... men no seier Trude Brosvik ja til å stille
Del
Då Astrid Aarhus Byrknes trekte seg frå sentralstyret, ombestemte Trude Brosvik seg og vil stille til val i sentralstyret.

- Det er for å sikre breid­da med tanke på dis­trik­ta og land­bruk, seier Trude Bro­svik .

Frå 1999 til 2011 var ho ord­fø­rar i Gulen i Sogn og Fjor­da­ne, der ho mel­lom anna måtte hand­te­re Vest Tank-uluk­ka i Slø­våg som gjor­de inn­byg­gja­rar i heim­kom­mu­nen sjuke.

Ville ikkje ut­ford­re

Før hadde ho sagt nei til spørs­mål om å stil­le som kan­di­dat til sen­tral­sty­ret i KrF, mel­lom anna fordi ho ikke ville ut­ford­re ord­fø­rar Astrid Aar­hus Byrk­nes i nabo­kom­mu­nen Lind­ås på andre sida av fyl­kes­gren­sa.

Då det vart kjent at Byrknes trek­te seg som kan­di­dat til sen­tral­sty­ret for å gje plass til KrF-ve­te­ra­nen og den pro­fi­ler­te sam­funns­de­bat­tan­ten Karl Johan Hal­la­rå­ker , om­be­stem­te Bro­svik seg og sa seg vil­leg til at Sogn og Fjor­da­ne KrF kan lan­se­re henne som kan­di­dat til sen­tral­sty­ret.

Laur­dag føre­mid­dag er det valg på lei­in­ga og nytt sen­tral­sty­re.

Følg KrF-landsmøtet direkte på nett-TV her på Dagen.no