SAMARBEID: Eg skal ikkje løyna at Aps Harald Schjelderup har stor ære for det nye samarbeidet i Bergen. Men ser vi på byrådsplattforma har KrF sine forhandlarar gjort ein strålande jobb, skriv Karl Johan Hallaråker. På biletet ser vi Erlen Anderas Horn (V), Harald Schjelderup (Ap) og Dag Inge Ulstein KrF). Foto: Marit Hommedal, NTB Scanpix

Raudgult i Bergen og Hordaland

onsdag 21. oktober 2015

Dette innlegget er en respons på "Rødgult eksperiment"

Synspunkt

Min sans overfor det verdikonservative Høgre har ikkje fulgt med over til det liberalistiske partiet vi opplever i dag.

Valet i september gav raudgult styre i Hordaland fylkeskommune og Bergen by. Eg høyrer til dei som er glad for begge resultata.

Som fleire vil hugsa - med sorg eller gleda - gav eg uttrykk for denne fargeendringa i april. Eg såg at den politiske situasjonen ropa etter endring.

I fylkespolitikken såg eg at skulle vi få kraft i arbeidet med å flytta politisk makt frå sentrale styresmakter i Oslo nærare folk flest, var arbeidet med regionreform avhengig av at KrF og Ap gjekk saman.

Høgre og Frps tapping av mellomleddet til såkalla store og robuste kommunar er skjult sentralisering.

Mitt ønske er som før sagt ein stor og robust vestlandsregion. På kommunalt hald er det ikkje berre Høgre og Frp sitt rot i Bergen som har gjort meg betenkt. Den politiske profilen med kommersialisering av frivillig sektor mm er ikkje ei politisk utvikling eg ønskjer, ei heller i skulepolitikken.

Det har ikkje høyrt til kvardagen å imøtegå Dagens leiarartikkel, men leiaren sist fredag treng ein kommentar.

Lederartikkel i Dagen fredag 16. oktober: Rødgult eksperiment  

Det undrar meg at Dagen angrip Ap for maktbruk når dei fekk både byrådsleiar og ordføraren i Bergen.

Vi kjenner Høgre si historie i byen. I fleire periodar har dei hatt begge verva. KrFs dyktige ordførar Kristian Helland måtte vika plassen for Høgre sin «borgarmeister» Hermann Friele. Hans største politiske klokskap var å takka nei til attval. Seinare har Frp og Høgre hatt verva. I siste periode hadde H begge igjen.

Symbolet 
på KrF-Ap-samarbeid  

Mange gløymer heller ikkje at H i forrige fylkesting fjerna KrF sin dyktige fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg for å få inn sin eigen mann. Kort sagt: Eg skulle gjerne sett KrF sine dyktige kandidatar på topp både i fylke og byen, men vi kan leva godt med to varaordførarar i komande periode.

Eg skal ikkje løyna at Aps Harald Schjelderup har stor ære for det nye samarbeidet i Bergen. Men ser vi på byrådsplattforma har KrF sine forhandlarar - Dag Inge Ulstein, Marita Moltu og Terje Gilje - gjort ein strålande jobb.

Resultatet gjev byen ein ny framtidsretta og sosial profil. Når det gjeld ruspolitikken og den konkrete saka om såkalla sprøyterom, ser eg resultatet like mykje som siger for KrF som nederlag. Resultatet er nemleg ikkje eit frirom for brukarar, men ein plass for å møta dei tyngst belasta på ein verdig måte. Ingen skal gjevast opp for tilbod om hjelp. Det er eg viss på at KrF med vårt menneskesyn skal sørga for.

Når det gjeld stortingsvalet i 2017, vil eg ikkje seia for mykje nå. Men regjeringsprosjektet som vi har sett frå dei blå blå, har vel gjort valet for KrF både vanskelegare og lettare.

Dersom regjeringsprosjektet til Solberg framleis er søndagsopne butikkar, meir sprit, proffboksing, dårleg landbruks- og distriktspolitikk, utarming av regionleddet, kommersialisering av frivillig sektor, dårleg sosial profil i skattepoltikken og ditto flyktningepolitikk m m, blir valet kanskje lettare enn før tenkt.

Når det gjeld menneskesyn og kristent profilert verdiprofil, har heller ikkje høgresida gjort det lettare. Verdiprofilen frå Høgre i Bergen frå Monica Mæland, Smith-Sivertsen, Drevland og co har heller ikkje bidratt i positiv leid.

Eg minner om engasjementet mot innstramming av kriteria mot ufødt liv før og i Høgre sitt landsmøte. Eg har heller ikkje gløymd byrådsleiar Mæland sitt arrogante utfall mot reservasjonslegane. I klartekst: Min sans overfor det verdikonservative Høgre har ikkje fulgt med over til det liberalistiske partiet vi opplever i dag.

Igjen - eg skal ikkje forskotera 2017. Men mitt vesle råd til KrF - som eg tidlegare har sagt til Dagens journalist:

Eg håpar at KrF først og fremst utmeislar og profiler sin eigen verdiprofilerte politikk for framtida. Så får dei to sidene ta stilling til kven som helst vil følgja med. Det vil landet tena mest på. KrF har potensiale til ein heilskapleg politikk og ikkje berre som haleheng til ei side.