Me må stå opp for forfølgde kristne

Korleis hadde du opplevd det om du risikerte å bli diskriminert, forfølgt eller drepen for trua eller livssynet ditt? Truleg verkar det fjernt, men for mange er dette realiteten.

«I am not ashamed of the gospel , because it is the power of God, the salvation of everyone who belives».

Dette er den engelske versjonen av Romarane 1,16 som i fleire år har prega både plakatar og klistermerke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Under bibelverset står det: «This message is illegal in 51 countries». Det er brutalt.

I 51 land er det ikkje lov å seie at du ikkje skammar deg over den kristne trua di. I Norge kan me ha denne bodskapen på t-skjorta, klistra på veggen eller seie det høgt på gata, og det utan å frykte for noko anna enn nokre få rare blikk.

Kvart år presenterer Open Doors (Åpne Dører, red. anm.) World Watch List (WWL) som erein oversikt over dei landa kor kristne opplever mest undertrykking og forfølging.

For fjortande året på rad ligg Nord-Korea øvst på lista. Rett bak følgjer Irak, Eritrea, Afghanistan og Syria. Særleg land som har brote saman etter den arabiske våren ligg høgt oppe på lista. Regimeendringar 
og kaos har ført til at islamske ekstremistar har fått fotfeste i fleire land, og nettopp islamsk ekstremisme blir rekna som den største drivkrafta bak forfølgingane.

Tidlegare i år valte EU-parlamentet etter forslag frå den svenske kristendemokraten Lars Adaktusson å anerkjenne IS sine overgrep mot religiøse minoritetar i Syria og Irak som folkemord. Det er første gongen EU-parlamentet har valt anerkjenne eitpågåande overgrep som folkemord.

Hans Olav Syversen, stortingsrepresentant for KrF, spurte utanriksminister Børge Brende om Norge ville stille seg bak dette. Brende skreiv i svaret sitt: «Det kan ikke være tvil om at handlingene ISIL har begått er rettet mot en bestemt gruppe og har de ytre kjennetegn av forbrytelseskategorien folkemord».

Mange er altså langt på veg samde om at det pågår eit folkemord i Midtausten mot kristne og andre religiøse minoritetar. I tillegg opplever kristne i fleire andre land sterk forfølging. Likevel les me nesten aldri om det i media, og me høyrer sjeldan flammande politiske talar om temaet.

I løpet av stortingsåret 2015 til 2016 fekk Brende fem skriftlege spørsmål om forholda for religions- og livssynsminoritetar. Fire av spørsmåla kom frå KrF og eitt frå Arbeidarpartiet. Ingen av spørsmåla i den munnlege spørjetimen handla om forfølgde kristne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Korleis klarer me å lukke auga på denne måten for ei av dei største krisene som skjer i verda? Andreas C. Halse etterlyste i Aftenposten 2. november 2016 større engasjement på venstresida for forfølgde kristne, men det er ikkje berre der engasjementet må bli større.

Alle parti, frå venstre til høgre på den politiske aksen, må opne auga og byrje å engasjere seg i det som skjer i Midtausten. Når noko så fundamentalt som religionsfridommen er ikkje-eksisterande i fleire titals land på alle kontinent er det på tide å gjere noko.

Heldigvis er det ikkje vanskeleg å finne ein måtar å engasjere seg på. Denne veka var det fakkeltog både i Stavanger, Oslo, Trondheim og Bergen.

Me vil oppfordre alle politikarar, uansett politisk farge, til å stille opp for dei som ikkje har same fridommen til å tru som me har.

Se også:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.