PROVoSERTE: Frp provoserte i for mykje og i for mange saker til at KrF kunne halde fram i den forpliktande avtalen, som kosta KrF dyrt, skriv Harald Myklebust. På biletet ser vi Frp-leiar Siv Jensen og KrF-leiar Knut Arild Hareide.

KrF gav Frp (og H) ein sjanse

KrF tapte valkampen også fordi ein ikkje greidde å plassere sine verdispørsmål i fokus. Partileiaren især vart «overkøyrd» av andre saker, mellom anna for å presse han i kva for regjeringskonstellasjon KrF kunne gå for.

Med Nydal-avtalen på plass for fire år sidan, strekte KrF handa ut til fire konstruktive samarbeidsår med H og Frp, framføre å sitte i Kongens råd med eit parti (Frp) som ein kjende ein svært stor politisk avstand ifrå. Her kan nemnast synet på «verjelause» flyktningar og asylsøkjarar og integreringa av desse, aktiv dødshjelp, friare alkohol- og ruspolitikk, sundagsåpne butikkar, oljepolitikken og bruken av «formuen», skattepolitkken, i sosialpolitikken der dei svakaste vart sett til sides, og distriktprofilen. Ved fleire høve i budsjettarbeidet måtte KrF kjempe inn forbetringar som slik sett gav von for KrF og kunne gå vida saman med Solberg (H) og sentrum for ei ny regjering ved dette valet.

Frp provoserte i for mykje og i for mange saker til at KrF kunne halde fram i den forpliktande avtalen, som kosta KrF dyrt (mista 1/3-del av stemmene. Det må ikkje kome som nokon overrasking for Frp at KrF følgjer opp sine ord frå fleire høve i perioden som ligg bak: «Nok er nok!»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At KrF har fått sine «sigrar» i samarbeidet, som til dømes K-en i KRLE-faget, kontantstøtten (med merkbar auke), til ulike sider i «frivillighets-Norge», auka skattefrådrag på gåver til ideelle organisasjonar og institusjonar, auka tilskota til kommune-Noreg, påplussingar i jordbruksoppgjera, og i det å halde oppe einskildsindividet sine rettar samstundes med å ta vara på (og tilgodesjå) fellesskapa i vårt pluralistiske samfunn, er saker som må takkast for.

Men i den nye rolla som KrF no har fått, kan ein i Stortinget, i sak for sak, også budsjettet, påvirke sluttresultatet, både med omsyn til regjeringa (med kanskje V med på laget), men også til andre sentrumsparti som er i opposisjon.

KrF tapte valkampen også fordi ein ikkje greidde å plassere sine verdispørsmål i fokus. Partileiaren især vart «overkøyrd» av andre saker, mellom anna for å presse han i kva for regjeringskonstellasjon KrF kunne gå for. Når «Ap-flørten» kom på banen, var det mellom anna fordi i sentral sosialpolitiske spørsmål kjentes Ap nærare KrFs politikk.

Og historisk har arbeidarrørsla og lekmannsrørsla hatt samanfallande interesse. Men med eit klart «svakt punkt»: Ap har vore for «ivrige» med å halde kristen ideolog utanfor i mange saker der menneskesyn og livssyn har hatt avgjerande betydning!

Fire nye år ligg framanfor. Kva vil framtida gi? Ein ting er sikkert: Det er ikkje i storting og regjering ein driv «kyrkjelyds»-arbeid. Det er ute i kristen-Noreg. Står kristentrua svakare i dag enn før, så er det i heim, kyrkje, bedehus, frikyrkjer og evangeliske forsamlingar ein må be om verte åndeleg fornya til vekking og liv. Det er her vi må finne saman til å ta vare på kvarandre, uansett etnistitet, individuelle legningar eller religion og kultur. Men med å våge å vere den/dei vi er!

Les også:

Les også
KrF hjalp Frp i valgkampen, mener tidligere Jensen-rådgiver
Les også
Willoch: Frp kan takke Ap for valgresultatet
Les også
Mener KrF har mistet kontakten med velgerne
Les også
Sp fryktar KrF taper bio-saker
Les også
Venstre-ledere ser mot KrF, men utelukker ikke Frp
Les også
Slik kan KrF få politisk innverknad