Forsvarer trua via tastaturet

Misvisande påstandar om kristen tru i lærebøker på skulen motiverte Mathias Sørbø (18) til å blogge om kvifor han trur på Gud.

Med panoramautsikt over majestetiske sunnmørsfjell sit gymnasiasten med pc-en i fanget i kjellarstova. Her i heimen står bokleg lærdom høgt i kurs. Begge foreldra er professorar vedHøgskulen i Volda, nokre svingar lenger nede i bakkane i bygdebyen. Langs veggane står sprengfulle bokhyller. Innhaldet spenner over eit stort spekter av sjangrar.

– Eg må lese meg opp før eg skriv om eit emne, understrekar Mathias Sørbø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tydeleg kristen

Tidlegare i vinter tok han i eit blogginnlegg oppgjer med korleis læreboka i norsk framstilte kva rolle kyrkja og kristendommen hadde i mellomaldersamfunnet.

Bloggen til Mathias kan du sjekke ut her

Ytringa vart også publisert på religioner.no og nådde dermed ein større lesarskare. Nyleg hadde 18-åringen også eit stort innlegg på trykk i Vårt Land.

– Eg synest ikkje at eg fekk snakka så tydeleg som eg ønskte med folk om at eg er kristen. Så fann eg ut at eg kunne skrive om det, og det viste seg at det var litt interesse for det eg var oppteken av, seier Sørbø.

– Det er gjerne spørsmål om Gud og korleis kristen tru gir meining, forklarer han.

Lite kunnskap

Kunnskapsnivået om kristendom spesielt og religion generelt synest han er ganske lågt i dagens samfunn.

– Også mellom dei som er interesserte, er det eit fåtal som har sett seg inn i desse spørsmåla. På skulen lærer ein relativt lite om kristen tru. Det folk veit, er berre det aller mest grunnleggjande, seier han.

Dermed opplever han også at det oppstår ein heil del misforståingar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Mange har heilt andre tankar om trua enn det eg har. Nokre tenkjer at det berre dreiar seg om reglar, at det er noko eg går rundt og stressar med. Andre tenkjer at det berre er tradisjonar, seier han.

Sanninga først

Gjennom skrivinga si ønskjer Sørbø å rette merksemda ein annan veg.

– For meg er det viktigaste Jesus og kva han har sagt og gjort.

Bloggaren understrekar at det ikkje berre dreiar seg om kjensler.

– Kjensler er jo viktige, men eg trur også at kristendommen er sann. Og han er sann uavhengig av kva vi føler. Den kristne trua er ikkje berre god, men også fornuftig, seier han.

Gode argument

Norske kristne bloggarar som Daniel Joachim Kleiven ogBjørn Are Davidsen har inspirert Mathias Sørbø. Det har også den britiske litteraturprofessoren og forfattaren C. S. Lewis (1898-1963).

– Eit godt kristent trusforsvar må ikkje berre vere ovetydande for dei som allereie trur. Ein må setje seg litt inn i mellom anna filosofi for å finne ut kva som er gode argument for trua og kva som er lett å avvise for motstandarar, seier Sørbø.

– Kva meiner du er er dei beste argumenta for at kristentrua er sann?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det aller viktigaste er dei historiske prova på Jesus som historisk person og argumenta for at han stod opp frå dei døde. Når det finst så gode argument for dette, er det vanskeleg å finne andre argument for det enn kristendommen presenterer, seier han.

Bibelsk grunn

Som apologet er Mathias Sørbø oppteken av å ha god kjennskap til Bibelen og lese han aktivt.

– Det er eit poeng å bruke argument som er i tråd med den Gud som Bibelen framstiller. Om du argumenterer for noko heilt anna, er det ikkje så mykje vits i det, seier han.

Teologisk litteratur av forskjellig slag har han også begynt å snuse på, men han understrekar at han berre er i startfasen.

Slappar av

På Volda vidaregåande skule går han andreåret på musikklinja. For det meste spelar han klassisk piano, men han er også med i eit jazzband. Dessutan er han engasjert i det kristne skulelaget.

– Korleis rekk du å lese deg opp på apologetikk og blogge i tillegg til alt dette?

– Eg må gjere det når eg har tid, så eg kan ikkje halde på med det støtt. Men for meg er det å skrive ganske avslappande. Derfor klarer eg å få tid til det.

– Har du nytte av blogginga også som skuleelev?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg må jo gjere ein del research, finne gode kjelder og skrive argumenterande. Eg trur det kan ha nytteverdi for ting eg skal skrive seinare. Eg får også øvd med på å setje ord på tankar på ein måte som eg elles ikkje ville gjort.

Ikkje nervøs

– Er du nervøs for å hamne i debattar der du ikkje veit kva du skal svare?

– Nei, førebels er eg ikkje det. Eg må vere klar for at det kan skje ein gong, men eg kan sikkert ha godt av det også.

– Ser du nokre spørsmål som er særleg framtredande innanfor trusforsvar i dag?

– Etikk er noko folk er særleg opptekne av for tida. Mange er veldig interesserte i korleis Gud kan gi bestemte lover og om desse lovene er gode. Dessutan er det vanleg å ha ei relativistisk haldning. Det er utfordrande å bryte med denne. Folk kan seie at det er fint at du er kristen, men det er «din ting». Det er noko anna å seie at det er sant for alle, seier han.

Saknar undervisning

Blant kristne skulle han gjerne sett at endå fleire sette seg føre å lære meir om trusforsvar slik at dei kunne svare på innvendingar.

– Eg trur nok interessa har vakse litt mellom kristne, men dei fleste kyrkjelydar underviser ikkje om det.

– Er det spesielle tema du vil vere oppteken med framover?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg har tenkt å fokusere litt på gudsbevis, på at det er mest rasjonelt å tru på Gud. For mange er nok dette i beste fall eit 50/50-spørsmål, seier han.

Open haldning

Dei siste 10-15 åra har den såkalle nyateismen gjort seg sterkt gjeldande, med den britiske professoren Richard Dawkins som den fremste talsmannen. Retninga er blitt omtala som meir aggressivt anti-religiøs enn ateismen har vore tidlegare.

Mathias Sørbø kjenner sjølv nokre som er sterkt imot religion, men opplever ikkje at dette er den gjengse haldninga. Over påske skal skulelaget i Volda arrangere skepsisveke, der dei kvar dag har arrangement om apologetiske tema. Under den tilsvarande veka i fjor opplevde han at mange var meir nysgjerrige og opne enn han hadde forventa.

– Dei fleste eg kjenner, har ei langt meir tolerant haldning. Dei forstår at for at det finst ulike trusretningar, der ikkje alle er ekstremistar. Likevel trur eg mange tenkjer at dersom kristne følgde Bibelen slik valdelege islamistar følgjer Koranen, ville resultatet vorte det same, seier han.

Vanskeleg val

Forholdet mellom islam og kristen tru har han så langt ikkje lese noko særleg om, men også dette er interessert i å lære meir om.

– Har du gjort deg tankar om kva du ønskjer å studere når den tida kjem?

– Nei, det er mange mogelegheiter. Det er litt for mange ting som er interessante, smiler han.