Illustrasjonsfoto: Fotolia

Lærerikt om Hans Nielsen Hauge

Samstundes som boka står godt på eigne bein, vert ho med det som eit supplement til andre framstillingar av Hauge, haugianarane og haugianismen

Anmeldt bok:

Knut Dørum og Helje Kringlebotn Sødal (red.)

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hans Nielsen Hauge

Fra samfunnsfiende til ikon

Cappelen Damm Akademisk, 2018

Hft. 248 sider

--------

I innleiingskapitlet i denne boka vert det spurt om kvifor det trengst ei ny bok om Hans Nielsen Hauge og haugianismen, når det er skrive så mykje om dette frå før. Det er eit godt spørsmål, men boka viser at det enda er meir å få fram i lyset.

Dette er ei tverrfagleg framstilling, der fleire fagfolk deltek for å få fram stoff om «de mange og ulike rollene Hauge og haugianerne spilte politisk, økonomisk, kulturelt og sosialt i samfunnet på 1800-tallet, og i det norsk-amerikanske samfunnet i Midtvesten».

Grundige artiklar

Boka er sett saman av ni grundige artiklar om dei tema som er nemnde. Eg synest alt dette er interessant og lærerikt. Det gjev delvis ny kunnskap, som også nyanserer og justerer tidlegare framstillingar på nokre område. Det er lagt vekt på å få fram perspektiv som er lite framme i andre samanhengar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Samstundes som boka står godt på eigne bein, vert ho med det som eit supplement til andre framstillingar av Hauge, haugianarane og haugianismen.

Hauge som forfattar

Det er vanskeleg å framheva ein eller to artiklar framfor andre, men eg synest nok Helje Kringlebotn Sødal sin gjennomgang av Hauge som forfattar, fortener å verta løfta fram. Det er ofte vist til at Hauge skreiv mykje og at bøkene hans vart selde i store opplag, men korleis han var som forfattar og kva innhaldet i forfattarskapen er, er lite framme. Her får vi ei god innføring i dette, med vekt på første boka han skreiv.

Arne Bugge Amundsen skriv om Hauge som «kirkehistorisk aktør og betrakter», Knut Dørum om haugianarane i norsk politikk på 1800-talet, Bjørg Seland om det organisatoriske i haugerørsla, Inger Furseth om kvinne i haugerørsla og Helje Kringlebotn Sødal om minne om Hauge i norsk kultur. Øyvind T. Gulliksen skriv om haugerørsla i Midtvesten. Det er ei interessant historie, men så er det også bokstavleg tala historie no.

Hauge-seminar

I seinare år har det vore ein del fokus på Hauge som inspirator for økonomi, næringsliv og leiing. Det tek Pål Repstad opp på ein lærerik måte. Her har eg likevel ein merknad. Repstad siterer fiskebåtreiar Inge Halstensen frå eit intervju knytt til eit Hauge-seminar i Fosnavåg på Sunnmøre, og skriv at det er han som har teke initiativ til dette seminaret.

Halstensen er austevolling, men det er nok herøyværingen og den allsidige næringslivsmannen Per Sævik som er mannen bak Hauge-seminaret i Fosnavåg. Det er nesten godt gjort at Sævik sitt namn ikkje er nemnt i denne artikkelen, fordi det knapt finst nokon meir haugiansk næringslivsmann i vår tid enn han.

Lærdom og inspirasjon

Det siste er berre ei lita ripe i ei svært interessant og god framstilling av viktige sider ved Hauge og haugianismen. Dette er ikkje berre ei bok for historisk interessert folk, men ei bok til lærdom og inspirasjon for alle som er samfunnsengasjerte.

Les også
Ei annleis og utfordrande noregshistorie
Les også
Kristen høyskole vurderer navnebytte
Les også
Derfor trenger Norge kristne høgskoler i 2018
Les også
Hans Nielsen Hauge og kvinnene
Les også
Historisk sus da kristen lærerutdanning åpnet