Ut til alle folk

Har bedehusfolket lagt misjonsbefalinga på is, spør nokon? Tankevekkjande!

«Men indremisjon?» Reporteren såg på meg med spørsmålsteikn. Og ja, eg skjøna kor han ville hen. Me har misjon i namnet, men kor engasjert er me eigentleg utanfor bedehuset? Eg var ny som dagleg leiar i indremisjonssamskipnaden, og vart intervjua av ein reporter i ei lokal avis. No, etter fire og eit halvt år, er spørsmålet like aktuelt.

Det er for mange årsmøtetid. Årsmeldingane kan vera både oppmuntrande og utfordrande lesing. Ofte måler me suksess etter aktivitet, men kva med å måla etter mål og visjon? Kjem fleire til tru på Jesus, vert nye lagt til fellesskapet? Det er viktig å samlast til storfellesskapet, men i forhold til å få nye med på vegen er det som skjer mellom møta det viktigaste. Me kan lett bli for innovervendte i forsamlinga. Me møtest, blir inspirert, går heim igjen. Me møtest, blir inspirert, går heim igjen og så vidare.

Kva draumar har me for forsamlinga og for folk i bygda/byen vår?

Korleis kan me vera Guds hender og føter, øyre, auge og munn?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg har tidlegare tenkt at hausten er moden der framme ein gong. Etter å ha lest Arne Skagen sine bøker om å vera kvardagskristen og ta Den Heilage Ande med på laget ut i kvardagen – kvar dag – opna augene mine seg. Hausten er alltid moden for ein eller annan. Kvar kristen berører kvar veke 5–8 personar som er open for evangeliet. Gud kjenner folk i nettverket ditt. Han veit kven som er eit fredens menneske – kven som er open for å høyra evangeliet. Men det er så uvant, så vanskeleg. Kor skal eg starta, kan tanken lett bli. Den Heilage Ande er med oss. Me treng ikkje krafta før me går. Guds kraft blir forløyst i augneblinken me startar å bevega oss. Det handlar om å vera i relasjon til Gud. Han vil forma oss skritt for skritt.

Ytre reformer startar med indre fornying, er det sagt. Det gjeld meg som leiar, og generelt som kristen. Eg kan ikkje ta andre lenger enn eg er komen sjølv. Det handlar om å leva eit ærleg og heilhjarta liv i kvardagen. Dette er det mest utfordrande av alt. Det handlar ikkje om å vera perfekt, men om å vera ekte. Som kristen er eg ein «indremisjonær» med livet eg lever. I «Motstrømsfolket», omdømmeboka om bedehuset og indremisjonen, vert dei kristne omtala som ­hyggelege og rause menneske, men over 70 prosent av dei spurte seier at kristne ikkje er opptatt av å fortelja om trua si. Har bedehusfolket lagt misjonsbefalinga på is, spør nokon? ­Tankevekkjande!

Til slutt tar eg med eit sitat eg er veldig glad i av R. A. Torrey: «Vil vi at Ånden skal gjøre sin gjerning i våre hjerter, må vi studere Ordet. Vil vi at han skal gjøre sin gjerning i andres hjerter, må vi gi dem Ordet.»