Religion og utvikling

Det er på kvaliteten av arbeidet vårt vi skal bli målt: Kvaliteten på måten vi møter menneske, kvaliteten av måten vi forvaltar ressursar på, menneskelege, natur- og økonomi; og resultata vi oppnår.

Ein takk til Jørn Lemvik og Digni: Kva rolle spelar religion i utviklingsarbeid? Jørn Lemvik, som til nyleg var generalsekretær i Digni, har spelt ei avgjerande rolle i å setja dette spørsmålet på dagsorden, både nasjonalt og internasjonalt. Den 18. februar markerte Digni hans avgang med eit seminar på Litteraturhuset i Oslo. Dette er ein kortvariant av eit innlegg eg heldt der.

Utgangspunktet for eit kristent samfunnsengasjement er at verda er Guds, jorda og alt som fyller den, høyrer Herren til. Derfor har vi eit samfunnsansvar. Til trua høyrer også eit eskatologisk håp om at ting skal bli endra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det håpet er ei drivkraft til engasjement i den verda som grunnleggande sett er Guds, men der Gudsrelasjonen er forstyrra. Nettopp fordi eg trur at ein gong skal ting bli annleis, og det skal komma utanfrå, har eg eit ansvar for å omsetja dette håpet i handling her og nå. For det andre er det også eit håp som gir innhald, perspektiv og særpreg til det verds-omformande og transformerande arbeidet som spring ut av fellesskapet av dei som trur.

Det har skjedd ei interessant endring i kristnes forståing av ansvaret for verda og skaparverket dei siste tiåra. Lenge var dette årsak til ei djup splitting og manglande tillit mellom økumeniske organisasjonar og alliansemiljø. Utan at spenningane er vekke er det nå bygd bru over dei. Det er ei felles erkjenning blant kristne om at vi har eit ansvar for verda der vi bur.

Etter direkte inspirasjon frå Jørn Lemvik plukka dåverande utviklingsminister Erik Solheim opp tematikken og sette den meir på dagsorden gjennom slagordet Gud og Utvikling. Seinast til NMS si 175-års-jubileumsbok, Sendt saman, skreiv han ein artikkel der han gjentar det som er hans hovudpoeng: utan Gud med på laget, mindre og dårlegare utvikling. Religion er ein nødvendig medspelar for å få til endring. Målet er at religionane skal ta ei progressiv og framtidsretta rolle. Og ingen samfunnsinstitusjon globalt kan konkurrera med den styrken og det trykket som lokal religiøsitet kan. Spørsmålet blir så: Kva har vi som kristne aktørar få bidra med? Har vi noko i tillegg til andre aktørar – «added value»? Gir vår identitet oss ein eigenart?

Lemviks poeng er: Vi som trusbaserte aktørar må våga å ta vår identitet på alvor! Verda som omgir oss, treng ikkje kopier av det sekulære samfunnets modellar, men modellar som tar den religiøse basisen på alvor. For folk flest lever i eit religiøst univers, og det er dei vi er sette til å tena.

Begrepet «added value» har vore eit viktig steg i prosessen vi har gått. Samtidig føreset det at det er noko som er basis, som er nøytralt. Og så legg vi som religiøse eller kristne aktørar noko oppå dette.

Marianne Skjortnes argumenterer for at ein heller brukar omgrepet eigenart. (I Sendt sammen. NMS i 175 år. Stavanger 2017, side 217–224). Det utelukkar ikkje ei erkjenning av det grunnleggande som er felles for alt arbeid for å endra verda og å skapa betre livsvilkår for menneske. Ho peiker på at trusbaserte organisasjonar sin eigenart har ei rekke ulike dimensjonar. Av dei vil eg framheva følgjande:

Haldningar: Vi har eit engasjement som går ut over allmenn altruisme og velvilje. Vi gjer ikkje medmenneske til objekt for våre prosjekt. Vidare skjønar vi at teknikk og verdiar ikkje kan skiljast. Når menneske får ei ny vass-kjelde, blir verdiar forandra. Når nye ressursar blir tilgjengeleg, blir verdsbiletet endra.

Forlenging av bodskapen: Vi erkjenner at vi bygger på ei forteljing. Vi kommuniserer også med ord for å skapa tru. Vårt utviklingsarbeid, vårt diakonale engasjement er ein del av den kristne kyrkjas totale kommunikasjon – det er eit ønske om på ein vilkårslaus måte å visa Guds godleik. Men vi blandar dei ikkje – vi gjer ikkje det eine for å oppnå det andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Håps-språk: Vi ikler det kristne håps-språket strukturerande handlingsmønster ved å endra menneskes ytre livsvilkår på individnivå og å arbeida for endra samfunnsforhold. Ein transformerer håpet om ei ny verd til eit dennesidig, strukturelt håp. Slik ber ein med seg ein bodskap om ei framtid som ligg utanfor det den sekulære verdsbildet kan romma.

Fellesskapsdimensjonen: Ingen andre har så grasrotrørsler som femner så vidt. For den kristne kyrkja er dette sentralt: alle aktørane – trass alle skilnader – møter kvarandre på same plan: vi er alle medvandrarar på Guds jord. Vi erkjenner at det er ein del av vår eigenart at både Digni-fellesskapet, og andre aktørar, som for eksempel er knyta til Acta-fellesskapet, har ein trusbasis og ein synleg kyrkjeleg basis.

Samtidig veit vi at trua ikkje gir overlegen innsikt eller kunnskap verken om utviklingsteoriar eller prosessar. Det gir oss plikt til å arbeida fagleg, og fridom til å kunna velja verkemiddel. Her spelar både etikk og effektivitet inn.

For det er på kvaliteten av arbeidet vårt vi skal bli målt: Kvaliteten på måten vi møter menneske, kvaliteten av måten vi forvaltar ressursar på, menneskelege, natur- og økonomi; og resultata vi oppnår. I dette spennet må vi halda fram med arbeidet og refleksjonen.



Dette er ein kortvariant av eit innlegg Kjetil Aano heldt den 18. februar da generalsekretær i Digni, Jørn Lemvik, sin avgang blei markert med eit seminar på Litteraturhuset i Oslo.