TEOLOGI: TF-kandiaten til Stavanger, Torstein Lalim, uttalar at det kan sjå ut som at det finst eit «glasstak» for bispekandidatar som er utdanna frå TF. TF-kandidatar når til domprostnivået – og til bispemøtets sekretariat – men til bispemøtet synest døra å vere stengt, skriv Hallgeir Elstad. På biletet ser vi dei tre bispekandidatane (frå venstre)Helge S. Gaard, Ivar Braut og Torstein Lalim.  Foto: Kyrkjerådet

Skuffande av Kyrkjerådet

tirsdag 13. desember 2016

Synspunkt

Kyrkjerådets tilsetjing av biskop i Stavanger går inn 
i eit velkjend mønster: Ein overser kandidaten frå TF.

Kyrkjerådet i Den norske kyrkja har tilsett ny biskop i Stavanger bispedømme. Det vart Ivar Braut, sokneprest i Birkeland (Bjørgvin) og medlem av Kyrkjerådet. Fleire har peika på at dette er ei overraskande utnemning. Mange meinte nok – meg sjølv inkludert – at det ville stå mellom den kandidaten med flest lokale røyster, prost i Karmøy Helge S. Gaard, og prost i Nedre Romerike Torstein Lalim.

Det nye Kyrkjerådet hadde no hatt høve til å tilsetje den første universitetsutdanna biskopen sidan Rosemarie Köhn. Men dette høvet nytta ein ikkje. I staden ser det av avisreferata ut til å ha vore ein komplisert røysteprosess, der representantar frå Åpen Folkekirke «bytta side» og enda opp med å støtte den konservative Braut. Dermed må ein konstatere at bispemøtet igjen får eit fleirtal som er i mot homofilt samliv.

Vi som arbeider ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo (TF) med å utdanne prestar til Den norske kyrkja er skuffa etter bispetilsetjinga i Stavanger. Det er fleire omsyn som skal takast i samband med tilsetjing av biskopar. Eit vesentleg poeng er fagleg kompetanse. Utdanningsbakgrunnen er heller ikkje likegyldig. Institusjonane der prestane i kyrkja er utdanna, bør òg vere spegla i bispekollegiet. I ti år no har bispemøtet vore utan biskop med utdanninga si frå TF.

Kyrkjerådets tilsetjing av biskop i Stavanger går inn i eit velkjend mønster: ein overser kandidaten frå TF. Eg hadde vona at det nye fleirtalet i Kyrkjerådet no ville kjenne si «besøkelsestid» og utnemne ein biskop utdanna frå TF att. I staden får vi vite at det har vore teke «helhetskirkelige hensyn» og at ein har valt «brobyggeren» blant kandidatane. Kvifor er det berre konservative som kan fungere som «brobyggere» i kyrkja, undrar eg.

TF har vore sentralt i å leggje dei teologiske premissa for den endringa og moderniseringa av Den norske kyrkja som har funne stad. Det gjeld i høgste grad i synet på kvinnelege prestar, der TF har vore banebrytande. Den første kvinnepresten Ingrid Bjerkås var utdanna på TF, den første kvinnelege biskopen Rosemarie Köhn likeeins. Og biskopen Kristian Schjelderup som ordinerte Bjerkås i 1961 måtte sjølvsagt vere utdanna ved universitetet.

Kollegaer ved TF har medverka til å leggje viktige teologiske premiss for det historiske kyrkjemøtevedtaket om likekjønna vigsel tidlegare år. Desse to sakene – eg kunne ha nemnt fleire – er illustrerande for det som er det underliggjande engasjementet for TF i høve til Den norske kyrkja. Fakultetet står for ein inkluderande kyrkje, ei kyrkje som er der for alle som treng ho, ei folkekyrkje i ordets eigentlege meining. Dette er den viktigaste motiveringa for at bispemøtet òg må ha medlemmar som har utdanninga si frå TF.

TF-kandiaten til Stavanger, Torstein Lalim, uttalar at det kan sjå ut som at det finst eit «glasstak» for bispekandidatar som er utdanna frå TF. TF-kandidatar når til domprostnivået – og til bispemøtets sekretariat – men til bispemøtet synest døra å vere stengt. Det er all grunn til å seie seg lei for dette, fordi Den norske kyrkja framleis treng TFs folkekyrkjelege profil.

Eg trur det er all grunn til å gjere noko med tilsetjinga av biskopane i Den norske kyrkja. Nominasjons- og tilsetjingsprosessen er unødvendig komplisert og ikkje minst utmattande for dei kandidatar som er med. Eg meiner ein bør gå for ei åremålsordning for biskopar, slik ein har i mange andre typar leiarstillingar. Dessutan må det bli mogleg å søkje på bispestillingane som andre stillingar.

Utveljingsmåten av biskopar med dagens ordning er ikkje tillitsvekkjande.

Les også:

Åpen folkekirke: Biskopvalg skaper splid