VENER: Eg har ikkje tenkt å venda Karl Johan Hallaråker (biletet) ryggen. Samstundes må eg få minna den tidlegare ImF-generalen om, at det lett kan opplevast som at han har vendt gamle vener ryggen, med det standpunktet han har innteke – altså ikkje på det personlege, men på det saklege planet, skriv Johannes Kleppa.  Foto: Foto: Dagen arkiv

Den norske kyrkja etter bisperådet

tirsdag 19. januar 2016

Dette innlegget er en respons på "Den norske kyrkja etter bisperådet"

Synspunkt

Det er ingen grunn til å hevda at Hallaråker har skifta standpunkt når det gjeld homofilt samliv eller kjønnslikegyldig «ekteskap», men eg trur likevel at den tidlegare ImF-generalen, bør leggja merke til kven det no er som brukar han aktivt, slik som biskop Erling Pettersen.

Under denne overskrifta hadde Karl Johan Hallaråker eit synspunkt i Dagen (5/1) der han forsvarte si vurdering av Bispemøtet sitt samrøystes råd om vigsel av både samkjønna og heterofile par som klokt.

Han gjekk i tillegg i rette med dei som har kritisert han for det rådet.

Underteikna har samarbeidd i Indremisjonsforbundet med Hallaråker i mange år. Eg har for lenge sidan gjort opp med meg sjølv at eg korkje skal teia når eg er usamd med mine vener eller oppheva venskapet.

Hallaråker skriv at han skulle ønskt at «dei som nå kritiserer folkekyrkja og forlet henne, hadde meir indre kontekstuell erfaring med kyrkjeleg arbeid».

Eg høyrer nok til blant dei, men så har eg heller ikkje argumentert ut frå lokale forhold, men ut frå det som skjer i Den norske kyrkja (Dnk) på eit overordna læremessig plan.

Dessutan er det også folk som har mykje erfaring frå kyrkjeleg arbeid, som melder seg ut.

Både argumentasjonen og retorikken i Hallaråker sitt innlegg undrar meg. Det er sjølvsagt ein uting når folk går til personangrep på dei ein er usamd med. Eg synest like fullt det er eit misbruk av denne utingen når Hallaråker skriv at «det sikkert kan vera godt eigna til å svekka mine råd til misjonsfolket».

Personangrep og fordreiing av andre sin standpunkt forkvaklar alltid debatten, og er ikkje eigna til noko som helst anna.

Så langt eg har oppfatta, har det vorte avklart at uttrykket «snikinnføring av liberal teologi», var uheldig fordi det kunne mistydast, og at det ikkje er nokon parole om å halda Hallaråker borte frå talarstolen på bedehuset.

No er det samstundes slik, som Hallaråker sjølv peikar på, at ingen har krav på denne stolen. Kor ein vert beden om å tala, heng saman med kva ein står for og kor ein vel å prioritera arbeidskrafta si.

Eg skulle gjerne sett at nøden for ufrelste var større blant oss bedehusfolk, men det undrar meg likevel når Hallaråker skriv:

«Nøden for at menneske skal koma til levande tru er ikkje svakare i kyrkja enn i bedehusland.»

Korleis kan då biskopane samrøystes gå inn for velsigning av ein livsførsel som Guds ord seier fører med seg at dei som lever slik, ikkje skal erva Guds rike?

Innføring av liturgi for samkjønna «ekteskap» vil ha innebygd i seg ein surdeigseffekt som nedtonar omvendingsforkynninga og med det frelsesspørsmålet.

Det er ingen grunn til å hevda at Hallaråker har skifta standpunkt når det gjeld homofilt samliv eller kjønnslikegyldig «ekteskap», men eg trur likevel at den tidlegare ImF-generalen, bør leggja merke til kven det no er som brukar han aktivt, slik som biskop Erling Pettersen (Dagen 12/1).

Dersom Hallaråker skal unngå at hans støtte til biskopane verkar motsett av det han sjølv ønskjer, har han no ei stort utfordring i ikkje å fungera legitimerande for vranglæra eller medverka til at alvoret i saka vert nedtont.

Eg vil difor utfordra han både i høve til det biskop Erling Pettersen og det professor Harald Hegstad har skrive i Dagen, fordi det er eit premiss for det vedtaket Hallaråker har støtta, at ja til samkjønna «ekteskap» ikkje er kyrkjesplittande. Det synest eg ikkje han har teke nok på alvor.

Det er greitt at dagens biskopar seier det skal vera rom for det klassiske synet i Dnk, noko anna ville jo vore svært oppsiktsvekkande. Kor stort rom det får i praksis når Kyrkjemøtet har sagt sitt, og det har gått nokre år, er ei anna sak.

For meg er det ein underleg språkbruk å tala om «respekt» for andre syn enn det klassiske. Det er ei sjølvsagt sak at vi skal ha respekt personane, men eg vil ikkje bruka eit så positivt ord om haldninga til liberal og vranglærande teologi. Det tek eg avstand frå.

Eg sit ikkje på nokon stol der eg har ansvar for å forsvara bedehusleiarane – og ingen har bede meg om det heller, men eg likar ikkje måten Hallaraker omtalar si tid som ImF-general på opp mot dagens leiarar. Dei ser nok lengre enn sin «subjektive nase», og er opptekne med meir enn å «promotera eigne subjektive tankar». Eg trur også dei kjenner Calmeyergatelina.

Til sist: Eg har ikkje tenkt å venda Karl Johan Hallaråker ryggen. Samstundes må eg få minna den tidlegare ImF-generalen om, at det lett kan opplevast som at han har vendt gamle vener ryggen, med det standpunktet han har innteke – altså ikkje på det personlege, men på det saklege planet.

Det var lenge før Hallaråker uttalte seg, klart kva bedehusleiarane tenkte, og det var det rådet som låg i det, han vende ryggen til ved si støtte til biskopane.