dette blir fatta neste år.

LES OGSÅ: Fra gjøkunge til sidevogn

Innstillinga til rådsmøtet i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) om at NLM bør opprette eit trudomssamfunn er einstemmig. Med det stiller Jøssang seg bak framlegget som skal handsamast i Oslo 10.-12. oktober.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kraftig kritikk

I 2009 la han tyngda si bak eit forslag om å utsetje eit slikt vedtak under generalforsamlinga i Bergen. Tre år seinare fekk hovudstyret kraftig kritikk av protokollkomiteen for ikkje å ha lagt fram ei utgreiing om saka for generalforsamlinga på Lillehammer: «...hovedstyrets behandling av denne saken ikke er i tråd med generalforsamlingens vedtak».

Fram mot generalforsamlinga i Randaberg neste år er likevel handsaminga komen langt, og styreformannen går no inn for det han tidlegare har bremsa.

Minimumsløysing

– Har du endra meining og kva er eventuelt årsaka til det?

– Det har vore litt unyansert det som har kome fram i media om dette. Hovudstyret legg no fram for rådsmøtet eit forslag om ei minimumsløysing, seier Jøssang som legg vekt på at NLM opprettar eit trudomssamfunn og ikkje blir eit trudomssamfunn.

– Trudomssamfunnet lyt ha minst mogleg kyrkjepreg, og NLM skal framleis vera ein lågkyrkjeleg misjonsorganisasjon. Det ligg i premissa. Vi har laga utgreiingar, hatt møte og høyringar i regionane og vore opptekne av ein god prosess, så folk kunne få høve til å tenkje og uttale seg, seier Jøssang Heilt sidan 2009 har han meint det var viktig å ta seg tid og å tenke seg om.

Les også: Sliter med rekruttering av nye misjonærer

– Det kravet er no innfridd, seier han. Derfor stiller han seg også bak innstillinga og sig mot eit ja.

– På generalforsamlinga i Bergen tilrådde eg utsetting i eit så stort og viktig spørsmål. Vi hadde behov for å tenkje igjennom kva det ville innebere om vi med vår tradisjon og bakgrunn skulle bli ei frikyrkje, seier Jøssang og skjuler ikkje at han der og då var særs usikker på kva konsekvensar eit vedtak om trudomssamfunn ville få.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eit slikt vedtak ville vore eit stort brot med vår lekmannsideologi og tradisjon, seier han.

Som ein motorsykkel

Jøssang tek det ikkje for gitt at rådsmøtet vil slutte seg til innstillinga frå hovudstyret, men skjer det, brukar han eit motorisert bilete på det som blir resultatet.

– Får vi tilslutning på rådsmøtet og i generalforsamlinga, blir NLM som ein motorsykkel med sidevogn. Misjonsorganisasjonen blir motorsykkelen, trudomssamfunnet sidevogna, seier formannen.

Han ser på trudomssamfunnet som eit tilbod til dei av misjonsvenene som av ulike grunnar ynskjer ei slik formell ramme.

– Likevel vil desse to, misjonsorganisasjonen og trudomssamfunnet henge saman, seier han.

Ei maksimumsløysing ville ha betydd at NLM blei omdanna til ei kyrkje fullt ut, i alle tydingar av ordet, men med eit misjonerande preg. Han trur det finst røyster som ynskjer dette, men trur dei er få.

– Vil du sjølv melde deg inn i NLMs trudomssamfunn hvis det blir oppretta etter generalforsamlinga til sumaren?

– Pr. i dag tenkjer eg ikkje det. Dette blir eit tilbod til dei som identifiserer seg med vår organisasjon, men ser det vanskeleg å vere med i Den norske kyrkja. Sjølv om det røyner på, er eg ikkje mellom dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Fra gjøkunge til sidevognRådsmøte i NLM
Les også
55 år og prest for første gangfakta Ingvar Fløysvik
Les også
Sliter med rekruttering av nye misjonærer