Juleroser med kvasse torner

Sanneleg er det noko å stikka seg på i dette flotte juleheftet. Kvifor, gode Samlaget, gode redaktør Kråkevik, gode ansvarlege redaktør Tveten, skal de ha med ein artikkel som er så proppa med bannskap?

Anmeldt bok:

Juleroser

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Herborg Kråkevi (red)

Det Norske Samlaget 2017

hf: 80 sider.

------

Sanneleg er det noko å stikka seg på i dette flotte juleheftet. Konkret tenkjer eg på Synnøve Macody Lund sitt stykke; Siste mann ståande. Kvifor, gode Samlaget, gode redaktør Kråkevik, gode ansvarlege redaktør Tveten, skal de ha med ein artikkel som er så proppa med bannskap?

Eg er ingen pripp, det er ikkje det. Og alt skal ikkje vera kos og idyll verken til jul eller elles. Det er ikkje det eg er ute etter heller. Nei, dette er like ille same kva tid på året det måtte vera. Me vil ikkje at borna våre skal høyra og lesa slikt frå oss vaksne. Det er flaut; ei vanæring av språket og den gode forteljinga.

Elles stussar eg på eit anna forhold; nemleg at ikkje få av artiklane er på bokmål; endåtil ein på dansk. Den siste er grei. Men Samlaget treng vel ikkje å endra språkleg profil avdi det no er julehøgtid, eller andre høgtider for den del?