ERFARING: Eg skulle nok ønskt at dei som nå kritiserer folkekyrkja og forlet henne hadde meir indre kontekstuell erfaring med kyrkjeleg arbeid, når dei uttalar seg så høgrøysta og skråsikkert om indre kyrkjelege forhold, skriv Karl Johan Hallaråker.  Foto: Illustrasjonsfoto: Anette Karlsen, NTB Scanpix

Den norske kyrkja etter bisperådet

tirsdag 5. januar 2016

Synspunkt

Det er lett å fokusera på alt det negative i folkekyrkja. Men gløym ikkje alle som dagleg utøver si trufaste 
teneste i kyrkja vår rundt om i bygd og by. Ta ikkje 
frimotet frå dei. Nøden for at menneske skal koma til levande tru er ikkje svakare i kyrkja enn i bedehusland.

Det har vore ei litt uverkeleg tid etter bispemøtet sine samla råd om ekteskapsliturgi etter kyrkjevalet. Oppstyret om mi støtte til biskopane si løysing undra meg ein del. Ulike saklege vurderingar er en ting, personangrepa har vore vanskelegare å svelja. Men det kan sikkert vera godt eigna til å svekka mine råd til misjonsfolket.

Mine kritikarar synest vera opptekne av at eg skal ha skifta teologisk syn og/eller berre opptre kyrkjepolitisk pragmatisk. Eg skal så gar stå for snikinnføring av liberal teologi i bedehusland og bør difor haldast borte frå talarstolen. Vel, ingen har krav på talarstol - aller minst i frie organisasjonar.

Eg kan berre uttrykkja håp om at organisasjonsleiarar tek inkluderande ansvar for å syna veg for bedehusland ut frå røtene og ikkje (miss)brukar ein vanskeleg situasjon til å kutta røter og berre promotera eigne subjektive tankar. Det siste passar jo godt i vår individualistiske tid.

Det faktum eg har halde fram, og som eg også har fått stadfesta frå dei (bispemøtet) som laga tilrådinga, er at det framleis skal vera plass for å praktisera klassisk teologi om ekteskapet i Den norske kyrkja. Alle biskopane har forplikta seg til å verna og forsvara medarbeidarar som står for slik teologi.

Dette finn eg positivt, og det gjev meg frimot til å stå fram med slik teologi framleis i kyrkja. Eg nøler ikkje med å gje alle biskopane honnør for at dei har teke situasjonen etter kyrkjevalet på alvor og ikkje opptrer som frontkjemparar på kvar si side. Slik eg forstår eit samla kyrkjeråd, tenkjer dei i same leid. Får håpa det nye kyrkjemøtet og det nye kyrkjerådet dei vel, følgjer same ansvarlege spor.

Ingen skal påstå at situasjonen blir problemfri framover. Det har han heller ikkje vore i lange tider. At vi må leva med respekt for at det nye fleirtalet i kyrkjemøtet fører til ny «tilleggsliturgi» for samkjønna vigsle, må vi om enn med sorg ta til vitande. Det synest for meg at ein del har større forventning til teologisk homogenitet i folkekyrkja enn eg nokon gong har hatt. Den norske kyrkja er både eit trussamfunn og ei «folkeordning» i vårt land. (Jfr leiarheftet eg skreiv like etter eg starta som gen.sekr. i ImF).

Det er jo sprikande teologi som har fått frie organisasjonar til å følgja Calmeyergateprinsippet (ikkje frivillig samarbeid med liberal teologi) i bedehusland. At frikyrkjefolk og høgkyrkjelege prestar ikkje likar Calmeyergatelina som strategi, er ikkje noko nytt. At det synest å vera utafor dagens organisasjonsleiarars tenkebanar, undrar meg meir.

Eg har respekt for at folk går ulike vegar. Som generalsekretær la eg i si tid også til rette for ImF trussamfunn, fordi folk skulle kunna følgja sitt samvit. Eg var også foran andre organisasjonsleiarar til å tilrå forsamlingsbygging og utvida sakramentsbruk i bedehusland. Dette både for å styrka klassisk luthersk teologi i bedehusmiljø og fordi eg såg at både teologisk utvikling og sosiologisk utvikling gjorde det enno vanskelegare enn før for folk å dela seg mellom kyrkje og bedehus.

Eg håpar berre at organisasjonsleiarar tek vare på tradisjonsberande element i forsamlingabygginga, og ikkje berre kjører på etter eiga subjektiv nase. (I ImF er bedehushandboka vi laga, meint å vera svaret på desse utfordringane.)

Nå har eg som soknerådsleiar gleda av å samarbeida med dyktige medarbeidarar i Den norske kyrkja i Bergen. Eg tillet meg å seia at eg har lang erfaring for å stå offentleg for klassisk teologi og samtidig møta andre i gjensidig respekt og forståing. For kristendommen si framtid i vårt folk både som folkeleg kultur og som trussamfunn, er eg enno glad for å sjå folkekyrkja som ein vesentleg arena med dei store positive utfordringane.

Det er lett å fokusera på alt det negative i folkekyrkja. Men gløym ikkje alle som dagleg utøver si trufaste teneste i kyrkja vår rundt om i bygd og by. Ta ikkje frimotet frå dei. Nøden for at menneske skal koma til levande tru er ikkje svakare i kyrkja enn i bedehusland.

Eg skulle nok ønskt at dei som nå kritiserer folkekyrkja og forlet henne hadde meir indre kontekstuell erfaring med kyrkjeleg arbeid, når dei uttalar seg så høgrøysta og skråsikkert om indre kyrkjelege forhold. Eg er glad for å kunna bidra her - om enn gamle venner snur ryggen til meg.

Dersom prisen for aksept i bedehusland skulle vera å overlata folkekyrkja til dei liberale, er valet ganske lett.