Smykkar seg med bibel i nanoversjon

Nanoteknologien har revolusjonert vitskap, medisin og industri gjennom fleire tiår. No kan du bruke nyvinningane til å markere trua di.

Den israelske entreprenøren Ami Bentov kom på ideen om å masseprodusere silikonbrikker som inneheld heile Bibelen og selje dei som religiøse smykke. Dei finst mellom anna som jakkemerke, krossar og davidsstjerner.

Målet til selskapet er å lage ei rimeleg og lett tilgjengeleg bibelutgåve ein kan ha på seg, om ho enn ikkje akkurat er særleg praktisk å lese.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På grunnteksten

Bentov, som er grunnleggjar av The Jerusalem Nano Bible, gjekk i kompaniskap med selskapet TowerJazz for å skape nanoversjonen av Det gamle og Det nye testemente.

Førebels finst han berre på grunnspråka hebrasik og gresk, men ein engelskspråkleg versjon er under utvikling.

Mikroskopisk

Selskapet omformar ei tekstfil av bibeltekstane til eit bilete, eller fotografi. Dette vert projisert inn på ei fem gongar fem millimeter stor flate dekka med eit vernande lag av silikon.

Kvar bokstav er 600 nanometer brei. Det betyr at han er smalare enn eit hårstrå, som vanlegvis er rundt 100.000 nanometer breitt. Den mikroskopiske storleiken gjer at teksten i nanobibelen berre er leseleg ved hjelp av eit elektronmikroskop. Det sender ut ein stråle elektronar som forstørrar eit objekt tusen gonger.

Betre framtid

Tidlegare har Bentov vore videojournalist. Han har dekt krigar og terroråtak. Siktemålet hans med «The Jerusalem Nano Bible» er å medverke til positiv forandring i verda.

– Lenge har eg kjent eit behov for å skape noko som kan medverke til kamp mot vondskapen og det stygge eg har sett rundt meg på alle kantar. Eg ønskte å etterlate noko godt for borna mine og nye generasjonar som skal kome, seier han.

Nærare kvarandre

Då Bentov såg korleis nanoteknologi vart brukt i medieverda, var det noko som fall på plass.

– Eg innsåg at eg kunne bruke den same teknologien som vart nytta i mobiltelefonar og datamaskinar, dei same innretningane som skil folk frå kvarandre no for tida, til å skape noko som vil føre menneske nærare kvarandre. Nærare til trua deira, til seg sjølve og til kvarandre, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bentov vaks opp i ein tradisjonell, men ikkje ortodoks, jødisk familie. Han hugsar med glede då han som gut følgde faren til synagogen for å syngje og be med han.

God bibellesing

I dag prøver han å lære borna sine å vere glade i og lære frå Bibelen.

– Å lese Bibelen har gjort meg til ein betre person, seier han.

Marknadsføringa av nanobibelen er retta mot jødiske og kristne truande.

– Smykka våre er selde i tusenvis over heile verda, seier Hadas Tzur, som er dagleg leiar i The Jerusalem Nano Bible.

Ho legg til at nanobibelen også er utstilt i fleire museum og i private samlingar.

Entusiastisk kristen

Ein heilt enkel nanobibel i ein boks kostar 25 amerikanske dollar, eit jakkemerke 40 dollar. Halssmykke, mellom anna i form av krossar eller davidssjerner, kostar frå 90 til 150 dollar,

Gullsmedar og andre kan også kjøpe lisens til å bruke bibelbrikken i sine eigne kreasjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Marlena Ariel Geren, ei kristen kvinne frå Pennsylvania i USA som har kjøpt fleire nanobibelprodukt, kallar dei storarta gåver.

– Det er det heilage, mektige og dyrebare Guds ord. Å kunne gå med denne kostelege skatten med deg, på deg, same kvar du er, er rett og slett fantastisk, seier ho.