Lekfolket og kyrkja

No kappast organisasjonane om å vere «best i klassen» om å «tappe» kyrkja for misjonsfolk ved oppretting av eige kyrkjesamfunn.

Broder Luther gav oss Ordet på vårt eige mål, og la grunnen til vedkjenningsskriftene vår evangelisk-lutherske kyrkje arbeider etter. Brorson fekk bygd seg eit bedehus til bruk for bibelundervising utanom gudstenesta.

Haugianarane let både kvinner og menn få utfalde sine nådegåver, også i forkynning og leiaransvar trass i konventikkelplakten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

 Roseniarane i Sverige fekk med seg mykje av haugianismen, ja, sågar «evangeliserte» den, noko som gav seg utslag i åndeleg vekking og liv. Dette igjen sende båreslag tilbake til oss, og la grunnen for bedehusland, med kall og syn for indre- og ytre misjon.

Misjonsorganisasjonane, lekfolket, kom på banen, «i kyrkja, men ikkje under henne» (Ludvig Hope), samstundes som ein bygde opp om «sin» rekrutteringsbase til presteteneste i kyrkja: Menighetsfakultetet.

Calmeyergata si legendariske samling med sitt oppgjer med liberal teologi, viste at kyrkja hadde ein «indre styrke», noko som på sett og vis årleg vart manifistert i dei såkalla Geilomøta til langt oppå -60 og -70-talet.

Men så vart dåps- og kristendomsundervisinga gradvis teken ute av skulen. Eit omfattande frivillig barne-, ungdoms- og leirarbeid, vart eit sterkt lyspunkt. Og ikkje minst, ei brei politisk semje gav økonomi til kyrkja sitt eige trusopplæringsprogram, som gav/gir prest og sokneråd offentlege midlar til å tilsette dåpsopplærarar til oppfylgjing av born og unge.

Kva så? Bedehusland har «skrumpa inn», ja, mange stader er det borte.

Kvifor? Det er ikkje kyrkja si skuld, som lir av den same «avskaling», trass i over 80 prosent døypte medlemar. Den sunne lære er blitt sett på prøve. Kvinnelege prestar og homofile sitt kjærleiksliv har «rysta» kyrkja dei siste 50 åra.

Kva skal eit minkande, men vakent, og medansvarleg lekfolk for åndeleg liv og vokster i folket vårt gjere? Trekke seg bort (melde seg ut) frå ei kyrkje som har vore til stor velsigning for kyrkja og folket vårt, som har vore med sitt venesamfunn på bedehuset eit korrektiv og eit bolverk om presteskapet har hatt uklar forkynning?

No kappast organisasjonane om å vere «best i klassen» om å «tappe» kyrkja for misjonsfolk ved oppretting av eige kyrkjesamfunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forsamlingsbygging, som det så fint heiter, «om seg og sitt», tømer ikkje berre restane av aktive medlemar frå bedehusland i bygdene til eigne sentrumsnære «bedehuskyrkjer». Det kan vere den nye strategien for våre organisasjonar, men ikkje ved å kutte banda til kyrkja.

Kven skal då vere korrektivet? Eit deltakande bedehusfolk i eit breidt folkeleg gudstenestefellesskap er framleis det beste, dersom ikkje vranglærande forkynning driv oss bort.

Som tidlegare forbunds­styremedlem i ImF er det godt å få med seg at leiarar som til dømes Svein Granerud i Normisjon også tek til orde for valkyrkjelydar som vil synlegggjere at vi som er lekfolk framleis vil stå opp mot avvikande lærespørsmål, og framleis stå i og gå med i ei levande evangelisk-luthersk (folke)kyrkje, fordi det er ikkje Ordet og vedkjenningsskriftene som har endra seg.

For den krafta som kyrkja har stått for i generasjonar, om Ordet og sakramenta, riter og liturgiar, song og musikk, har gitt folket vårt rike åndelege, moralske og kulturelle verdiar.

Les også: