Israel-boikott med konsekvensar

Krykkjebakksundet kvardagslyrikk- og blokkfløytelag har fått ny leiing og nye statuttar.

For tre veker sidan vart den venstreorienterte laurdagslyrikaren Breifrid Bringa (66) vald til ny leiar i laget av kvardagslyrikarar og blokkfløytespelarar. Sidan har det funne stad ein revolusjon i den tradisjonsrike foreninga.

– Tida med meningslaus småpludring om ålefiske og kjærleiksliv er over, kunngjer Bringa, som på eiga hand har endra både namn og statuttar på laget.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det nye namnet er Krykkjebakksundet Palestinavenlege Tekstilkunstnarlag (KPT). Namneskiftet varslar ei kraftig kursendring og nye satsingsområde. På kort sikt er lagsleiaren mest oppteken av full boikott av Israel.

– På kva måte kan tekstilkunstnarar i Krykkjebakksundet påverka utviklinga i Midtausten?

– For eit spørrsmål. Eg håpar du har nokre betre, parerer lagsleiaren.

Fornuft

Me kom diverre ikkje på fleire spørsmål og vende oss difor til nestleiaren i laget, herrefrisør og tidlegare husmorvikar Gloria Priscilla Skuggebergdal (40). Det kom som ei overrasking på mange at ho fekk eit slikt verv, ettersom ho er meir kjend for tyggistygging enn for kulturell verksemd.

– Midtausten?

– Ja, landa der nede. Israel og palestinarane og slikt.

– Å ja, der nede, ja. Nei, det er jo ikkje så lett. Men det må vel gå an å snakka dei til fornuft.

– Skal Krykkjebakksundet Palestinavenlege Tekstilkunstnarlag snakka partane i Midtausten til fornuft?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ja, kva elles? Ufornuft?

Israel-boikott

Etter dette tok me kontakt med styremedlem Frida Finckeldrejer (35). Ho var litt meir snakkesalig enn Bringa og litt meir kunnig enn Skuggebergdal. Kapellanen og performancekunstnaren er tidlegare leiar i den lokale Palestinakomitéen, men fråsa seg vervet då ho for eit år sidan fekk i seg ein dråpe saft frå ei Jaffa-appelsin under eit kommunstyremøte heime hjå ordføraren.

I nytt verv og ny forening har ho fått gløden tilbake.

– Eg gler meg som ein unge til å boikotta Israel igjen, seier ho.

– Er du restaurert som palestinaven etter fadesen med Jaffa-appelsina for eit år sidan?

– Eg kjenner det slik. Det tok si tid. Det var akkurat som appelsinsafta gjekk i blodet på meg. Like før jul i fjor kjende eg til og med eit snev av sympati for jødane. Men heldigvis gjekk det over.

– Kva skjer no?

– No blir det full boikott over heile linja. For sikkerhets skuld boikottar me alle appelsiner.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Alle appelsiner?

– Ja, det er ikkje alltid så godt å sjå skilnaden på Jaffa-appelsiner og etisk høgverdige appelsiner.

– Andre ting de boikottar?

– Veggfester for TV-apparat er eit anna satsingsområde.

– Veggfester for TV-apparat?

– Ja, dei som er laga i Israel, altså.

– Er dette ei stor forsaking for laget?

– Ja, det har ført til at me ikkje har fått montert opp den nye tv-skjermen i lagshuset.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Skal de ha tv-skjerm i lags­huset?

– Ja, me må jo følgja med på Al Jazeera. Og Breifrid vil gjerne sjå på den nord-koranske Dagsrevyen.