Ventar tusenvis av skituristar innom mobilt sportskapell

Oppslag i rikspressa kan tyda på at ­kyrkja ikkje ser potensialet i ski­turismen. – For noko sprøyt, seier Theobald W. Glad.

Den gladkristne soknepresten i Krykkebakksundet er gladare enn på lenge og gler seg som ein brudgom til høgtida som ligg framføre oss.

– Dette blir påska då me kjem til å oppleva ei kyrkjesøkning som knapt nokon kyrkjelyd har opplevd sidan reformasjonen, seier han og dreg oss med inn på kontoret.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Diverre sit me i Krykkjebakkposten på opplysningar som tyder på at gleda kan bli kortvarig.

Punkterer myter

I ei krå bak prestekjolen har Theobald W. Glad ståande eit knippe tynne lekter i tre. På kvar ende av lektene er det skrudd fast krokar som gjer det mogleg å festa lektene i kvarandre med eit enkelt håndgrep.

– Dette er den nye mobile folkekyrkja i Krykkjebakkdalen, forklarar soknepresten.

– Er det ikkje genialt? legg han til.

Me hjelper soknepresten med å festa lektene på biltaket, og saman set me kursen mot det nye skitrekket i Krykkjebakkdalen. Ein time seinare har soknepresten montert det han kallar «eit folkekyrkjeleg sportskapell som punkterer alle myter om tomme kyrkjer i påska.»

– Vil ikkje folk koma til kyrkja i påska, får kyrkja koma til folket, jodlar han på innpust og set dei to lengste lektene fast i snøen ved innkjøringa til skitrekket.

– Strategisk plassering er viktig når ein skal vera folkekyrkje, seier soknepresten før han hektar saman resten av byggverket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Enkelt og effektivt

Etter eit par minuttar står kapellet ferdig – knapt synleg, men «desto meir folkekyrkjeleg effektivt», som soknepresten uttrykkjer det. Dei tynne trestokkane er plassert nedst i bakken og på ein stad der alle alpinistane er nøydde til å køyra innom.

– På ein god dag kan me vel koma oppi eit par tusen kyrkjebesøk. Greit å slå i bordet med i kommunestyret til hausten, smiler ein optimistisk sokneprest.

– Følg med no, seier han og peikar på ein kvinneleg skiturist som kjem setjande ned bakken i stor fart. Dama gjer ein elegant sving der bakken flatar ut og susar gjennom sokneprestens sportskapell før ho er klar for ein ny tur i trekket.

– Ser du? Snakk om open folkekyrkje! jublar presten.

– Kaller du det for eit kyrkjebesøk når ein tilfeldig forbipasserande alpinist susar mellom nokre trestokkar som du har passert ved skitrekket?

– Det må sjølvsagt kombinerast med kyrkjelege handlingar og kyrkjeleg stemning, seier soknepresten og tek fram ein bærbar kassettspelar. Snart tonar den friske ­goslelåten «Go, tell it in on the mountain» ut i vårlufta mellom fjella i Krykkjebakkdalen.

– Dette må vel vera påskegudsteneste god nok, meiner soknepresten, som innrømmer at to problem må løysast før «landets best besøkte sportskapell» er ein realitet­: Biskopen må vigsla lektene, og nokon må telja alle dei mange kyrkjegjengarane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tek si tid

Biskop Kvartvard Jordhaug seier til Krykkjebakkposten at han i utgangspunktet er positiv til prestar som tenkjer nytt.

– Me har ikkje for mange av dei, seier biskopen, som likevel stiller seg avventande til krykkjebakkpresten sitt siste påfunn. Han lovar imidlertid å ta ideen med seg inn i Bispemøtet og Kyrkjerådet.

– Inkludert utvalsarbeid og høyringsrundar treng det ikkje ta meir enn fem-seks år før me landar på eit standpunkt i denne saka, seier biskopen på telefonen frå Hong Kong, der han er på kurs i religionsdialog, djupmeditasjon og kamp mot oljeboring.