Helse, frelse og fellesskap

Eg trur Randy Clark gjer oss ein stor teneste ved å peika på at også i dag kan menneske oppleva at dei blir bedt friske i Jesu namn. Clark skal samtidig ha ros for at han tydeleg tar avstand frå ei mekanisk forståing her.

Sist fredag, den 15. januar 2016, arrangerte IMI-kirka saman med Misjonshøgskolen i Stavanger (VID) eit seminar om helbredelse Det blei fulgt opp med undervising og helbredelsesmøter i IMI-kirka helga gjennom.

Den amerikanske baptistpresten Randy Clark var sentral i dette. Hans hovudpoeng er at helbredelse har stor plass i Det nye testamentet, og fortsatt har ei sentral rolle å spela i kristne menigheter. Men denne dimensjonen ved kristent liv er alt for ofte fråverande, og når det ikkje er det, får det ofte for liten plass.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei som har opplevd Svein Tindberg lesa Markusevangeliet i samanheng, treng ikkje overtydast om kor sentral forteljingane om helbredelse er i Det nye testamentet.

Mi misjonserfaring stadfestar kor viktig opplevingar av Guds nærvær gjennom helbredelse og undergjerningar (les gjerne: det overnaturlege) er for at menneske skal tru evangeliet.

Derfor treng vi bli minna om kor sentralt dette er. Eg trur Randy Clark gjer oss ein stor teneste ved å peika på at også i dag kan menneske oppleva at dei blir bedt friske i Jesu namn.

Clark skal samtidig ha ros for at han tydeleg tar avstand frå ei mekanisk forståing her: Dette er eit mysterium, og ingen kan operasjonalisera Guds kraft, seier han. Like eins er han klar på at ansvaret for kva tid helbredelse skjer, aldri kan leggast på den som blir bedt for.

Eg ønsker at norske menigheter skal ta med seg desse innsiktene og det frimodet som Clark står for. Samtidig bør helbredesle også settast inn i ein større teologisk samanheng. La meg peika på noen utfordringar:

Helbredelse er eit uttrykk for eit sigrande Kristus-bilete. Det må balanserast med det like bibelske avmakts- og lidingsperspektivet. Jesus leid sjølv, og også han disiplar blir kalla til å gå inn i lidinga – også den praktiske og fysiske lidinga.

Like viktig er å kombineramirakuløse helbredelser med eit sunt skapingsteologisk perspektiv. Dersom vi trur på Gud, trur vi faktisk at det som skjer på våre sjukehjus, også er helbredelse.

Når Vest-Afrika nå er nærast ebola-fritt, er også det eit uttrykk for Guds velsigning. Gud brukar også i dag både truande og ikkje truande menneske i si livgivande og helbredande teneste.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Slik eg høyrde Clark, framsto eit godt og fungerande helsevesen nærast som eit hinder for Guds gode og lekjande nærvær i verda. Eg håpar eg høyrde han feil, for slik ser ikkje eg det. Der helse blir fremja og der liv blir styrkt, der er Guds skaparkraft til stades, og der blir Guds godleik synleg.

Også eit diakonalt perspektiv på helbredelse er viktig: Helbredelse har alltid ein eigenverdi. Det er godt for mennesket å vera friskt. Å hjelpa menneske til eit godt og heilt liv, har både teologisk og alminneleg verdi i seg sjølv. Men samtidig peikar alltidden diakonalt baserte handlinga også utover seg sjølv, mot han som skapte livet, og ønsker at mennesket skal leva i samfunn med seg. Og det er sant enten mennesket trur det eller ei.

Dessutan saknar eg ei understreking avfellesskapsdimensjonen. Det er dette som er kjernen i helbredelse: Å bli ført tilbake til fellesskap med dei levande, og i forlenginga av det, med han som er livets skapar.

Alle helbredelsesfortellingane i Det nye testamentet har dette perspektivet. Derfor kan helbredelse erfarast også av den som ikkje blir frisk. For fellesskapet kan bera! Og helbredelse kan vera både å bli frisk, og å bli forsont med det livet ein lever.

IMI-Kirka, Misjonshøgskolen og Randy Clark skal ha ros for å stja eit viktig tema på dagsorden. Det store frammøtet både på seminar og under møta viser at vi her rører ved ein sterk lengsel.

Dette temaet fortener å bli tatt på alvor, og å bli reflektert over og handla på av langt fleire.