Julebrev 2017

Kjære innbyggjarar i Krykkjebakksundet.

Lat meg først retta ei takk til Krykkjebakkposten, som gjev meg spalteplass til dette julebrevet. Eg veit at forgjengaren min, Bergliot Gaukhei, prøvde å få inn eit julebrev i fjor, men det vart av naturlege grunnar refusert. Eit julebrev frå ein ordførar må som kjend ha eit visst perspektiv over seg.

Sjølv om det er jul, og freden skal senka seg, er det vel rett å seia at me dei to siste åra hatt ein ordførar med eit noko begrensa politisk repertoar. Bergliot gjekk som kjend inn i politikken for å bli kvitt brødkuttaren på handelslaget. Det seier vel sitt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Same kvelden som eg blei vald, kom eg med ein kort programtale om sakene vi bør prioritera i året som kjem. For det første: Kampen for å gjenreisa mopeden sin heilt sentrale plass i den lokale kulturtradisjonen.

Dei siste åra er det blitt færre som køyrer moped. Dette er noko eg merkar meir enn dei fleste, sidan eg driv den einaste autoriserte mopedverkstaden i kommunen – Septiktankvegen Mopedservice AS.

Så seint som for ti år sidan var mopedkunnskap valfag på Krykkjebakksundet ungdomsskule. I dag er mopedfaget vekke og sikkert erstatta med noko feminint dilldall, trolldeig eller batikk. Eg vil difor nytta høvet til å gje litt folkeopplysning om mopeden – og mest om mopedmotoren. Utan den er det jo ingen moped.

Mange trur at ein moped er ein moped, men så enkelt er det ikkje. Vi har scootermopedar med små hjul (med sentrifugalclutch og reimdrift), crossmoped med god demping, SMmoped med små asfalthjul, racingmoped med manuelt gir og kjededrift, custommode med oppreist sitjestilling, manuelt gir, kjededrift og klassisk utforming og til slutt: ATV-moped med fire hjul. Denne har også revers! Spanande kunnskap, ikkje sant?

Litt om kompresjonstakt: Stemplelet bevegar seg oppover, og brennstoff- og luftblandinga blir komprimert og antent av ein ­elektrisk gnist like før øvre brennpunkt. I veivhuset oppstår eit ­undertrykk, og blanding av brennstoff og luft strøymer ut frå forgassaren!

Når stempelet har passert ND, er begge ventilane lukka, og stempelet bevegar seg oppover. For firetaktsmotorar oppstår 3. takten når den komprimerte blandinga eksploderer og ekspanderer. Då er kjemisk energi transformert til mekanisk energi. Du heng med, ikkje sant? På 4. takten går stempelet opp, eksosventilen blir opna, og restgassane blir pressa ut av sylinderen. Etter dette byrjar motoren på 1. takt igjen.

Eg skal stogga der. Men eg trur alle vil forstå at mykje av den særeigne kulturen går tapt når ungdomen ikkje lærer seg forskjell på kva som skjer i 2. og 4. takt i ein firetaktsmotor.

Så litt om den andre kampsaka mi som ordførar, nemleg kampen mot elbilane. Slike doningar er for det første eit framandelement i vår lokale transportkultur. Eg vil utfordra dykk alle til å tenkja gjennom kva krefter det er som står bak ei utvikling som har ført til at Krykkjebakksundet Elbilforening er blitt ei av dei største frivillige foreningane i kommunen. Mange stader ligg det elektriske ledningar på tvers av ­vegen. Er det slik me vil ha det?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Også denne utviklinga heng nok saman med vankunne. Eg vil difor arbeida for at elbil-trugsmålet blir eit obligatorisk fag i ungdomsskulen, subsidiært eit valfag. Faget bør primært befatta seg med batterikunnskap, ein kunnskap som vil skremma vatnet av sjølv den mest innbarka miljøvernfantast.

Blyakkumulatoren, som blir brukt i elbilane, er altså ei oppsamling av bly. Bly er – kort fortalt – eit giftig metall. Ein treng ikkje vera rakettforskar for å skjøna at gift er fårleg. Gift er stoff som gjennom sin kjemiske natur endrar livsvilkåra for cellene slik at dei heilt eller delvis sluttar å fungera.

Gift er brukt ved attentat, mord og og avrettingar. Det er ikkje noko å leika seg med, slik elbilromantikarane gjer. Dette synet vil nok endra seg når kunnskapen kjem ut til nye generasjonar.

Som dykkar fremste folkevalde­ trur eg på ei lys framtid for Krykkje­bakksundet. Eg ber om støtte i kampen for gode avgjerder og ønskjer dykk alle – med nokre unntak – ei fredfull jul.

Dykkar Leif O. Nielsen, Fungerande ordførar

PS! Mopedverkstaden er 
open ­julaftan til kl. 14 og 
i heile romjula. DS.