Klikk for å endre tekst
Klikk for å endre tekst
- KrF-avtrykk på viktige saker
Del
- Dette var maksimal utnytting av KrFs politiske potensial samstundes som vi held partiet samla, seier sentralstyremedlem Karl Johan Hallaråker i KrF.

Dagen etter at han var med å god­kjen­ne den his­to­ris­ke sam­ar­beids­av­ta­len med Høgre, Frams­tegs­par­ti­et og Venst­re, er han svært godt nøgd med re­sul­ta­ta KrF kom fram til.

- KrF har fått sett fot­spor på vel­dig vik­ti­ge om­rå­de. Vi har fått ty­de­leg fram at det er po­li­tikk og ikkje utan­for­lig­gjan­de omsyn som har ført til kon­klu­sjo­nen, seier Hal­la­rå­ker.

Hal­la­rå­ker trek­kjer fram fa­mi­lie­po­li­tikk, men­neske­verd, re­strik­tiv al­ko­hol­po­li­tikk, kris­ten­dom­mens sta­tus i sku­len, eldre­om­sorg og miljø som KrFs si­grar.

- Dei sa­ke­ne vi gjekk til val på har vi fått gjen­nom­slag for. Sam­ti­dig veit vi at det er bud­sjett­mes­si­ge ram­mer. Eg trur det var klo­kast at vi kom­bi­ner­te gjen­nom­slag med å vere i Stor­tin­get.

Hand på rat­tet

KrF har hatt indre usem­je om det er rett å gå i re­gje­ring med Frp. Lands­sty­ret ved­tok i fjor at eit slikt re­gje­rings­sam­ar­beid var «lite sann­syn­leg» og ei rek­kje parti­ve­te­ra­nar åt­va­ra etter valet mot eit Frp-sam­ar­beid.

På fyl­kes- og kom­mune­plan har der­imot KrF sam­ar­beidd godt med Frp. Par­ti­et har også flei­re som har vore svært po­si­ti­ve til Frp-sam­ar­beid.

Hal­la­rå­ker sa på føre­hand at det var vært vik­tig å gje ei god grunn­gje­ving for KrFs val, uan­sett om dei valde å gå i re­gje­ring eller ikkje.

- Kva re­ak­sjo­nar har du fått?

- Både i går og i dag har re­spon­sen vore vel­dig po­si­tiv. Folk er im­po­ner­te over hand­ver­ket som er gjort. Nokon kunne ten­kje seg å gå inn i re­gje­ring. Når vi har fått gjen­nom­slag for så mykje, kunne vi like godt hatt handa på rat­tet. Eg har sans for den ar­gu­men­ta­sjo­nen, men vi må også ta omsyn til dei øko­no­mis­ke ram­me­ne og at par­ti­et skal stå samla. For vi veit at ein del er skep­tis­ke til Frp-sam­ar­beid.

Hal­la­rå­ker seier at par­ti­et har fått mak­si­mal po­li­tisk ut­byt­te av eit val­re­sul­tat på 5,6 pro­sent og min­ner om at dei har son­dert med Høgre som er fem gon­ger så store og Frp som er tre gon­ger så store.

Bil­le­ge?

- Har KrF i all ho­vud­sak fått si­grar som ikkje kos­tar noko i kro­ner og øre?

- Det er klart at flei­re ting kos­tar noko, seier Hal­la­rå­ker og trek­kjer fram eldre­po­li­tikk.

- Vi har også fått gjen­nom­slag for for­ut­sig­bar land­bruks­po­li­tikk. Det er klart det vil koste, men det blir hand­tert på an­svar­leg måte. I bud­sjett­run­da­ne kvart år er det lagt opp til gode pro­se­dy­rar.

- Kan bli ut­ford­ran­de

Tys­dag etter­mid­dag star­tar Høgre og Frp re­gje­rings­for­hand­lin­gar.

- Kan ein ri­si­ke­re at KrF må stå til an­svar for po­li­tikk som er vans­ke­leg å svel­gje når dei to har for­hand­la fer­dig?

- Det er lagt opp til gode pro­se­dy­rar for sam­ta­lar, og det er opp til oss sjøl­ve at vi gjer eit godt hand­verk i Stor­tin­get. Vi har dyk­ti­ge re­pre­sen­tan­tar der. Vi kan ikkje møte alt med dog­ma­tikk og fer­di­ge løy­sin­gar. Det er klart det vil bli ut­ford­ran­de mange gon­ger, men eg trur vi har vist at vi har dyk­ti­ge for­hand­la­rar.

DAGEN